Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringsfråsegn om bokavtalen

 (18.03.2005)

Høyringsfråsegn 18.03.05 Noregs Mållag si høyringsfråsegn om bokavtalen kan du lesa her.

Høyring om unntak frå konkurranselova for bokomsetning – bokavtalen

Noregs Mållag har følgt prosessen fram mot ny bokbransjeavtale med stor interesse. Vi har særskilt vore uroa over korleis ein skal handsama retten nynorskelevar har til nynorske lærebøker til same tid, pris og stad som bokmålsbøker. Denne retten er heimla i opplæringslova, og byggjer på prinsippet om jamstelling mellom dei to norske målformene. Ei endring av denne retten vil medføre eit dramatisk brot med norsk språkpolitikk.

I brev frå Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen som gjeld søknad om forskrift om unntak frå konkurranselova og overgangsordningar, står det følgjande om opplæringslova:

«Forholdet til opplæringslova
Det er i statsrådenes brev av 13. september d.å. minnet om kravet i opplæringslova § 9-4 om at lærebøker skal foreligge på bokmål og nynorsk på samme tid og til samme pris.

Opplæringslova § 9-4 er formulert slik at en skole ikke kan ta i bruk en lærebok med mindre denne foreligger til samme pris og tid på begge målformer. Det er således skolen som er pliktsubjekt etter bestemmelsen, ikke den som utgir eller selger lærebøkene.

På denne bakgrunn er bestemmelsen i opplæringslova § 9-4 foreløpig ikke reflektert i Bokavtalen.

Dersom den nye Bokavtalen eller andre utviklingstrekk i markedet skulle anses å gi grunn til endringer i opplæringslova eller øvrig regelverk på området, stiller foreningene seg i utgangspunktet positive til dette. Det antas at et eventuelt slikt arbeid vil måtte ta noe tid, og at dette i tilfelle må hensyntas på passende måte i forbindelse med vurderingen av overgangsreglenes varighet».

Noregs Mållag føreset at omsynet til nynorske lærebøker vert ordna juridisk før ein avtale vert godkjend. Det er altså ikkje tilstrekkeleg at ein set i verk ein avtale og i ettertid arbeider med å løysa grunnleggjande spørsmål om rettar for elevar med ulikt hovudmål. I den samanhengen vil Noregs Mållag særlege peike på desse momenta:

• Lik pris for nynorsk- og bokmålsbøker i grunnskulen
Noregs Mållag vil peika på at det må vera lik pris for skulebøker i grunnskulen, anten dei er på nynorsk eller bokmål. Om ikkje, vil det vera eit argument for somme til at skulen skal skifta opplæringsmål, jamvel om det ikkje finst språklege grunnar til det på staden.

Noregs Mållag er uviss på om dette omsynet kan sikrast opp mot anbodsreglane i EØS-avtalen. Vi bed departementet forvissa seg om at det ikkje medfører problem

• Lik pris for nynorsk- og bokmålsbøker i den vidaregåande skulen
Som Moderniseringsdepartementet sjølv har uttala i pressmelding frå september 2004, skal kravet om parallellutgåver av skulebøker til same tid og pris stå fast. Det er likevel uklårt korleis retten skal realiserast under ein ny bokavtale. Noregs Mållag får attendemeldingar frå bokhandlarar som varslar at dei tvilar på at dei kan halda same pris for nynorskbøker som for bokmålsbøker i den vidaregåande skulen. Det er avgjerande at departementet sikrar kravet om språklege parallellutgåver gjennom forskrift eller lov overfor forlaga.

• Skaffeplikt på skulebøker
Bransjeorganisasjonane tolkar det nye avtaleutkastet slik at det ikkje lenger kan vera skaffeplikt for skulebøker. Dersom det er tilfellet, kan bokhandlarar med eit fåtal nynorskelevar i distriktet sitt la vera å ta inn nynorskbøker i det heile, noko som vil gjera tilgangen vanskeleg. Det er uakseptabelt. Departementet må sikra den reelle retten for skuleelevar til å få tak i skulebøker på eige hovudmål, utan at dei risikerer at det tek lengre tid enn å få bokmålsbøkene.

• Lik pris i sentrale strok og i distrikta
Noregs Mållag er uroa for at skulebokprisane i distrikta vil bli høgare enn i sentrale strok, ut frå tanken om at transportkostnader m.m. ikkje lenger treng å fordelast på heile opplaget. Det vil i tilfelle ramma stort sett alle nynorskelevar – med tanke på den geografiske utbreiinga nynorsken har. Departementet må finna ordningar som held fast ved prinsippet om lik rett til utdanning og gratis utdanning i Noreg, i alle fall slik at det ikkje skal vera dyrare å vera skuleelev i distriktsnoreg.

• Presisere rettssubjektet for oppfølging av parallellitetskravet
Noregs Mållag har til no retta alle spørsmål som gjeld oppfølging av parallellitetskravet til skuleeigar, altså til fylkeskommunen. Vil ansvaret for at lova vert følgt også i framtida liggja her? Mållaget bed departementet om å avklara dette spørsmålet. Særskilt når saksfeltet kan sjå ut til å verta meir komplisert, er det viktig at ansvaret er klårt plassert og mest mogleg samla for ei eintydig lovforståing.

Noregs Mållag ser på desse momenta som avgjerande for at den språklege jamstellinga skal vera reell. Vi vil følgja nøye med i den vidare saksgangen.


For Noregs Mållag
venleg helsing

Endre Brunstad
leiar

Gro Morken Endresen
Dagleg leiar







Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no