Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken i Troms

 (12.04.2005)

Melding. 12.04.05. Det er 21 år sidan sist Tromsø var landsmøteby. Det fleirkulturelle er ein viktig del av Tromsø sin identitet. Her møtast det samiske, det russiske, det kvenske og det norske.

Byen har det nordlegaste universitetet i verda og er blitt hovudstaden i Nord-Noreg.

På Hålogaland teater midt i byen står ei byste av Lars Berg, reist av, Studentmållaget i Tromsø. I 1971 vart teateret etablert som det fyrste regionteatret i Noreg. Berg hadde då kjempa heile sitt liv for eit Nord-Norsk teater. Det drøymde han om at det nordnorske målet skulle kunne nyttast på scena.

For regionen har ei nynorskhistorie
Magne Heide skal innleie om Nord-Norsk målreising på Landsmøtet til Noregs Mållag. Han skreiv hovudoppgåva «Nynorsk eller bokmål i folkeskolen i Troms fylke 1938 – 1945» om temaet for 20 år sidan.

– Det var etter rettskrivingsreformen i 1938 vi fekk den store overgangen i Troms, fortel Heide. I skuleåret 1940-41 hadde 178 skulekrinsar i Troms nynorsk som opplæringsmål. Det betyr at 48 prosent av elevane lærte nynorsk. Om ein ser vekk frå den nord-austlege delen, var dette jamnt spreidd over heile Troms.

Heide fortel at skulane etter 1938 på grunn av rettskrivingsreforma måtte bytte lærebøker. Når ein likevel skulle bytte velte mange nynorsk, rettskrivinga låg tett opp mot tromsmålet. Dette vart sett på som framtidsmålet. Det hjelpte òg på at målrørsla i Troms fylke var godt organisert på 30-talet.

– Attendegangen kom i 1955, fortel Heide. Nynorsken vart oppfatte som samnorsk og når Arnulf Øverland då reiste rundt og agiterte mot samnorsk vart det oppfatta som agitasjon mot nynorsken. Dei siste skulekrinsane gjekk attende til bokmål i 1967. Det var to krinsar i Tromsø kommune. I 1975 kom dei fyrste paralellklassene, også dei i Tromsø.

Soleis var tidsrommet kort der det ikkje var nynorsk i Troms. Heide legg til at det har vore liten motstand mot nynorsken i Nord-Noreg, og lite protestar.
– Endå til Harstad Tidend, som er ein konservativ avis, tok avstand frå fjerning av sidemål i opplæringa i fjor.

Teksten er henta frå Norsk Tidend 2/2005.

Marit Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no