Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ja til samiske flagg på 17. mai!

 (16.04.2005)

Noregs Mållag håpar å sjå det samiske flagget i Oslo på 17. mai. Dette er ei klar melding frå landsmøtet i Noregs Mållag som er samla i Tromsø til 17. mai-komiteen og politikarane i Oslo.

I Aftenposten 13. april seier Høgres gruppeleiar i bystyret Bård Folke Fredriksen at ”det er unaturlig å markere forskjeller på en dag som grunnlovsdagen”.
Vi vil understreka at nasjonaldagen vår er ei feiring av grunnlova vår, og er slik sett ei feiring for alle som bur i Noreg.

Som folkegruppe har samane vore undertrykte gjennom hundreår i Noreg. Denne politikken har det offisielle Noreg teke eit oppgjer med. Samane er eit urfolk i Noreg, og samisk er eit offisielt språk i landet.

Noregs Mållag vil difor oppmoda 17. mai-komiteen i Oslo til å gå inn for at det samiske flagget skal heisast på offisielle flaggstenger i Oslo. Likeeins vil vi oppmoda komiteen til å senda ut melding der dei oppmodar alle skuleelevar som vil bruka det samiske flagget i 17. mai-toget til å gjera det.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no