Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til i riksavisene

 (28.04.2005)

Lesarbrev frå Noregs Mållag. 28.04.05. Noregs Mållag meiner det er på høg tid å sleppa nynorsken til i riksaviser som VG og Dagbladet. På landsmøtet 17. april starta underskriftskampanjen for å få bort nynorskforbodet desse avisene praktiserer.

Vi passerte 10.000 underskrifter på under ei veke. Responsen er overveldande, med over 1000 nye underskrifter om dagen, og det er tydeleg at vi har treft ei nerve med aksjonen vår.

Kvifor det? Det er 5-600.000 nynorskbrukarar i landet vårt, og desse har rett til å verte tekne på alvor ved at språket deira vert brukt på alle område. Det vil gje språkleg toleranse og språkleg sjølvkjensle. Dagbladet og VG har også eit ansvar for å spegla det språklege og kulturelle mangfaldet.

VG marknadsfører seg som den største lokalavisa i landet. Dagbladet hevdar å vera ei kulturavis med liberal profil. Båe profilane står i sterk kontrast til forbod mot nynorsk på redaksjonell plass.

Det er rart at VG og Dagbladet som stør obligatorisk sidemålsopplæring på leiarplass, ikkje tillet praktisering av det i eigne spalter. No er det på tide at redaktørane tek leiarartiklane sine på alvor. Å sleppe til nynorsken i spaltene vil nettopp styrkja sidemålsopplæringa for bokmålselevar.

Tida er i det heile overmoden for å sleppa til nynorsken. Også frå journalistane sjølv vert no kravet reist. Skal vi få oppleve at nok ein gamal, lite gjennomtenkt og diskriminerande tradisjon vert flytta på loftet saman med motstanden mot kvinnelege prestar og kvitlauk i maten? Vi satsar på det, og vil gjerne ha fleire underskrifter på www.nm.no/sleppnynorskentil!

Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag

***
Bilete av Steinulf Tungesvik ligg her: http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/1634/9413

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no