Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NIFU fekk evalueringsjobb i Oslo

 (22.04.2005)

Melding. 21.04.05. I går underteikna Oslo kommune og forskingsinstituttet NIFU STEP kontrakt om å evaluera sidemålsprosjektet i Oslo, skriv <a href="http://www.dagsavisen.no/kultur/article1553748.ece">Dagsavisen</a>.
Dette skriv Dagsavisen:
"– Me har fått eit tilbod frå NIFU som me har akseptert. Så no ligg det på plass eit grundig og forskingsbasert evalueringsopplegg for sidemålsprosjektet, slik føresetnaden var, seier utdanningsdirektør i Oslo, Astrid Søgnen til Dagsavisen.

I går ettermiddag runda ho dermed ein viktig post for å oppfylla kravet Utdanningsdirektoratet har sett til prosjektet med frivillig skriftleg sidemål i den vidaregåande osloskulen, nemlig at det blir forskingsmessig evaluert. Det einaste som no kan hindra opplegget er at det ikkje blir godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Måler karakterutvikling
Forskningsleiar i NIFU STEP, Eifred Markussen, seier at instituttet skal måla utvikling i ferdigheiter innanfor dei tre målsettingane prosjektet skisserer. Målet for sidemålsprosjektet er å betra dei skriftlege evnene i hovudmålet, betra leseferdigheiter og munnleg framstillingsevne, og betra haldningane til norskfaget generelt og sidemålet spesielt.

– Me har valt å bruka dei same måla som heile Utdanningsnorge bruker, nemlig karakterar og score på testar, seier Markussen.

Instituttet skal starta med å samla inn resultat frå dei nasjonale prøvene, som måler skriftlege ferdigheiter og leseevner. Deretter følgjer ein karakterutviklinga til forsøkselevane gjennom dei tre åra forsøket varer, og samanliknar med fire andre typar grupper elevar som ikkje er med i forsøket.

– I tillegg skal det gjennomførast kvalitative intervju med ein del elevar og lærarar for å få meir kjøt på beinet, fortel Markussen.

Kompetent?
NIFU meinte i desember at dei ikkje hadde den nødvendige kompetansen til å gjennomføra evalueringa dei i går fekk tilslaget på. Så Dagsavisen spør direktør Petter Aasen kva som har endra seg frå desember til april.

– Når me har sett grundigare på prosjektet, ser me at det toler eit samfunnsvitskapleg og utdanningssosiologisk design. Og det har me høg kompetanse på, seier Aasen.

– Så de har altså endra syn på kva slag forskingsoppdrag dette var?

– Når me har gått grundigare inn i dette, ser me heilt klart at dette kan gjerast av oss, ved hjelp av skulens eigne målingsinstrument.

– Som er?

– Karakterar."

av Jan Zahl

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no