Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny leiing i Norsk Målungdom

 (21.03.2005)

Pressemelding NMU 21.03.05 Det 44. landsmøtet til målungdomen fann stad i Oslo 18.-20. mars, og her vart ei ny leiing vald.
Synnøve Midtbø Myking (20) frå Knarvik i Hordaland er vald som ny leiar. Ho er tidlegare landsstyrerepresentant, og har vore nestleiar denne perioden. – Me vil framleis arbeida for meir synleg nynorsk, seier Synnøve. – Mellom anna har me vedteke eit ambisiøst mål om å samla inn 25 000 underskrifter som oppmodar VG og Dagbladet om å sleppa nynorsken til.

Den nye nestleiaren er Margit Ims (22) frå Våle i Vestfold. Ola Haugen Havrevoll (20) frå Suldal i Rogaland tek attval som økonomiansvarleg, og Morten Elster (19) frå Oslo er ny skrivar. Elisabeth Skatvedt Haaland (20) frå Bryne i Rogaland og Trine Østereng (18) frå Oslo er nye sentralstyremedlemmer. Den nye leiinga tek sete i månadsskiftet juli/august.

For meir informasjon, kontakt sitjande leiar Sigbjørn Hjelmbrekke på tlf. 95 06 85 57 eller påtroppande leiar Synnøve Midtbø Myking på tlf. 90 02 66 18.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no