Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsksenteret opna i Volda

 (31.03.2005)

Onsdag 30. mars vart Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa opna i Volda av statsråd Kristin Clemet. Mange stilte spørsmål om senteret var eit plaster på såret eller ein styrke for nynorsken.

Eit stort pressekorps var til stades på pressekonferansen like før opninga, og fleire stilte kritiske spørsmål til Kristin Clemet kring satsinga på eit nynorsksenter på eine handa og arbeid for degradering av sidemålet på andre.
– Eg har aldri vore mot nynorsk, sjølv om eg har meint at det burde vera valfritt i den vidaregåande skulen, sa Kristin Clemet.
Statsråden hevda likevel at ho ikkje var mellom dei som hadde bastante meiningar om sidemålet.
Prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal vart spurt om ho såg senteret som eit plaster på såret.
– Me må heller sjå dette som eit flott høve til å gjera noko bra for nynorsken, svara ho.

Mange godord
Både statsråden sjølv og dei andre som fekk ordet ved den offisielle opninga var fulle av godord både om nynorsken og det nye senteret. Prosjektleiar Anne Steinsvik Nordal understreka at senteret skal vera eit nasjonalt kompetansesenter, der nettverksbygging og forsking over heile landet vil vera viktige prioritetar.
– Krav til kunnskap i både bokmål og nynorsk må inn i dei nye læreplanane, sa Steinsvik Nordal.

Eitt av fleire kompetansesenter
Nynorsksenteret er eitt av seks nasjonale kompetansesenter som regjeringa har opna under Utdanningsdirektoratet. Dei andre fagfelta som har eigne senter er lesing, matematikk, naturfag, fleirkulturell opplæring og IT i opplæringa. Kristin Clemet viste til at sjølv om evalueringa av desse sentra til no ikkje har kome særleg langt, tyder mykje på at slike senter kan gje gode resultat.
– Målet er at Nynorsksenteret skal auka kompetansen og kunnskapen om nynorsk i opplæringa, både som sidemål og hovudmål, og ikkje minst auka inspirasjonen og motivasjonen for faget, sa Clemet.

Alle må læra nynorsk
Det var likevel leiaren for Ivar Aasen-instituttet, Stephen Walton, som sette fingeren på ein viktig skilnad mellom det nyopna nynorsksenteret og dei andre fem sentra:
– Det er brei konsensus om at dei andre faga er viktige og naudsynte fag, og det er politisk umogleg å føreslå at heile eller delar av faga skal kunna gjerast valfrie eller kuttast bort fordi delar av elevmassen ikkje likar eller meistrar faga, sa Walton.
– Ein kan ikkje fjerna sannsynsrekning frå matematikken sjølv om elevane i til dømes Trøndelag ikkje likar sannsynsrekning.
Han utfordra vidare statsråden på synet hennar på sidemål ved å visa til internasjonal forsking på tospråklegheit: – Forskinga er eintydig. Mindretalsspråket kan berre overleva dersom også fleirtalet lærer det. Reservatspråka overlever ikkje. Å sikra opplæring i nynorsk for alle vert ei viktig oppgåve for Nynorsksenteret frametter, sa Walton.

Statsråden sin idé
Direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad valde ein annan innfallsvinkel i sin helsingstale.
– Me har ikkje bede om dette senteret, det var statsråden sin eigen idé. Dette utfordrar våre fordomar om kven som kan tenkja nytt og konstruktivt sa Grepstad, som samstundes nytta høvet til å lufta tanken om eit digitalt nynorsk leksikon.

Festmiddag med meining
Den offisielle opninga vart etterfylgd av ein festmiddag for inviterte gjester. Dette var høvet lokale ungdomar hadde sett seg ut til å få senda med statsråden nokre velvalde ord før ho reiste vidare til Oslo. Eit tjuetals demonstrantar frå lokale ungdomsorganisasjonar troppa opp både inne i salen og utanfor vindauga med banner og flygeblad. ”Sidemål for alle eller ingen”, og ”Ikkje offentleggjer nasjonale prøver” var slagorda. ”I sidemålsaka vert det kjørt fullstendig usakleg argumentasjon, der målet verkar å vere å få fjerna sidemålet til einkvar pris, sjølv om argumenta like gjerne kunne vore nytta mot matematikkundervisning” stod det i flygebladet. Clemet fekk med seg gratis skulebøker, med krav om at skuleelevar òg fortener det same.

Teksten er henta frå Norsk Tidend nr. 2/2005

Ragnhild Bjørge
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no