Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Slepp nynorsken til!

 (15.04.2005)

Pressemelding. 15.04.05. I dag opnar landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø. Det er eit offensivt landsmøte som meiner at det er på høg tid å sleppe nynorsken til i VG og Dagbladet!

Ved opninga av landsmøtet vil Noregs Mållag presentere sin nye kampanje; Slepp nynorsken til! Dette er ein kampanje for at VG og Dagbladet skal sleppe til nynorsk på redaksjonell plass.

- Dette handlar om å ta på alvor det språklege og kulturelle mangfaldet. Om å få fram verdien av det norske – nynorsk, bokmål og dialektane. Dagbladet og VG må spegle dette mangfaldet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

- Nynorskbrukarane utgjer ei stor gruppe i landet vårt, og det er viktig at desse lesarane vert tatt på alvor. Det vil gje språkleg toleranse der det trengst, og språkleg sjølvtillit der det trengst, slår han fast.

Landsmøtet varer frå i dag fredag 15. april til søndag 17. april 2005. Landsmøtehotellet er SAS Radisson i Sjøgata 7 i Tromsø sentrum. Landsmøtet tek til klokka 13.00.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)
Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/8469/9447">landsmøtet</a>

---
Dagsorden for landsmøtet

Fredag 15. april 2005
10.00 Innsjekking
13.00 Opning og konstituering
13.45 Utdeling av Nynorsk barnelitteraturpris 2004
Utdeling av Målblome til mellom anna SV-politikaren frå Iran Reza Rezaee for arbeidet for nynorsk i Oslo.
14.45 Lansering av mediekampanjen: Slepp nynorsken til!

15.00 Leiartale
v/ Endre Brunstad
Ordskifte
15.45 Kaffipause
16.55 Årsmelding 2004-2005 v/ Karstein Bjørge
Ordskifte, godkjenning

17.35 Regional organisering av Noregs Mållag
v/Håvard Teigen
Ordskifte
18.20 Innstilling frå fullmaktsnemnda
19.15 Slutt for dagen

21.00 Konsert med gruppa Vajas på Kafe Cirka

Laurdag 16. april 2005
09.00 Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv
Landsmøtetale ved Ole Henrik Magga
Ordskifte

11.00 Internasjonalt program v/Endre Brunstad
11.45 Rekneskap 2004
v/Gro Morken Endresen
12.00 Matpause

13.00 Arbeidsprogram 2005 - 2008 v/Berit Rekve
14.30 Budsjett 2006, økonomiplan 2006-2008, årspengar 2007
v/Gro Morken Endresen og Karstein Bjørge
15.00 Kaffipause

15.20 Lovendringar og andre landsmøtesaker
Innleiing ved Karstein Bjørge
16.00 11. Fråsegner
16.30 Helsingar
17.00 Slutt for dagen

17.30-19.00 Byvandring i Tromsø

20.00 Landsmøtemiddag og nattsete på hotellet
Målprisutdeling
Utdeling av heidersmedlemskap

Sundag 17. april 2005
09.30 12. Parallelle seminar
11.00 Vedtak arbeidsprogram
11.30 Vedtak internasjonalt program
11.50 Vedtak frå regionaliseringsutvalet
12.10 Vedtak økonomisaker
12.20 Vedtak lovendringar og andre landsmøtesaker
12.30 Matpause

13.30 Fråsegner
14.15 13. Val
14.45 Avslutning
15.00 Slutt

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no