Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Prisdryss på Samlaget

 (26.04.2005)

Melding. 26.04.05. Samlaget har delt ut fleire prisar. Samlagsprisen gjekk til Finn Øgland.

Samlagsprisen 2005 til Finn Øglænd
Finn Øglænd begynte som lyrikar i 1983, og har sidan debuten gitt ut både romanar, gjendiktingar, noveller, essay og bøker for barn. Fredag fekk han Samlagsprisen 2005.

Øglænd skriv skarpe, vare og sarte bøker om og for ungdom, og er ein forfattar som har noko verdifullt å seie unge lesarar. I grunngjevinga si seier juryen mellom anna dette: "I novellesamlinga Amok (2004) bevegar Øglænd seg inn i tenåringanes kompliserte verd, i spenningsfeltet mellom barn og vaksen. Han tar opp tråden frå romanen Rebell (2003) og gir oss små portrett av unge menneske som alle er meir eller mindre i outsiderposisjon.

Kanskje er Øglænd mest kjend som poet. I dikt etter dikt held han fast på sine neddempa ambisjonar. Øglænd har freista å ta diktet ut av sin opphøgde status og gjere det til noko meir kvardagsleg og sannare i mange av diktsamlingane sine, og dette viser seg særleg i dei siste bøkene hans. Øglænd er dessutan eineståande produktiv. Å skrive kan for han sjå ut som å vere like nødvendig som å puste, og han fornyar seg heile tida ved å vere seg sjølv lik." Samlagsprisen skal gå til ein forfattar som har gitt ut minst ei skjønnlitterær bok med høg kvalitet på Det Norske Samlaget i løpet av dei siste fem åra.

Prisen vart utdelt på Samlagets årsmøte 22. april. Det same vart Helleviks mediemålpris og Melsomprisen, og følgjande andre prisar:

Guro Sandsdalens litteraturpris til Arnfinn Kolerud
Kolerud har ein heilt eigen stil og tone i det han skriv. Han er ein av dei mest morosame forfattararne her i landet, men skriv dessutan djupt, alvorleg og svært humoristisk om oppvekst og det å kjenne seg annleis. For si siste bok, Den som ikkje har gøymt seg no, fekk han både Kritikarprisen og Nynorsk barnelitteraturpris, og vart nominert til Brageprisen. Guro Sandsdalens litteraturpris skal gå til ein yngre forfattar som arbeider for å utvikle og utbreie nynorsk skriftkultur. Det skal leggjast vekt på litteratur for barn og unge.

Alfred Andersson-Ryssts fond til Aðalsteinn Ásberg Sigurðsson og Anna Pálina
I år deler eit islandsk ektepar prisen. Aðalsteinn Ásberg Sigurðsson er forfattar og musikar. Saman med kona si, songarinna Anna Pálína Árnadóttir, gav Adalsteinn ut fleire CD-ar, og dei to blei leiande artistar innanfor visemusikken på Island. Anna Pálina får prisen posthumt, ho døde av kreft i fjor haust, berre 41 år gamal. Rentene frå dette fondet skal eit år delast ut til ein yngre lovande nynorsk bokmann og neste år til stønad for samkjensle mellom Noreg og Færøyane eller Noreg og Island.

Hulda Garborg-prisen til Heidi Gjermundsen
Prisvinnaren i år, Heidi Gjermundsen, har dei siste åra stått fram som ein av våre leiande musikalartistar. Ho får prisen mellom anna for sin eineståande innsats som Edith Piaf i Piaf-framsyninga på Det Norske teatret, ei framsyning med premiere i fjor haust og framhald no i vår.

Fridthiov Oos`s legat til Lars Ivar Nordal, Hanne Marie Molde og Ane Erdal
Dette legatet går til dei tre beste hovudstilane på nynorsk til eksamen allmennfag i vidaregåande skole. Stilane blir premierte med kr 5000 kvar. I år er vinnarane Lars Ivar Nordal, Volda, Hanne Marie Molde, Voss og Ane Erdal, Øystese.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no