Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2005 til Kjartan Fløgstad

 (17.04.2005)

Pressemelding. 16.04.05. Kjartan Fløgstad har fått Målprisen 2005 frå Noregs Mållag. Han fekk prisen for sitt brennande engasjement for nynorsken!

Kjartan Fløgstad gav ut boka Brennbart hausten 2004. I boka skulda han medievitaren Hans Fredrik Dahl for historieforfalsking. I band tre av Norsk Idéhistorie insinuerer Dahl at det var samrøre mellom Noregs Mållag og Nasjonal Samling under krigen. Dette skapte eit av dei heitaste ordskifta denne hausten. Dette gav igjen grunnlag for eit meir ålment ordskifte om nynorsken og målstoda.

Då Kjartan Fløgstad fekk Nordisk Råds litteraturpris gav han prispengane til Noregs Mållag for å drive arbeid for nynorsk i skulen. I 1984, sist gong Noregs Mållag heldt landsmøte i Tromsø, var Kjartan Fløgstad landsmøtetalar. Tittel på føredraget var ”Målet er maratonløpet – ikkje å kome i mål”. Fløgstad har eit langt og interessant forfattarskap bak seg og har fleire gonger bidrege til viktige ordskifte for målsaka og nynorsken – både som forfattar og som samfunnsdebattant. Det var difor på høg tid at Kjartan Fløgstad fekk Målprisen av Noregs Mållag.

Kjartan Fløgstad takka for prisen, og nytta høve til å gje eit spark til Oslo for at dei ikkje vil ha samiske flagg på 17. mai.
– Politikarane i Oslo bør sjå til Tromsø. I Tromsø er det like naturleg å flagge med samiske som med norske flagg, sa Kjartan Fløgstad.

For meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no