Språkstrid i Bergens Tidende
(26.04.2005)
Melding. 26.04.05. Nynorskkampanjen retta inn mot Dagbladet og VG skaper også debatt andre avisredaksjonar. Også i Bergens Tidende melder <a href="http://www.nrk.no/nyheter/kultur/4696915.html">NRK Kulturnytt</a>.
Slik er saka lagt ut på nettsidene til NRK Kulturnytt: "Den siste veka har nynorskforbodet i VG og Dagbladet sett sinna i kok. Men det er ikkje berre i hovudstadsavisene at språkstriden har vakna til live. Òg internt i Bergens Tidende er det sterke meiningar - for og imot nynorsk.
Publisert 25.04.2005 17:30. Oppdatert 25.04.2005 17:34. Av Dyveke Buanes/ Rikard Martinussen
Jan Arild Larsen er journalist i BT på 40. året. Har karakteriserer saka om bruk av nynorsk i eiga avis som eit vepsebol.
- Det ligg der som ei betent sak. Folk har ikkje lyst til å ta handa si inn i vepsebolet, og stort sett blir dette kollegapreik. Sidan eg er bokmålbrukar frå Bergen, blir eg opphissa av at lokalt bergensk stoff blir skrive på nynorsk.
Ikkje gode nok reglar Anne Gjerde, nyhenderedaktør i Bergens Tidende, trur språkstriden skuldast at avisa ikkje har gode nok språkreglar.
- Å få på plass til slike reglar vil ta for lang lang tid til at vi orkar å ta den debatten no, seier Gjerde.
Men på same måte som journalist Larsen, meiner nyhenderedaktøren at bokmål og bergensstoff høyrer saman. Sjølv om dette ikkje er skrive ned som en regel nokon stad.
- Tidligare i år hadde vi ei sak om en brann i byen. Ho var skriven på nynorsk, burde har vorte skiven på bokmål, seier Gjerde. Utdrag frå artikkelen: "I alt 25 personar vart evakuert. Dei vart frakta til Rådhuset, der kommunen oppretta ei varmestove. Ut på morgonkvisten fekk dei som hadde behov for det tilbod om å flytte inn på SAS-hotellet på Bryggen".
Må sjølv avgjere Journalisten som har forfatta artikkelen, Eystein Røssum, tykkjer at det burde vere opp til journalisten sjølv å avgjere målforma. Men Røssum får dette svaret frå sin bergenske kollega Jan Arild Larsen.
- Eg har ikkje noko mot nynorsk og har sjølv jobba i nynorsk presse. Men eg tykkjer at dette handlar om barrierer. Dersom lesaraen opplever språket framand, kan artikkelen bli ei ”bla forbi”-sak. Eg tykkjer at avisa kommuniserer best på bokmål på det lokale Bergens-stoffet, sier Larsen.
Journalist Røssum på si side trur dette er feil fordi dei fleste leserane er godt kjende med nynorsk som skriftspråk.
Du kan lese heile artikkelen her:"Vart alarmert av røyklukt"
Kulturnytt, NRK P2, mandag 25. april 2005"
|
|