Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. OKTOBER 2014 Information in english


Meld deg inn! Nyhende Arkiv 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Nynorsk verksemd Mållaget meiner Odda-modellen Sidemål Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Nyhende frå Noregs Mållag i RSS 2.0-format

Pris til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

 (22.04.2005)

Melding. 22.04.05. Alf Helleviks mediemålpris for 2005 går til Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

Rotevatn har skaffa seg eit namn i den norske medieverda. Ho framstår dessutan som eit føredøme når det gjeld stødig nynorsk, trygg i form og sikker i framføringa. I Mediemållaget har ho vist aktivt engasjement for det nynorske målet.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn kjem frå Volda og har arbeidd både i avis og kringkasting. Først arbeidde ho som skrivande journalist i Sunnmørsposten, deretter i Bergens Tidende, før ho - etter avslutta journalistutdanning på heimstaden - tok til i NRK i 1999. Her var ho innom Dagsnytt, aktualitetsmagasinet Her og Nå og til slutt TV-sporten. Frå 2003 har ho vore tilsett som redaksjonssjef i nyheitsavdelinga i Kanal 24.

Mediemålprisen vart oppretta i 1998 , og har som målsetting å stø arbeidet til yngre nynorskbrukarar i media . I prisnemnda sit NRK-journalist Ingolf Håkon Teigene, rektor ved Universitetet i Tromsø Tove Bull og journalist i Bergens Tidende Olav Kobbeltveit, alle oppnemnde av Det Norske Samlaget. Prisen er på kr 10.000.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2014
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no