Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mange vil ha nynorsk i riksavisene

 (21.04.2005)

Melding. 21.04.05. Målfolket strøymer til for å støtte kampanjen for nynorsk i VG og Dagbladet. Fleire tusen menneske har allereie skreve under på oppropet, og dette er berre byrjinga.

– Det er jubelstemning her. Vi har ikkje hatt noko sak i historia til mållaget som kan måle seg med den eksplosive interessa vi ser for denne saka, seier dagleg leiar i Noregs Mållag, Gro Morken Endresen.
Til no har om lag 5.000 skrive under viss ein legg saman listene på internett og dei fysiske listene til Norsk Målungom.

I helga lanserte Noregs Mållag kampanjen «Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG!». Målet er at målbrukarane i dei to avisene skal få sleppe til med nynorsken sin, og dermed gjere språket meir synleg. Mållaget har ingen krav til ein nynorsk prosentdel, berre at målfolket skal få bruke det språket som er naturleg for dei.

Liten kontakt med nynorsk
– Grunnen til at mange opplever nynorsk som vanskeleg, er at dei sjeldan er i kontakt med han. Men vi har over 500.000 nynorskbrukarar her i landet, og vi må sleppe til språket i riksavisene, meiner Morken Endresen.

Ei rekkje kjendisar og politikarar har allereie skreve under på kampanjen, blant dei Dag Solstad, Gunnar Staalesen og Dagfinn Høybråten. I helga starta kampanjen på Mållaget sine nettsider, Norsk Målungdom er i gang med å samle inn underskrifter på skulane, og komande helga startar lokallaga til Noregs Mållag med fysiske underskriftslister. Målleiaren håpar på fleire titusen underskrifter når kampanjen når slutten. Ho trur begge avisene kunne ha seld fleire aviser med nynorsk mellom permane.

Driv ikkje velgjerd
– Vi gjer ikkje dette for å redde opplaget til laussalsavisene. Men om vi klarar å samle inn så mange underskrifter at styra i VG og Dagbladet ser at det kan lønne seg økonomisk, då kan det skje ting. Eg har ingen tru på at avisene driv veldedig språkpolitikk. Dei må tene pengar, og det skal vi vise at dei kan gjere med nynorsk i avisa, slår Gro Morken Endresen fast.

Sjefredaktør i VG, Bernt Olufsen, uttalar at nyheitsspråket i avisa framleis kjem til å vere bokmål, men at dei godtek nynorsk i meiningsytringar og lesarinnlegg.

Av Anders Malm, NPK

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no