Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Steinulf Tungesvik nyvald leiar i Noregs Mållag

 (17.04.2005)

Steinulf Tungesvik vart samrøystes vald til leiar av Noregs Mållag på organisasjonen sitt landsmøte i Tromsø i helga. Han og Mållaget går offensivt ut og vil oppheva nynorskforbodet i Dagbladet og VG. Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/8469/9447">landsmøtet i Tromsø</a>.


– Det er på høg tid at nynorsken slepper til i Akersgata også, slår Steinulf Tungesvik fast.

Steinulf Tungesvik (39) kjem frå Skånevik i Sunnhordland og er i dag busett i Bergen. Han arbeider som forretningsadvokat. Tungesvik har lang fartstid bak seg i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Han har politisk bakgrunn frå Senterpartiet, og var mellom anna statssekretær under sentrumsregjeringa.
– Det er ei spennande utfordring å bli vald til å leiar Noregs Mållag i jubileumsåret for unionsoppløysinga, og inn i 100-årsjubileet til Noregs Mållag i 2006, seier Steinulf Tungesvik.

Desse andre vart vald: Ny nestleiar er Eli Bjørhusdal. Ho er 33 år og bur i Luster i Sogn. Ho har hovudfag i nordisk og har erfaring frå Norsk Målungdom og Luster Mållag. Nytt styremedlem er Unn Røyneland (37), som er språkvitar ved Universitetet i Oslo. Nils Ulvund frå Ålvundfjord tok attval, medan Karstein Bjørge og Berit Rekve ikkje stod på val. Nye varafolk er: Anne Marit Godal (32) frå Oslo, Olav Skare (45) frå Tromsø, Anne Elise Winterhus (45) frå Stavanger og Sæbjørn Forberg (44) frå Skjåk.

For meir informasjon:
Steinulf Tungesvik, nyvald leiar, 91 80 56 20 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 22 47 71 13 eller 926 48 348 (m)

<a href="http://www.nm.no//bilder/steinulf_tungesvik.jpg"> Bilete av Steinulf Tungesvik</a> (Foto: Hege Lothe)

Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/8469/9447">landsmøtet i Tromsø</a>

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no