Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kjendisar i kø for å få nynorsk i Dagbladet og VG

 (22.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 22.04.05. - Det er eventyrleg å sjå kor mange som sluttar opp om kravet om å sleppe til nynorsken i Dagbladet og VG, seier Steinulf Tungesvik, nyvald leiar i Noregs Mållag. Berre fem dagar etter at han vart vald til leiar i Mållaget, har over 8 000 folk slutta opp om oppropet for meir nynorsk i Dagbladet og VG.

- Responsen er heilt overveldande og eg vil tru at dette vert lagt merke til i redaktørkontora hjå Dagbladet og VG, fortel Steinulf Tungesvik.
Folk strøymer til! Siste dagane har mellom anna desse slutta opp om oppropet; forfattarane og skribentane Helge Torvund, Arnt Birkedal og Selma Lønning Aarø som sjølv skriv i Dagbladet.

Forfattarane Frode Grytten, John Erik Riley, Hanne Ørstavik, Magnhild Bruheim, Jon Fosse, Sigmund Løvåsen, Mattis Øybø, Ragnar Hovland, Ann Kavli, Olaug Nilssen, Nils-Øyvind Haagensen og Brit Bildøen.

Forlagstoppar som Nina Refseth i Samlaget, Tine Kjær i Piratforlaget og Anders Heger i Cappelen. Musikarane Odd Nordstoga, Karl Seglem, Unni Løvlid og Jørn Simen Øverli. Skodespelarane Johannes Joner og Berte Rommetveit.

Akademikarane Trond Nordby, Jo Bech-Karlsen, Helge Høybråten, Berit von der Lippe, Hedvig Skonhoft Johannesen, Ivar Utne, Narve Bjørgo, Kjetil Kiran, Jostein Gripsrud, Øystein Sørensen og Trine Syvertsen.

Politikarane Inga Marte Thorkildsen, Hedda Haakestad, Ågot Valle, Åslaug Haga, Eli Sollied Øveraas, Dagfinn Høybråten, Valgerd Svarstad Haugland og Lars Sponheim.

Dessutan Ragnhild Sælthun Fjørtoft, Gunvor Hals, Maria Tryti Vennerød, Hallvard Bakke, Yngvil Kiran, Aslak Sira Myhre, Tron Øgrim, Tore Rem, Olav Høgetveit, Kjell Erik Kallset og Bendik Wold.

Og mange fleire… Sjå lista på http://www.nm.no/sleppnynorskentil/

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Eli Bjørhusdal, nestleiar i Noregs Mållag, 951 65 510 (m) eller 576 86 618
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no