Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Brev om bibelspråket

 (21.04.2005)

Melding. 21.04.05. Det Norske Bibelselskapet lagar ny bibelomsetjing. Tidlegare i vår hadde Noregs Mållag møte med bibelselskapet og sendt over eigne merknadar.

Til Det Norske Bibelselskap
Merknader til nynorskbruken i den nye bibelomsetjinga

Vi viser til møte mellom Noregs Mållag og Det Norske Bibelselskap 16. mars 2005 der vi drøfta nynorskrettskrivinga i den nye bibelrevisjonen (nytestamentet). Noregs Mållag oppfatta møtet som konstruktivt, og vi vart oppmoda om å kome med skriftlege merknader om dei momenta som vart drøfta.

Målsynet åt Noregs Mållag
Utgangspunktet for Noregs Mållag er at bibelmålet er viktig for nynorsken som heilskap. Som den største nynorskorganisasjonen har Noregs Mållag eit ansvar for å halde auge med all målbruk og å uttale seg om endringar.

Det allmenne synet på normering har Noregs Mållag formulert gjennom fleire landsmøtvedtak. Hovudsynet er at nynorsken i hovudsak bør normerast slik han er i dag, at ordninga med læreboknormalen må halde fram, og at tilnærming til bokmålet ikkje er aktuell politikk. I 2003 slutta Norsk språkråd seg i hovudsak til dette synet. I brev frå Kultur- og kyrkjedepartementet (januar 2005) gjer ein vedtak om ingen førebelse endringar i nynorsken.

Prinsippa i den nye bibelomsetjinga
I føreordet til hefta med skriftprøver heiter det at arbeidet med nyutgåve av Bibelen fyrst og fremst representerer ein revisjon, og ikkje noka ny omsetjing frå grunnen av. Revisjonsprinsippa ein har valt er desse:

• å gå eit lite steg attende mot ei meir konkordant omsetjing,
• meir medvite ta vare på metaforar, pregnans, rytme og stilbruk i originalteksten,
• gjennomføre eit kjønnsinkluderande språk, der teksten gjer dette naturleg (sysken istf. brør).
• ”modernisering” av språket: ”Vi vil unngå arkaiske ord og uttrykk som levninger av gammelt bibelspråk som ikke kommuniserer meningen nært og direkte.”

Noregs Mållag har ingen merknader til desse overordna prinsippa. Vi er òg innforstått med at bibelmålet ikkje skal verte storkna – bibelmålet har vore og skal vere levande.

Samstundes er det viktig å få fram at ”modernisering”, til dømes stilistisk, ikkje treng å få sterke konsekvensar for rettskrivinga. I ein periode der nynorsken er i ferd med å konsolidere seg, vil det vere påfallande med radikale rettskrivingsendringar. Det er òg viktig å få fram at arbeidet med ”modernisering” inneber rom for skjønn. Noregs Mållag har i så måte ein del kritiske kommentarar til ein del formval, og bed om at det vert teke omsyn til desse.

Konkrete omsetjingsspørsmål
Her skal det kommenterast nokre konkrete framlegg til endringar i normbruken i nytestamentet.

• Fader vår > Vår far.
Skiftet frå ”fader” til ”far” er ikkje ulogisk ut frå språkutviklinga. Meir tvilsam er konstruksjonen ”vår far” – den skrik det konservativt bokmål av. Vi vil her peike på ein vesentleg skilnad mellom syntaksen og stilen i nynorsken og norske dialektar på den eine sida og syntaksen og stilen i dansk og bokmål på den andre. I nynorsken vil pronomen¬¬plassering etter substantivet, som i ”Far vår”, vere det normale. Forma ”Vår far” representerer ei bokmålisering/danisering. Ut frå same prinsippa kan ein seie at overgangen frå "Inn i hjarto våre" > "inn i våre hjarta" (Gal. 4.6) representerer ein syntaktisk danisme. Spørsmålet mange nynorskbrukarar vil stille seg, er om ein slik syntaktisk overgang er uttrykk for eit overordna stilideal som høyrer til konservativt bokmål. I alle fall bryt framlegget med den nynorske stilkjensla.
Forma ”Far vår” vil fungere godt både på nynorsk og bokmål.

• åtte > eigde
I preteritum av verbet å eiga vert det i prøveteksten nytta den lite frekvente klammeforma eigde, ikkje hovudforma åtte. Vi vil her tilrå forma i læreboknormalen.

• åt > til
Preposisjonen åt har ganske stor utbreiing i norske dialektar, og har rik tradisjon i bibelmålet. Forma er ikkje heilt radert vekk i det nye framlegget til nytestamente, men der er lite att (seks treff) i høve til det noverande nytestamentet. Det er merkeleg at ein gjer såpass dramatiske endringar i bruk av ein konkret preposisjon, og dermed er med på å endre bibelstilen.

• hjå > hos
Formene hjå og hos er jamstelte i nynorsken, men den mindre tradisjonelle forma hos vil nok vere meir markert i nynorsken enn forma hjå. Det er elles eit poeng at forma hjå er den som er mest nytta i talemålet i nynorskområda; det vil vere meiningslaust å kalle denne forma for arkaisk.

• skilnad vs. forskjell
Ei oppteljing syner fire treff med forma skilnad og 15 treff med forskjell. Tilhøvet kan diskuterast. Vi er nøgd med at ein no har kutta forma forskjellsbehandling (Efes. 6.9).

• von > håp
I prøveteksten er både forma von (27 treff)/vona (6) og håp (44 treff)/håpa (12) nytta. Noregs Mållag ser at det her kan vere rom for stilistisk skjønn. Vi er likevel uroa over at det innhaldsrike ordet von er såpass underrepresentert. Nemninga von er mykje brukt i dialektar og normalnynorsk, og i religiøse samanhengar har ordet ein sterk klang, jf. tru, von og kjærleik.

• verta > bli
Vi konstaterer at ein bruker forma bli - blir - vart - har vorte, dvs. ein har ikkje konsekvent bøying i høve til forma å verta, slik ein har i den noverande bøyinga. Denne manglande konsekvensen er problematisk i høve til nynorsken som heilskap.

• fyrst > først, fylgja > følgja
Her ser ein òg døme på at ein vil bryte med skrifttradisjonen, og velje den mest bokmålsnære forma med ø. Det er her verdt å nemne at jamvel om frekvensen viser eit lite overtak for ø-formene (særleg på grunn av intern normering hjå Det Norske Samlaget), er y-formene ikkje lite brukte i nynorsk. Det gjeld mellom anna i dei nynorske lokalavisene.

• læresvein > disippel
Vi har vanskeleg for å forstå at den gode nemninga læresvein skal ut av di ho visstnok skal verke arkaisk og vere mindre internasjonal. Vi viser her til nemningane i svensk og dansk og til den tiltakande bruken av sveineprøve i yrkesutdanninga.

• attende > tilbake
Ei oppteljing viser elleve treff med attende og heile 74 treff med tilbake. Vi kan ikkje heilt sjå grunnlaget for ei slik undergraving av forma attende. Ei subsidiær løysing ville vere å revurdere fordelinga av desse formene.

• Andre overgangsformer
Der er fleire døme på overgang frå tradisjonelle nynorskformer til former som er felles for nynorsk og bokmål:

• jau > jo
• bilete > bilde
• korkje > verken
• lækjar > lege
• kveikja > tenna
• missa > mista
• orsaka > unnskylda
• snøgt > raskt
• lekkjer > lenkjer
• kløyva > splitta
• ljos > lys


Noregs Mållag har som utgangspunkt at ein ved bibelomsetjinga fylgjer offisiell norsk språkpolitikk som går ut på at dei to jamstelte skriftmåla, nynorsk og bokmål, skal normerast på sjølvstendig grunnlag.

Sluttord
Noregs Mållag ser at Bibelselskapet har arbeidt grundig med bibelrevisjonen. Rett nok hadde Noregs Mållag sett pris på å verte kontakta som mogleg høyringsinstans, men vi konstaterer at ein allment har lagt vekt på språkleg kvalitetssikring av arbeidet. Noregs Mållag vil elles gje ros til Bibelselskapet for at ein har arbeidt med nynorskbibelen og bokmålsbibelen parallelt.

Samstundes har Noregs Mållag ein del innvendingar og merknader til framlegga til bibelrevisjon. Somme av desse innvendingane er til dels ganske alvorlege. I denne samanhengen vil vi òg vise til det som er retningslinene for offisiell norsk språk¬¬politikk, til dømes vektlegginga av stabilitet.

Vi vonar at de tek omsyn til innvendingane i den sluttprosessen av revisjonsarbeidet som de no er inne i.

For Noregs Mållag
venleg helsing

Endre Brunstad
leiar







Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no