Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stolt nynorsk!

 (26.04.2005)

Melding. 26.04.05. Magni Øvrebotn, leiar for <a href="http://www.nynorskmediesenter.no/go.cfm?id=41889">Nynorsk mediesenter</a>, har vore på årsmøte i Det Norske Samlaget og helde årstalen med tittelen: <a href="http://www.prodat.no/loopSites/Nynorsk_ms/files/2005_04//78BCA8BA-B162-669F-FBDCE7F0BAE1E72D.htm">Stolt nynorsk – frå husmannsånd til sjølvkjensle</a>

Slik var talen:
"Stolt nynorsk – frå husmannsånd til sjølvkjensle
Årstalen i Det Norske Samlaget 22.april 2005,v/Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter

- Det er viktig at vene jenter talar nynorsk, sa redaktør Arthur Berg til meg då eg 19 år gamal søkte sommarjobb i Dagen. Dette var i 1973 og slike ”gamle grisar” skulle ikkje eg ha noko med å gjere, og takka nei til sommarjobben. Eg var så opprørd og arg som berre ei kvinnesakskvinne kunne vere midt på 70-talet.

To år seinare møtte eg ei verre utgåve av manneætta, som prøvde å seie meg opp fordi eg skreiv nynorsk. Kjensla i meg var den same, eg kjende begge deler som eit sterkt angrep på sjølve identiteten min.

Det er ikkje stovereint å drive kjønnsdiskriminering, men det er framleis høgst akseptabelt å motarbeide nynorsken og nekte folk å bruke morsmålet sitt t.d. i dei største avisene i landet.

Eg gjekk ut av Norsk Journalistskule i 1978 og der skreiv eg hovudoppgåve om ”Holdningane til nynorsk i Oslo-pressa”. Eg tok føre meg Dagbladet, VG, Arbeiderbladet, Aftenposten, Vårt Land, Nationen og Klassekampen.

Den hovudoppgåva er diverre like aktuell no 26 år etterpå.

Eg spurde dåverande reaktør i Dagbladet, Arve Solstad, om det var utenkjeleg med eit fyrstesideoppslag på nynorsk. Han svarde eit utvetydig ”ja” : – Det ville ikke komme på tale. Vi kan ikke gjøre førstesiden til gjenstand for den slags eksprimentering. Ellers er vi ikke fastlåst, men det er opp til den enkeltes vett og forstand å vurdere, sa Solstad i 1978. Men han utelukka ikkje heilt at det kanskje kunne skrivast litt nynorsk på kultursidene.

I dag – i 2005 – veit vi at Dagbladet nekta forfattaren Olaug Nilssen å skrive sjølv bokmeldingar på nynorsk, og det var dei som inviterte henne til å bli bokmeldar. Tenkt det, dei krev at ein av dei mest markerte, nye nynorskbrukande forfattarane våre skal legge vekk språket sitt for å skrive om bøker i Dagbladet !

Om det finst litt skjemdavit att og sansen for eigenreklame ikkje er heilt vekke håpar eg at dei angrar no – for dette har ikkje vore ”god reklame ” for Dagbladet. Det har tvert om gjeve ekstra futt i aksjonen for nynorsk i VG og Dagbladet.

Den romslegheita Dagbladet krev når det gjeld homofile og bispeutnemningar gjeld ikkje når det vert snakk om språk, og slett ikkje dei sjølve. Det viktigaste kommunikasjonsmiddelet til menneska skal handterast med trongsyn og ikkje vidyn, og dei vert ståande jamsides dei reaksjonære i synet på nynorsk. Dagbladet er for nynorsk som sidemålet i skulen, men vil ikkje sjå at nettopp for dette sidemålet sin del er det viktig at elevar over heile landet les og høyrer dialektar og nynorsk i media.

Nokon vil stusse over at skytset vert retta mest mot Dagbladet og VG, og ikkje dei andre Osloavisene. Men det er dei to avisene som reklamerar med at dei er aviser for heile landet og blir kjøpt over heile Norge. Og einstad må ein og starte.

Illusjonslaus
Eg er ganske illusjonslaus når det gjeld å påverke redaktørar, for dei hiv seg på sin høge hest og vert brått prinsippielle når det vert snakka om det dei kallar ”press”. Eg har vore redaktør i 14 år, så dette veit eg litt om.

Då vert det synt til redaktørplakaten om den frie og upåverkelege redaktøren, som ikkje skal late seg påverke til å meine noko anna enn han alt gjer og redigere avisa i samsvar med målparagrafen.

Det er viktige prinsipp, men dei kan som alt anna misbrukast. I dag trur eg det som ”sel” redigerar laussalsavisene vel så mykje som redaktørane, i alle høve dei som har ”Idol”-sirkuset som salsplakat. Og nynorsken sel ikkje, trur dei.

Men opplaga går ned, og kanskje må dei etter kvart innsjå at dersom vi framleis skal kjøpe desse avisene så må det vere av andre grunnar enn det vi alt har lese på nettsidene deira. Vi leitar etter innhald, engasjement, språkleg mangfald, vidsyn og ny lærdom.

- Det står alle nynorskfolk fritt å la være å kjøpe VG, svarde dåverande redaktør Andreas Nordland i 1978. Eg trur det grunnsynet står ved lag i dag også.

Fleirtalsmålet
Då eg spurde Arve Solstad kvifor han forlet nynorsken etter gymnaset var svaret: - Jeg minnes det ikke som tungt å forlate nynorsken, men kanskje det var et indirekte press ? Jeg innså nok at skulle jeg inn i journalistikken, så ville jeg nå lenger med å holde meg til flertallsmålet……………….

Diverre trur eg han er representativ for mange i dag også. Det er slike vurderingar mange gjer seg. Journalistikken er eit utprega karriereyrke der du har valet mellom å hyle med dei ulvane som hyler høgast, eller velge den smale veg i livet og bli sett på som ein særing. Det er ikkje alle gjeve å ha rygg og vilje til eit liv som ”særing”, ”kjeftesmelle”, ”fanatikar”, eller kva stempel ein no får.

Tidas tone er og at journalistar ikkje skal meine noko, dei skal vere ”frie og uanhengige”. Pendelen har svinga heilt ut på hi sida, som ei etterdønning av frigjeringa frå partiavisene. Men holdningsløysa er ei mykje farlegare rettesnor enn klåre standpunkt der det er tydeleg kvar du står. Men for nynorsken sin del gjer det liten skilnad i praksis.

Er nynorsken så viktig for deg at du ikkje kan legge han vekk er det få jobbar for journalistar. Då må du anten satse på Dag og Tid, ein god del lokalaviser, nokre få regionaviser eller etermedia som radio og fjernsyn, lokalt og på riksnettet. Det er fyrst og fremst gjennom etermedia nynorsken vert spreidd over heile landet. Der kan det vere ein fordel å vere nynorskbrukar om du er god, og ei ekstra ulempe om du er middelhavsfarar.

Eit spørsmål om jobben
Visst kan vi ynskje oss journalistar som vågar å utfordre fordommane mot nynorsk i media, men eg trur ikkje vi skal rekne med at dei vert mange. Å gjere karriere er ofte eit spørsmål om å tilpasse seg, eller ”underordne seg en høyere orden”, som Arve Solstad sa i 1978.

Det kan for mange vere eit spørsmål om jobben eller ikkje, og dei kan ikkje rekne med støtte frå fagforreininga si Norsk journalistlag. Det ville dei fått om dei vart kjønnsdiskriminerte, underbetalte, rasediskriminerte, men språket bryr ikkje Journalistlaget seg med, utruleg nok. Dette er mest meir enn ein kan forvente av dei fleste. Det er ikkje ei orsaking, berre ei stadfesting.

Det målfolket kan gjere er å støtte dei som prøver, legge vekk raudblyantane og gje dei ros i staden for kjeft fordi dei brukar nett det ordet vi lærde var feil den gongen vi var små. Vi må i det heile bli meir rosande og positive til dei som prøver å gjere noko, både av redaktørar og journalistar.

Og så må vi kvar på vår plass gjere noko som foreldre, tante og onklar, lærarar, journalistar, politikarar, leiarar, osv, for å lære opp, påverke og vere føredøme for dei som kjem etter oss, slik at dei vert stolte av og trygge i språket sitt – det er ein føresetnad for å kjempe for det og tole motstanden du garantert møter.

Husmannsånda
I den siste urbaniseringsbølga har det og vorte viktig å ikkje vere norsk og heimespøta – det er liksom det motsette av å vere internasjonal, trendy og urban. Vi er så redde for å vere norske og nasjonale at vi ikkje eingong kallar 100-årsjubileet for frigjeringa frå unionen med Sverige for ei ”feiring”, men tonar det ned til ei ”markering”.

Djupt i dette ligg det ei husmannsånd over at vårt eige ikkje er godt eller fint nok i den store samanhengen. Dei mest ”trendy” meiner vi like godt kan gå over til engelsk fyrst som sist, vi flottar oss med utanlandske tittlar i utdanninga og ler av fornorskinga av utanlandske ord og uttrykk. Jamfør ”beiken”- debatten i fjor.

Vi kavar slik for å bli ”trendy” at vi vert heilt ”harry” – og i ly av dette får reaksjonære holdningar til nynorsk, bygder og bønder (for mange tre synonym det er fritt fram å herse med), utan særleg motmæle.

Dialekta vår
Det er for mange som skjemst over sitt eige, og er husmenn i eige skinn. Vi likar å tru at i Norge i dag kan alle fritt snakke si eiga dialekt, og eg meiner at alle som er under 60 år ikkje har noko som helst orsaking for å la vere.

Men likevel høyrer vi folk i framskotne posisjonar som knotar i veg på eit flatt, tillært austlandsk – som ikkje er naturleg for dei. Det er ganske visst gjort i den tru at dei skal bli lettare å forstå, at dei ikkje skal støyte frå seg nokon, eller at dette er vegen til karriere.

Då får vi tilfelle av folk frå ytre Sogn som høyrest ut som dei er innvandrarar som har lært seg bokmålsorda, men ikkje fått grep om tonefallet. Og ein mykje omtalt biskop sat forknytt i fjernsynsprogrammet ”Først og sist” nyleg, og snakka tonelaus austlandsk. Hadde han våga å stå fram som den trønderen han er hadde skuldrane senka seg og røysta og kroppsspråket vorte betydeleg meir ledig, ekte og truverdig.

Det finst heldigvis gode døme hin vegen og. Sjå med kva tryggheit og truverde Jan Reinås inntok fjernsynsstudioa her hin dagen.

Han snakkar meir og meir ekte og uforfalska trønder, han har eit klårt og direkte språk som alle forstår – og han har ei tryggheit som gjev ekstra truverd til saka.

Nokon vil seie at dette er eigenskapar du anten har eller ikkje har, men det er berre delvis sant. Det handlar også om å vere ekte.

I dagens samfunn er det mykje gjennom media vi får inntrykket vårt av folk i ulike posisjonar. Vi kan like eller mislike det, men slik er det. Då er det viktig å ikkje ha for mykje å tenkje på når du er sit t.d. eit fjernsynsstudio. Du må konsentrere deg om det du er der for, ikkje bruke krefter og konsentrasjon på å snakke ”pent” eller ”klokt” – og sjølve lakkmus-testen på å vere ekte og truverdig er å snakke sitt eige mål. I dag forventar vi oss det, og vert ditto skeptiske når folk knotar eller snakkar annanleis enn dei gjer ”heime”. Nokon trur dei har ”konventert” slik at det ikkje lenger er merkbart at dei ”snakkar pent”, men det er alltid nokon som veit og kroppen avslører dei med å vere stiv og bunden.

Stolt nynorsk
I botn av heile mitt målsyn ligg Besta mi (1900-1992) si levande forteljing om korleis det var å lære dansk i skulen, kor framand ho kjende seg i høve til språket, kor læraren nekta å etterkome ynskje frå bygdefolket om nynorsk i skulen, striden mellom folk om kva som var ”Guds eige mål”, osv.

Og eg hugsar breva hennar – skrivne på dialekt. Eg vart aldri lei av å høyre henne fortelje om dette.

Det har overtydd med om at vi må lære ungane og barnebarna våre å vere stolte av røtene sine og språket sitt og ha respekt for at vi har to jamstelte språk her i landet. Eg trur vi gjer det best gjennom å fortelje, lese og gje dei opplevingar og holdningar om både fortid og framtid. Klarer vi å skape gode forteljarar, så er det og von om at nokon av dei kan bli gode journalistar.

Nynorsk mediesenter
”Stolt nynorsk” er sjølve visjonen for Nynorsk mediesenter i Førde, drive av NRK.

Vi skal medverke til at nynorskfolk vert glade i dialekten sin og språket sitt. Då trur vi dei vil ta vare på det, kjempe for det og bli ei kraft for den språklege identiteten som nynorsken er.

Når vi høyrer og ser dyktige, nynorskbrukande journalistar i radio og fjernsyn, med sjølvtillit og kraftfull nynorsk, vert dei gode ambassadørar for nynorsken og gjer oss stolte av røtene våre og språket vårt.

Nynorsk mediesenter skal ale opp fleire nynorskbrukande journalistar som kan verte gode ambassadørar i etermedia. Det finst ikkje meir effektive kanalar for spreiing av nynorsk identitet og språkleg godtaking enn radio og fjernsyn.

Målet er å gjere nynorskfolk stolte nok til å halde på språket sitt og auke den språklege toleransen gjennom gode føredøme.

Dyktig – frodig – framfus er verdiane Nynorsk mediesenter byggjer på. Dei skal prege både dei som arbeider ved senteret og dei som får opplæringa si der.

Vi må stå for kvalitet i alle ledd, slik at vi får omdøme som dyktige.

Nynorsk er meir enn eit språk ; det er ein identitet, ein kultur og ei historie. Ein trygg språkleg og kulturrell ståstad er viktig for å vere open for nye impulsar, og for å ta sjølvstendige val. Nynorsk språk og kultur har ein frodig tradisjon som Nynorsk mediesenter skal byggje vidare på for å gje nynorsken innpass på nye område.

Difor er eg glad for at ein av nynorskpraktikantane på andre kullet har fått seg praksis i Nitimen/Reiseradioen og ei anna i NRK2-programmet ”Parasoll” som rett og slett er eit ”chatteprogram” – og nyleg høyrde eg at noko av det pinlegaste som tenkjast kan er å ”chatte på nynorsk”. Mange trur det ikkje går an – vi må få folk til å skjøne at alt går an på nynorsk ! Det er ikkje berre eit språk for lyrikk og nyhende, slik nokon prøver å framstille det.

Nynorskbrukaren må vere dyktig for at språket ikkje skal bli brukt mot han. Då nyttar det ikkje å stå med hua i handa, ein må vere litt framfus i den positive tydinga av ordet. Vi må våge å merke oss ut, stå for noko og vere noko.

Høgare himmel over nynorsken
Nynorsk mediesenter prøver å gje ti nynorskpraktikantar i året ein høgare himmel over nynorsken, dvs. gje dei innføring i både historia, kulturen og identiteten som knyter seg til målet vårt – og evne og stoltheit til å bruke det i dagleg journalistikk, under tidspress.

Eg veit at dei treng denne ”høgare himmelen” når dei skal ut i røynda, der fordommane blømer som dei alltid har gjort, der det ikkje lenger kan forventast at kollegaer kan skrive ei melding til deg på nynorsk. Der du må vere budd på mykje ekstraarbeid under stort tidspress og skiftande målsyn frå dei rundt deg.

I dag er det inga skam å gryte or seg fordommar mot nynorskbrukarar, om oss kan folk tillate seg utsegner som dei aldri ville våga å ta i sin munn om t.d. innvandrarar, kvinner, funksjonshemma eller homofile. Det underlege er at dei nektar å sjå paralellane som går på identitet, respekt og fordommar.

Det er og underleg at mange redaktørar og journalistar ikkje ser på eit godt og naturleg språk som viktig for evna vår til å snakke og skrive godt og forståeleg,

at dei ikkje ser dei to språka våre som ein rikdom for journalistikken, at dei ikkje ser at språket i media er viktig for språket i skulen, at dei ikkje ser nynorsken i lys av ytringsfridomen som vi pyntar oss med her i landet, og at det i 2005 går an å hevde at lesarane vert ”forvirra” om dei får både bokmål og nynorsk i Dagbladet. Frå NRK er dei så vande med denne ”forvirringa” at det knapt er nokon som reagerer lenger.

Vi må våge å utfordre vanane og fordommane til folk om vi vil framover, og vi forventar meir av dei som reknar seg for ”fordomsfrie” enn av dei fordomsfulle – men det er sanneleg ikkje lett å sjå kven som er kva lenger.

Nynorskpraktikantane
Fyrste kullet med nynorskpraktikantar var ferdige 1.mars – og dei er alle i arbeid i media – fire av fem i NRK. Dei var i praksis i Dagsnytt, TV2, Norgesglasset, NRK Møre og Romsdal og PetreNÅ.

Det andre kullet er klar for praksis i andre redaksjonar frå 2. mai. Dei skal til NRK i Telemark, NRK Hordaland, Dagsrevyen/Dagsnytt, PetreNÅ/Parasoll i NRK2 og Nitimen/Reiseradioen.

Eg arbeider medvite for at dei også skal få praksis i redaksjonar der det er lite/inkje med nynorsk, som underholdning og barne- og ungdomsprogramma. Dette er langsiktig arbeid, men det er i gjenge.

Før 17. mai tek vi inn det tredje kullet, som skal starte på halvåret sitt 1.sept. Søknadsfristen er komande måndag 25. april. Vi strevar med å få nynorsk-brukarar frå Aust- Sør- og Nord-Norge og Trøndelag til å oppdage oss – slik at vi ikkje vert ei forsterking av at nynorsken held på å bli eit Vestlandsmål.

På det andre kullet er det berre jenter – og eg har vorte mobba ein del for det – men sanninga er at det var dei fem som var ”best i test” ved opptaka til det kullet. Eg har slett ikkje noko mot menn – og kan ta fem karar om dei er best neste gong, men det søkjer mest jenter.

Det slo meg brått ein dag at eg no har vorte så gamal og kanskje romsleg at eg innrømmer salige Arthur Berg litt rett – at ”det er viktig at vene jenter talar nynorsk”. Det er kanskje endåtil viktigare i vår IDOL-tid enn då eg var ung, og utsagnet treng ikkje eingong lenger å bli oppfatta som kvinne-diskriminerande. Det går ein Nemesis gjennom livet for oss alle."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no