Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Steinulf Tungesvik er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag

 (07.04.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 07.04.05. Noregs Mållag skal ha landsmøte i Tromsø frå fredag 15. april til sundag 17. april 2005. Det er ein samla organisasjon som møtest for å vedta ny offensiv strategi for nynorsken.

– Kampen for språkleg mangfald er viktig – både i Noreg og verda, seier leiar Endre Brunstad, som legg fram eit eige internasjonalt program for Noregs Mållag.

Endre Brunstad, som har vore leiar i Noregs Mållag i to år, har sagt frå seg attval. Valnemnda har samrøystes innstilt på at Steinulf Tungesvik vert ny leiar i Noregs Mållag.
Steinulf Tungesvik (39) kjem frå Skånevik i Sunnhordland og er i dag busett i Bergen. Han arbeider som forretningsadvokat. Tungesvik har lang fartstid bak seg i både Norsk Målungdom og Noregs Mållag. Han har politisk bakgrunn frå Senterpartiet, og var mellom anna statssekretær under sentrumsregjeringa.
– Det er ei spennande utfordring å bli spurt om å leia Noregs Mållag i jubileumsåret for unionsoppløysinga, seier Steinulf Tungesvik. Han meiner at året burde brukast til å oppheva nynorskforbodet i Dagbladet og VG.
– Det er på høg tid at nynorsken slepper til i Akersgata også, slår Steinulf Tungesvik fast.

Valnemnda har samrøystes kome fram til denne innstillinga til nytt styre: Kandidat til ny nestleiar er Eli Bjørhusdal. Ho er 33 år og bur i Luster i Sogn. Ho har hovudfag i nordisk og har erfaring frå Norsk Målungdom og Luster Mållag. Framlegg til ny styremedlem er Unn Røyneland (37), som er språkvitar ved Universitetet i Oslo. Nils Ulvund frå Ålvundfjord tek attval, medan Karstein Bjørge og Berit Rekve ikkje står på val. Framlegg til nye varafolk er: Anne Marit Godal (32) frå Oslo, Olav Skare (45) frå Tromsø, Anne Elise Winterhus (45) frå Stavanger og Sæbjørn Forberg (44) frå Skjåk.

For meir informasjon:
Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag, 926 60 175 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 22 47 71 13 eller 926 48 348 (m)

Steinulf Tungesvik, leiarkandidat, 91 80 56 20 (m)

Bilete av Steinulf Tungesvik ligg her: <a href="http://www.nm.no//bilder/steinulf_tungesvik.jpg">http://www.nm.no//bilder/steinulf_tungesvik.jpg</a> (Foto: Hege Lothe)

og her: <a href="http://www.nm.no//bilder/steinulf_tungesvik2.jpg">http://www.nm.no//bilder/steinulf_tungesvik2.jpg</a>
(Foto: Hege Lothe)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no