Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Mediemållaget

 (12.04.2005)

Mediemållaget har hatt årsmøte og vald ny leiar. Den nye leiaren heiter Inger Johanne Sæterbakk. Ho var ein av fem på det første kullet med nynorskpraktikantar på Nynorsk mediesenter. Ho er i dag journalist i NRK. Ho får med seg eit nytt styre med mange unge journalistar.

På årsmøtet vart det lagt spesielt vekt på at Mediemållaget skal gje støtte og hjelp til dei som allereie er nynorskbrukande journalistar. I tillegg vil laget arbeide for meir nynorsk i media.

I fjor gav laget <a href="http://www.nm.no/side.cfm/1660/41577">Nynorsk redaktørpris</a> til Cathrine Sandnes og Hilde Haugsgjerd fordi dei har slept nynorsken til i dei redaksjonelle spaltane. Mediemållaget vil også i år dele ut denne prisen. Dette skjer til hausten knytt til 10. oktober, som er den utgjevingsdatoen for den første nynorskavisa Dølen.

Dei andre i styret er; Judith Litlehamar (Mediehøgskolen Gimlekollen), nestleiar, Knut Åge teigen (Snøball Film), skrivar, Maria Rivedal (NRK P3), Ingunn Solheim (Kanal 24) og Sonja Skeistand (TV2). Varamedlem er; Ingvild Bryn.

Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9354/9465">Mediemållaget</a>.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no