Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiar i Juristmållaget

 (07.04.2005)

Juristmållaget har hatt årsmøte. Laget har valdt eit nytt og ungt styre. Gunnar O. Hæreid frå Årdal og tilsett hjå Regjeringsadvokaten vart vald til ny leiar i laget. Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9354/9467">Juristmållaget</a>.

Årsmøtet vart opna med innleiing ved professor Carl August Fleicher. Han heldt både eit inspirerande og underhaldande føredrag med tittelen «Om å skrive og forstå nynorsk». Fleicher påpeika mellom anna at jus baserer seg på to grunnpilarar; 1) språk og 2) reelle omsyn. Påstanden hans var at for mange juristar ikkje forstår godt nok språket dei brukar og at dette innimellom kan ha dramatiske konsekvensar. Mellom anna meiner han at førstvoterande ikkje forstod det nynorske ordet «røynleg» i plenumssaka i Rt 1996 s. 524 (Lenadommen), og at dette kan ha verka inn på dommen.

Juristmållaget har siste året verva fleire nye medlemar. Ein av suksesshistoriene i året som har gått er skipinga av eit nynorskkurs for juristar og jusstudentar. Kurset var på Geilo, og professor Kåre Lilleholt og høgsterettsdommar Karl Arne Utgård var kurshaldarar.

Juristmållaget valde nytt styre. Ny leiar er Gunnar O. Hæreid. Han overtek etter Steinulf Tungesvik. Resten av styret ser slik ut: Kaja Breivik Furuseth, Solveig Prestegard, Jarand Felland og Arild Nesdal.

Vil du kome i kontakt med Juristmållaget? Send e-post til Gunnar O. Hæreid; <a href="mailto:goh@regjeringsadvokaten.no">goh@regjeringsadvokaten.no</a>

Les meir om <a href="http://www.nm.no/organisasjonen.cfm/9354/9467">Juristmållaget</a>.

Bilete frå årsmøte: Carl August Fleicher (til venstre) held føredrag medan Steinulf Tungevik og påtroppande leiar i Juristmållaget, Gunnar O. Hæreid, lyttar. (Foto: Hege Lothe)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no