Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tverrkulturelt samarbeid gav siger for nynorsken!

 (08.04.2005)

Melding. 08.04.05. Mellom alle nøgde SV-delegatane på landsmøtet førre helg, smilte «nynorskfraksjonen» ekstra breitt! Reza Rezaee, Oslo, Jan Magne Dahle, Ørsta og Ingrid Opedal, Volda, er svært glade for den styrkinga av nynorskdelen av arbeidsprogrammet til SV dei neste fire åra som vart vedteken av landsmøtet.

- Programfesting av at eit nynorsk leksikon på internett, at framandspråklege i nynorskkommunar må få norskopplæring på nynorsk og at læremiddel, både bøker og dataprogram, skal finnast på begge målformer vert godt å ha med seg når SV skal vere med og styre kultur- og utdanningspolitikken etter valet til hausten, seier dei tre.

- At me skulle frå støtte frå Reza, som opprinneleg kjem frå Iran, var gledeleg seier dei to frå nynorskens kjerneområde i Ørsta og Volda. Men når vi fekk vite at det faktisk var han som fronta sidemålssaka i Oslo i bystyret, skjønar vi at nynorsken her har fått ein god alliert, seier dei. Reza er opprørt over at innvandrarar i nynorskkommunar ikkje får tilbod om opplæring på nynorsk, og vi vonar dette skal verte betre etter kvart. Programmet seier og at SV ikkje vil vidareføre sidemålsforsøket i Oslo, men styrke norskopplæringa både som hovud- og sidemål.

Viktig var det og å få inn i programmet det tiltaket som vert sett på som viktig av nynorskrørsla, nemleg eit allment leksikon på nynorsk på internett. Det er i dag på nettet mykje av kunnskapen vert henta, både i skule, arbeid og fritid, og er ikkje denne å finne på nynorsk er mykje tapt, seier Ingrid Opedal, som vonar samarbeidet mellom nynorskmiljøet i Volda, Ørsta og Oslo SV vil halde fram.

Nøgde med nynorskvedtak på SV-landsmøtet: Frå venstre Reza Rezaee frå Oslo, Ingrid Opedal frå Volda og Jan Magne Dahle frå Ørsta.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no