Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Leiartale

 (15.04.2005)

Melding. 15.04.05. Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, har helde leiartala frå Noregs Mållag.


Gode landsmøte!
Det er i år 21 år sidan sist Noregs Mållag var samla til landsmøte i Nord-Noreg. Så dette var på tide! Sist gong, i 1984, heldt vi òg til her i Tromsø. Då var det Kjartan Fløgstad som heldt landsmøtetalen. Han kom då med dei vidgjetne orda om at ”målet er maratonløpet og ikkje å komma i mål”. Målstriden hadde i seg sjølv ein verdi, meinte Fløgstad. Det var ikkje noko poeng å vinne målstriden, poenget var å halde honom ved like.

No vert ikkje målstriden halden ved like av seg sjølv. Der må vere folk som engasjerer seg seg, folk som har tru på at målstoda kan endre seg, folk som ikkje godtek det Kristin Clemet finn på. Og det er difor vi er samla her i Tromsø, for å føre målstriden vidare på ein betre måte.

Samstundes skal vi vere klar over at vi har venner òg blant bokmålsbrukarane. Dei to målblom-vinnarane, Reza Rezaee og Espen Udland, er framifrå døme på det.

Den gode målstriden skal vere positiv og offensiv. Kampanjen vår, ”Slepp nynorsken til!”, er nettopp det. Vi skal få fram kor viktig nynorsken er, at nynorsken passar inn i riksdekkjande media, og at media må take på alvor ideala om språkleg og kulturelt mangfald. Vi skal få fram ei forståing av det norske der nynorsken og språkleg mangfald går inn som ein sjølvsagt del. Og vi skal få fram at målsaka representerer eit internasjonalt prosjekt. Den offensive målstriden er såleis kulturpolitisk. Det er ikkje klammeformene i rettskrivinga som er grunnlaget for målpolitisk framgang. Det er ikkje endringar i dialektane som isolert sett utgjer trugsmålet mot nynorsken. Målsak er frå A til Å kulturpolitikk og kulturstyrking, det handlar om å knyte nynorsken til verdiar som kjennest som viktige, og om å gjere nynorsken til kvardagsspråk, gjere han synleg og normal for folk flest.

Dei siste par åra har vore ein kampperiode. Åtaka mot nynorsken har vore til dels alvorlege, særleg i sidemålssaka.
I fjor vår presenterte regjeringa stortingsmeldinga ”Kultur for læring”. Meldinga hadde framlegg som innebar ein dramatisk reduksjon av statusen til sidemålet. Jamstellinga mellom nynorsk og bokmål var reelt truga. Noregs Mållag gjekk då høgt på banen. Landsmøtet vårt vart prega av sidemålet, vi hadde ein landsfemnande kampanje om emnet og lobby-aktivitet. Resultatet vart det såkalla sidemålsforliket i Stortinget i juni 2004. Der heiter det at obligatorisk, skriftleg sidemålsopplæring skal vidareførast, og at sidemålet skal vurderast med karakterar på lik line med andre fag. Dette var viktig. Vidare skal sidemålseksamen i ungdomsskulen stå, jamvel om han no skal arrangerast i lag med hovudmålseksamen. I tredjeåret på vidaregåande vart det trekkeksamen for sidemålet. Det tilseier at 1/3 av alle elevane vil kome opp i sidemål. Alle kan altså kome opp i sidemål. Dessutan skal der vere nasjonale prøver i sidemål. Og det var ein siger. Clemet vann såleis ikkje. Jamvel om vi ikkje er heilt nøgd, har vi fått ei vurderingsordning som opprettheld statusen til sidemålet. Dette hadde ikkje skjedd, hadde det ikkje vore for den sterke innsatsen som målfolk over heile landet gjorde dei lagnadstunge månadene i fjor.

All merksemda kring sidemålet har skapt meir fokus på nynorsk-opplæringa allment. Og det er bra.
Her høyrer det òg med at vi har fått ein ny nynorsk-institusjon, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, opna av utdanningsminister Kristin Clemet for to veker sidan. Noregs Mållag er glad for senteret, og vi har tru på at det kan vere med på å styrkje nynorskopplæringa. Arbeidsoppgåvene er mange; dei gjeld sidemål, målbyte, haldningar, lærarane, rammevilkåra og mykje meir. Lanseringa av senteret skjedde i fjor vår under ein del støy, for senteret vart kopla til sidemålspolitikken i ”Kultur for læring”. Det verka som om regjeringa freista å selje sidemålet ved å tilby eit senter. Den limpinnen gjekk sjølvsagt ikkje Mållaget på. No er senteret der, vi har gode forventingar til det og vonar på godt samarbeid i tida framover.

Så til ei blanding av tragedie og komedie. Eg snakkar her om forsøket med sidemålsfritak i Oslo. Det var tragisk at Utdanningsdirektoratet i september i fjor gjekk på tvers av det stortingsvedtaket, og godkjente den omstridde sidemålssøknaden frå Oslo kommune. Halvparten av dei vidaregåande skulane skulle vere med på forsøk med fritak frå sidemål. Tanken frå kommunepolitikarane var at eit sidemålsfritak skulle gjere elevane betre i hovudmål samstundes som elevane fekk betre haldningar til sidemål. Desse tankane var, som alle her skjønar, lite innsiktsfulle. Alle seriøse norske faginstinsar slakta då òg fritaksforsøket. Universitetet i Oslo, Høgskolen i Oslo, Høgskulen i Volda og Lesesenteret sa som sant var at forsøket var fagleg uforsvarleg. Direktøren i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim, svara han ikkje forstod kritikken; sidemåls-søknaden var ein av dei beste forsøkssøknadene han hadde sett. Det bør kanskje nemast at sidemåls-søknaden var den fyrste søknaden Skarheim hadde sett; han hadde nett byrja i stillinga. Så han hadde vel rett på sin måte. Også Oslo kommune fekk problem. Ingen ville evaluere forsøket. Der var hemmelege møte med pedagogar i Sverige, men jamvel dei såg at sidemålsforsøket var useriøst, og takka høflig nei. Kva skulle ein då gjere? Svaret var å gå til NIFU STEP, ein samfunsfagleg forskingsinstitusjon som i fjor sa at dei ikkje hadde språkleg kompetanse til å fylgje opp og evaluere sidemålsforsøket i Oslo. Denne gruppa er det så Oslo kommune håper skal fylgje opp og evaluere sidemålsfritaket. Oslo kommune har fått frist til 15. april, altså i dag, til å kome med eit opplegg som Utdanningsdirektoratet skal godkjenne eller underkjenne. Svaret bør vere opplagt: Utdanningsdirektoratet må no underkjenne heile sidemålsfritaket i Oslo!

I staden kan ein lære av dei positive sidemålsforsøka som Noregs Mållag er involvert i, til dømes i Holmlia i Oslo og Tromsdalen vidaregåande skule her i Tromsø. Desse forsøka har ført oss på offensiven, og det er grunn til å vere stolt over innsatsen til lokale mållag. Dei har brukt av sine pengar til å finansiere positive sidemålsforsøk. Ein kan òg sjå på det Bærum Mållag har fått til; særs bra og spennande.
Og til dei i Høgre og Unge Høgre som framleis vil fjerne sidemålet, vil eg seie: De er jo så glade i EU; ja, så sjå til EU! Ta dykk ein studietur til EU! Lær av språkvitarar, pedagogar og regionalpolitikarar i EU-land, så vil de forstå at den norske språkstoda representerer eit ideal, og utgjer ein ressurs.
Når Noreg ligg på topp i skandinavisk språkforståing, så heng det saman med nettopp den mangfaldige språkstoda, ein er så van med å takle variasjon. Det vil Arne Torp fortelje meir om på eitt av seminara på sundagen.

Eg har snakka mykje om skulen. Skulen er i omforming: opplæringslova, nye læreplanar, privatskular, skulesamanslåingar, forsøk, nye organiseringsmåtar etc. Denne clemetskulen heng sjølvsagt ikkje berre saman med utdanningsministeren. Det er tale om internasjonale nyliberalistiske vindar og internasjonale avtalar, til dømes Bologna-avtalen. Verknadene finn på fleire nivå. På høgskular og universitet vert fag som nordisk og historie modulariserte. Studentane kan velje vekk emne som norrønt og talemål. Der skjer ei skuving frå det kollektivt orienterte og danningsorienterte i retning individet, individuell konkurranse og kortsiktig instrumentell nyttetenking.

Sidemålsfritaket i Oslo vert uttrykk for denne skuvinga. Det same er tilfellet med bortfallet av ein litterær kanon i norskfaget. Difor er der mange utfordringar for det nasjonale danningsaspektet som målsaka representerer. I den samanhengen er framlegget til ny fagplanen i norsk interessant. Det er der mykje tale om globalt perspektiv, og det er bra, men nemninga ”nasjon” er ikkje nemnt med eitt ord. Her står ein i fare for å sjangle frå ei altfor sjølvsentrert nasjonsgrøft på eine sida og over i den sjølvutslettande postmoderne gjørma på hi sida. Som Hans Skjervheim har sagt det: Dersom alt er like gyldig, vert alt likegyldig.

Det er i slike saker viktig at vi målfolk, som både er globale og nasjonale, kjem med gode innspel. Nasjonen er i og for seg ein kulturell konstruksjon, noko som er førestelt, men kva så? Slik er det med alle samfunnskategoriar; lokalsamfunnet og det globale samfunnet uttrykkjer òg kategoriseringar gjorde i hovuda på folk. Likevel kan dei vere viktige for folk. Vi må få fram at ei kategorisering som nasjonen ikkje treng å innebere noko negativt, at nasjons-oppfatninga er noko som heile tida har vore i endring. Målsaka har dreidd seg om ei opning av innhaldet i det nasjonale. Vi må argumentere for ei nasjonsoppfatning som gjev rom for mangfald, og som på same tid knyter seg til historia og til språket.

Så til noko meir konkret, nemleg boka. For nynorsken er kampen for nynorske lærebøker til same tid og pris som bokmålsbøker heilt avgjerande. Denne lærebokretten er heimla i ei eiga lov, tufta på jamstellingsprinsippet. Kva så med nynorske lærebøker dersom fastprissystemet på bøker forsvinn? Noregs Mållag hadde eit møte med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland om denne saka i januar. Vi fekk ikkje noko klart svar, men ho hadde full forståing for vårt syn. Tydelegvis er der no ein intern drakamp i regjeringa mellom kulturministeren og den såkalla moderniseringsministeren Morten Meyer. Valgerd har sjølv vist eit personleg engasjement for nynorsken. Ho har vore med på å gjere nynorsken synleg og har tala nynorskens sak. Det fortener Valgerd ros for! No står så eitt av dei viktigaste slaga, nemleg slaget om lærebøkene. Så kjære Valgerd. Det er no naudsynt no at du står løpet fullt ut, dette kan du ikkje gje deg på!

Læremiddel i nynorsk er òg viktige for innvandrarar. Innvandrarar må få rett til å lære seg nynorsk, og det føreset at vi får læremiddel retta mot innvandrarar.

Boka vil ikkje forsvinne. Det er samstundes slik at skulen har teke i bruk meir digitale læremiddel. (For Noregs Mållag var det ein viktig siger at Stortinget i juni 2004 oppheva unntaket for språklege parallellutgåver som galdt administrativ programvare.) No treng vi nynorske parallellutgåver av digitale læreverkty og andre kunnskapsressursar.

Målrørsla er nøkterne, smålåtne folk som ikkje feirar i utide. Vi må likevel nemne sigeren i Sandnes der Sandnes Mållag vann rettssak om blandinga av nynorskgrupper og bokmålsgrupper. Sandnes kommune tapte på alle punkt. Konklusjonen i den såkalla førebelse avgjerda er at den nye opplæringslova med overgang frå klasse- til gruppeorganisering ikkje kan gå på tvers av retten elevar har til eigne språklege parallellgrupper. Domen var eintydig, og han må få konsekvensar for praksisen andre stader. Rett nok prøver Sandes kommune å undergrave domen, men Mållaget står på. Sandnes Mållag fortener ros for innsatsen i denne viktige prinsippsaka!

Spørsmålet om gruppeblanding viser ein viktig skilnad mellom majoritet og mindretal. For bokmålselevar er det ein eintydig fordel med språkleg gruppeblanding, med språkkløyvde lærebøker og med sidemålsopplæring i anna fag enn norskfaget. For mindretalet, nynorskelevane, er slik blanding ikkje ein fordel, for dei møter så mykje bokmålspress elles i samfunnet. Denne innsikta er velkjend frå internasjonal tospråksforsking. Jon Todal har peika på parallellane mellom samisk og nynorsk her. For minoriteten som møter majoritetsspråket på andre område i samfunnet, må skulen stø positivt opp på alle moglege måtar. Reelt mangfald, reell jamstelling, tilseier at mindretalet får positiv diskriminering, slik Kulturmeldinga legg opp til.

Denne innsikta illustrerer samstundes at skulemålsarbeid ikkje berre kan knytast til skulen. Vinnaren av årets lokalavis, Os- og Fusaposten, er nynorskavis, og redaktøren, den gamle riksmålsmannen Christian Fr. Stabell, seier at nynorskprofilen til avisa truleg er avgjerande for at nynorsk framleis er skulemålet i Os.

Det er nok ei overdriving. Nynorsken står på mange pilarar i Os. Men utan nynorsk i avisene, utan nynorsk som offentleg tenestemål, utan alt kulturarbeidet knytt til nynorsk, så vert òg meir problematisk å halde på nynorsk som skulemål. Offensivt skulemålsarbeid må difor knytast til heile lokalsamfunnet og til alle dei områda som er viktige og positive for folk flest.
Når vi i framlegg til nytt arbeidsprogram peikar på media, Internett, offentleg målbruk og næringsliv, så vil ikkje det seie at vi meiner skulen eigentleg er mindre viktig enn før. Men nynorsken må vert meir synleg òg utanfor klasserommet.

Norsk språkpolitikk er i omforming. Til hausten kjem ei utgreiingsnemnd med framlegg til ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Det ser vi fram til, og Noregs Mållag må vere med i ordskiftet. Vi må få ein språkpolitikk som ser på heile den norske språkstoda som ein ressurs. Vi treng ei styrking av norsk språk i høve til engelsk, ikkje minst i høgare utdanning. Og norsk språk må verte budd på den nye språkteknologiske revolusjonen som kjem, nemleg bruken av taleteknologi. Om ti-femten år vil vi ha teknologiske omgjevnader som krev at vi snakkar til maskinane. Og vi må då kunne snakke på dialekt. For å få det til, må vi ha grunnlag for ein norskspråkleg taleteknologi. Det føreset at det er samla ei stor mengd tale og skrift elektronisk, som kan brukast, dvs. det som er kalla ein norsk språkbank. Dette kan berre vere ei offentleg oppgåve. Likeins må vi få ei særleg nynorsk-satsing. Regjeringa har i Kulturmeldinga sagt at perioden fram til 2013 skal brukast til ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur. Då hastar det. Planane for eit elektronisk nynorsk leksikon er der, det er småpengar som trengst.

I haust er det stortingsval. Noregs Mållag har gjeve innspel til programarbeidet i dei politiske partia. Der ser samla sett ut til å vere lite interesse for å setje språk på dagsorden. Men ein måte å gjere det på, er nettopp gjennom mediekampanjen vår. Og elles skal vi vere i stand til å takle eventuelle populistiske åtak mot sidemålet. Når folk røyster, kan det elles vere eit poeng å tenkje over: Kva har dette partiet gjort for nynorsken?

Noregs Mållag stør samane sin kamp for språk og kultur. Både for nynorsk og samisk dreier det seg om å skape forståing for språkleg mangfald og skape rammevilkår for eit reelt mangfald. Vi må få ein forpliktande politikk som fylgjer opp det Kulturmeldinga seier om å gjere samisk synleg, også på andre område enn dei som berre er retta mot samar, t.d. på skilt i Stortinget.

Noregs Mållag skal vedtake eit internasjonalt program. Det er viktig at Noregs Mållag viser internasjonal solidaritet. Men vi har òg mykje å tene på internasjonalt samarbeid. Vi kan lære av katalanarane. Likeins kan målrørsla og den samiske rørsla lære av kvarandre. Den samiske rørsla har t.d. vore sterkt internasjonalt orientert. Det er då ei stor glede for oss at Ole Henrik Magga i morgon skal halde hovudtalen på landsmøtet.

Den globaliserte framtida er fleirspråkleg. Gamle målpolitiske problemstillingar som ”eittspråksline” og ”tospråksline” uinteressante. Som det vart sagt her i Tromsø for 21 år sidan, er målstriden eit maratonløp. Målet er likevel å få mange fleire til å velje nynorsk, og at nynorsken skal få ein sterkare posisjon. På grunn av bokmålsveldet er det viktig at fokuset er på nynorsken. Det er ikkje mangfalds-arbeid å fremje bokmål i nynorskområde. Tvert om. Vi treng endå sterkare nynorskbastionar for å styrkje nynorsken som heilskap.

Det er sjeldan det har vore så mange ulike lag representerte. Særleg gledeleg er det sjølvagt at vi har så mange nordfrå. Det er viktig for målarbeidet her oppe at heile landsfylkingen er samla her.
Landsmøtet skal gjere fleire viktige vegval: tre-årig arbeidsprogram, internasjonalt program og program for regional organisering. Eg håper at dette landsmøtet kan fungere som ein politisk verkstad, og at vi får opne og konstruktive ordskifte. Oppmodinga mi vert: Ta del i ordskiftet! Kom med synspunkt, innspel, spørsmål og kommentarar, både på talerstolen og i korridorane. Det er de som utgjer landsmøtet.
Eg vil ynskje alle eit godt landsmøte!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no