Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Brei støtte til nynorskkampanje!

 (17.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 16.04.05. - Mykje av motstanden mot nynorsken skriv seg frå at han ikkje er synleg i riksmedia. Difor er det viktig at folk møter nynorsk i tabloidformat, slik at nynorsken ikkje berre vert brukt i meinigsytringar, seier Kjartan Fløgstad på landsmøtet til Noregs Mållag.

I helga gjekk startskotet for den nye kampanjen til Noregs Mållag; ”Slepp nynorsken til! - Opphev forbodet mot nynorsk i Dagbladet og VG”.

- Nynorskbrukarane utgjer ei stor gruppe i landet vårt, og det er viktig at desse lesarane vert tatt på alvor. Tida er overmoden for å sleppe til nynorsken, seier Steinulf Tungesvik, påtroppande leiar i Noregs Mållag.

Det er ikkje berre Kjartan Fløgstad som meiner dette er ei viktig sak. Få timar etter at kampanjen vart sparka i gong hadde alt nokre av dei fremste forfattarane og politikarane i Noreg skrive under på oppropet.

Mellom underskrivarane er Jostein Gripsrud, Dag Solstad, Per Petterson, Dagfinn Høybråten, Åslaug Haga, Lars Sponheim, Karten Alnæs og Gunnar Staalesen. Også Hallgrim Berg, som sjølv er på landsmøtet, er mellom dei som har stødd oppmodinga til VG og Dagbladet om å oppheva forbodet mot nynorsk.

For meir informasjon: Steinulf Tungesvik, påtroppande leiar i Noregs Mållag, 918 05 620 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no