Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inspirerande landsmøtetale

 (16.04.2005)

Melding. 16.04.05. - Språk er ikkje ei organisme. Tvert om er språka si utvikling, attendegang og eventuelle død alltid knytt til samfunnet dei nyttast i og maktforhold i samfunnet, sa årets landsmøtetalar Ole Henrik Magga.

Årets landsmøtetale vekte kjensler og engasjement. Ole Henrik Magga tala for møtelyden om korleis respekt for språket er respekt for menneske.

Inspirerande, sterkt og viktig var den unisone domen av Magga sin landsmøtetale. Nokre kunne og melda om tårer i augekroken. Magga talte både om nynorsk, samisk og kvensk og trekte fram likskapane i kampane. ”Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv” heitte talen til Magga og han takka i talen for stønaden frå målrørsla opp gjennom åra.

Magga understreka at menneska ikkje kan frita seg frå ansvaret for utviklinga til eit språk, med å syne til kva som er naturleg.

Sjølv om det finst likskapar mellom kampen for nynorsk og samisk peikar Magga på at medan nynorsken fekk sitt jamstellingsvedtak i 1885 så var bruken av samisk og kvensk forbode i skulane mellom 1880 og 1898. Fyrst i 1992 fekk vi ei lovgjeving som seier at samisk og norsk språk er likeverdige og som i prinsippet garanterar samisktalande ein viss minimumsrett til bruk av språk i det offentlege rom i seks kommunar.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no