Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Hurra for dialektbarne-tv!

 (12.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 12.04.05. – NRK Riks Tromsø gjer eit viktig arbeid for det språklege mangfaldet i barne-tv, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Få dagar før Noregs Mållag samlar seg til landsmøte i Tromsø vil han rose programleiarane for at dei brukar dialektar som speglar noko av det store dialektmangfaldet i Noreg. Både Christine Malnes Mathisen, Jon Kristian Gaare Blix og Mari Bjørnsdatter Knudsen er alle journalistar som er gode språklege føredøme.

– Program som «Stå opp» og «Midt i planeten» er veldig flotte program for barn. Der brukar programleiarane si eiga dialekt og det gjev viktige signal til barn og unge over heile landet, seier Endre Brunstad. Noregs Mållag er spesielt opptekne av at det språkelge mangfaldet må kome fram i presse og media, og vil frametter arbeide under slagordet «Slepp nynorsken til!». Dette vert ei av hovudsakene på landsmøtet i Tromsø.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348 (m)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no