Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stavanger Aftenblad stør nynorskkampanje

 (26.04.2005)

Melding. 26.04.05. <a href="http://web3.aftenbladet.no/debatt/leder/article193511.ece">Stavanger Aftenblad</a> går på leiarplass ut og støtter oppropet for å sleppe til nynorsk i Dagbladet og VG.

Henta frå nettsidene til Stavanger Aftenblad:

"Einsretting
For tida pågår det ein underskriftsaksjon for å få VG og Dagbladet til å opna for at medarbeidarane deira kan skriva på nynorsk, om dei ønskjer det.

Blant underskrivarane er kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

Prinsipielt må det vera opp til avisene sjølve å bestemma si språklege linje. Politiske reguleringar av språkpraksis er ikkje vegen å gå, og det ønskjer neppe heller kulturministeren.

Men når det er sagt, forundrar det oss at store riksaviser bare gir rom for det eine av våre to offisielle norske skriftmål. Aftenbladet og fleire andre region- og riksaviser har valt ei anna linje, som byggjer på respekt for tospråksituasjonen i landet vårt.

Språkleg einsretting passar dårleg i ei tid som på nær sagt alle andre område hyllar mangfaldet og toleransen."

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no