Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Reza Rezaee!

 (15.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 15.04.05. Ved opninga av landsmøtet i Norges Mållag mottok Reza Rezaee målblome frå Norges Mållag. Han fekk målblomen for sitt arbeid for nynorsk i sidemålssaka i Oslo.
- Eg fekk aldri høve til å lære nynorsk då eg kom til landet, seier Reza Rezaee, men eg vil arbeide for at andre innvandrarar skal få den sjansen eg aldri fekk.

Reza Rezaee trekk fram at då han kom frå Iran som politisk flyktning i 1989, var det frå eit land der det å tale ulike dialektar eller språk ikkje er akseptert. Difor meiner han at kampen for nynorsken er så viktig at han let seg verve til målrørsla.
- Dette er noko av det største som har skjedd meg i Noreg, sa ein engasjert målblomemottakar til landsmøtet.

Internasjonal leiar og bystyrerepresentant for SV, Reza Rezaee, får målblomen for hugheil innsats for nynorsken.
- Reza Rezaee får målblomen for personleg å ha fylgt opp alle fasane i sidemålssaka i Oslo, stilt kritiske spørsmål, vidareformidla synspunkt, og halde oss informert. Han har vore nynorskens mann i bystyret, sa Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, i sin takketale.

Bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/Reza%20Rezaee%2Ejpg">Reza Rezaee</a> og enno eit bilete av <a href="http://www.nm.no//filer/Reza%20Rezaee2%2Ejpg">Reza Rezaee</a>

Vil du snakke med Reza Rezaee eller treng meir informasjon: Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no