Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

13.000 nynorskunderskrifter

 (28.04.2005)

Melding. 28.04.05. <a href="http://www.dagsavisen.no/kultur/article1562166.ece">Dagsavisen</a> har vore på pressekonferanse. Journalist Jan Zahl har skrive ein glimrande artikkel som han avsluttar slik: "– Eg trur i ramme alvor at nynorsk vil sleppa til i desse avisene. Det vil ta tid, men dei vil innsjå at dei er i konflikt med den mangfaldstankegangen som rår ellers i verda og kulturen, svarar Tungesvik. På nynorsk i ei Oslo-avis."

Dette er heile artikkelen som står på trykk i Dagsavisen i dag: "
13.000 nynorskunderskrifter
Underskriftskampanja for å få nynorsk inn i Dagbladet og VG går så godt at då Harald Heide Steen jr. i går fekk blomster for å vera nummer 10.000 i rekkja, var talet på underskrivarar allereie oppe i 13.000.

– Det tikkar inn 1.000 underskrifter i døgnet. Så på dei tre dagane det har teke å arrangera denne seansen, har talet på underskrifter kome opp i 13.000, sa leiar Steinulf Tungesvik i Noregs Mållag då han i går overrekte premie til Harald Heide Steen jr. for å vera nummer 10.000 i å skriva under på kampanjen for å sleppa nynorsk til i Dagbladet og VG.

– Dagbladet og VG er riksdekkjande aviser som ikkje tek omsyn til dei 500.000-600.000 nynorskbrukarane som bur her i landet, sa Tungesvik.

– I tillegg hindrar dei eigne journalistar i å bruka målet, sjølv om fleire av journalistane i desse avisene har sagt at dei ville brukt nynorsk om dei fekk lov, sa Tungesvik.

Så kan ein jo undra seg over kva som er tilfeldig og kva som er planlagt når underskrivar nummer 10.000 på oppropet sjølv kulturministeren har sett signaturen sin på, viser seg å vera Harald Heide Steen jr.

– Jeg snakker riksmål, men spiller og arbeider på nynorsk på et teater som heldigvis bruker både nynorsk og dialekter. Vi har tross alt to språk her i landet, og de synes jeg man skal bruke, sa Heide Steen jr. og gav til beste eit dikt skrive av sitt alter ego Sylfest Strutle – som ifølgje Heide Steen jr. ikkje er ute etter å drita ut nynorsken med sitt grautmål.

– Strutle er en misforstått mann. Så leve nynorsken! Både i Dagbladet og VG, avslutta Heide Steen jr.

Sjølv om det tikkar inn tusenvis av underskrifter, har verken Dagbladet eller VG signalisert at dei vil leggja om språkpolitikken sin.

– Trur de verkeleg at det vil skje, eller handlar dette bare om symbol?

– Eg trur i ramme alvor at nynorsk vil sleppa til i desse avisene. Det vil ta tid, men dei vil innsjå at dei er i konflikt med den mangfaldstankegangen som rår ellers i verda og kulturen, svarar Tungesvik. På nynorsk i ei Oslo-avis.

av Jan Zahl"

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no