Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ole Henrik Magga er landsmøtetalar

 (13.04.2005)

Melding. 13.04.05. Ole Henrik Magga er landsmøtetalar på landsmøtet til Noregs Mållag i Tromsø. Tittelen på landsmøtetala er Samisk og nynorsk i eit globalt perspektiv.
Han går på talarstolen laurdag 16. april 2005 klokka 09.00.

Ole Henrik Magga (fødd 1947) tok doktorgraden i 1986. Avhandlinga tok han, som den første nokonsinne, på morsmålet sitt, samisk. Magga har kjempa for rettane til urfolk og samar i mange år. Allereie i 1976 var han med og stifta Rådet for urbefolkninger. Han var formann i Norske Samers Riksforbund frå 1980 til 1985. Då Sametinget blei oppretta i 1989, blei Ole Henrik Magga den første presidenten, eit verv han hadde til 1997. På den måten blei han den fremste representanten og talsmannen for samane i Noreg. Magga er reindriftssame frå Kautokeino og professor ved Samisk høgskole, men han er også ein verdsborger. I 2002 blei han den første leiaren for FNs forum for urbefolkningar.

Opplysningane er henta frå <a href="http://nettportal.samlaget.no/nn/norge_etter/kap14/portrett/ne14.portr_magga.html">nettsida Portal: Noregshistoria etter 1850</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no