Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Elevar må ha rett til nynorske lærebøker

 (18.03.2005)

Pressemelding 18.03.05 – Fri pris på lærebøker vil ramme nynorskelevar. Difor krev Noregs Mållag at omsynet til nynorske lærebøker vert sikra juridisk før ein eventuell ny bokbransjeavtale vert godkjend, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

Kravet er presentert i høyringsfråsegn om bokbransjeavtalen og i møte med kulturminister Valgerd Svarstad Haugland.

– Ein ny bokbransjeavtale kan ikkje gå på akkord med retten nynorskelevar har til nynorske lærebøker, seier Endre Brunstad. - Denne retten er heimla i opplæringslova, og byggjer på prinsippet om jamstelling mellom dei to norske målformene. Mållagsleiaren ser det som sjølvsagt at regjeringa fører vidare offisiell norsk språkpolitikk.

Noregs Mållag har fått attendemeldingar frå bokhandlarar om at dei tvilar på at dei kan halda same pris for nynorskbøker som for bokmålsbøker i den vidaregåande skulen. I verste fall kan bokhandlarar la vere å ta inn bøker i det heile. - Det er uakseptabelt, seier Endre Brunstad. - Der må vere skaffeplikt for både nynorsk- og bokmålsbøker. Vidare må ansvaret for det språklege parallellitetskravet verte presisert.

– Språkleg rettferd føreset vidare at der vert lik pris på lærebøker i sentrale strok og i utkantane, seier Endre Brunstad. Det heng saman med den geografiske utbreiinga av nynorsk og bokmål.

For meir informasjon, Endre Brunstad kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no