Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Feira 10.000 underskrifter

 (28.04.2005)

Melding. 28.04.05. Også <a href="http://www.npk.no/">Nynorsk Pressekontor</a> kan rapportere frå pressekonferanse på Det Norske Teatret.

Nynorsk Pressekontor har laga denne reportasjen:

Feira 10.000 underskrifter
Noregs Mållag har samla 10.000 underskrifter for nynorsk i VG og Dagbladet. Og underskrift nummer 10.000 tilhøyrde ingen annan enn mannen bak Sylfest Strutle, Harald Heide-Steen jr.

Søndag for halvannan veke sidan opna Noregs Mållag kampanjen «Slepp nynorsken til!» i samband med landsmøtet i Tromsø. Kampanjen har breidd om seg, og eigentleg kunne mållaget ha kosta på seg å feire nokre tusen til. For ti dagar etter kampanjestart nærmar talet på underskrifter seg 13.000. Nyvald leiar i Noregs Mållag, Steinulf Tungesvik, meiner at journalistar som ønskjer det må få nytte nynorsk.

– Riksavisene vender seg til alle, også dei 500.000 til 600.000 nynorskbrukarane her i landet. Folk som brukar dialekt har ei sentral rolle i etermedia, til og med rapmusikken har funne nynorsken. Nynorskforbodet som riksavisene praktiserer er heilt avleggs, meiner Tungesvik.

Parodi på byfolk
Harald Heide-Steen jr. gjorde seg populær med rollefiguren Sylfest Strutle på 80-talet, ein mann med ei mildt sagt underleg dialekt. Han nytta sjansen til å unnskylde seg for «gamle synder». Heide-Steen jr. har sjølv jobba med nynorsk som seriøs skodespelar.
– Sylfest Strutle var ikkje ute etter å drite ut nynorsken. Han har ikkje noko nedsetjande syn på nynorsken, han snakkar berre så innmari dårleg, forklara Heide-Steen jr., og fortalde at Strutle eigentleg var ein parodi på byfolk, som prøver å snakke tilnærma nynorsk.

av Anders Malm, NPK"

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no