Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsfritak er ikkje «i boks»

 (11.03.2005)

Melding 11.03.05 Noregs Mållag gjer merksam på at det ikkje er "i boks" nokon avtale om forskingssamarbeid, slik NRK formulerer det. Det moglege fagmiljøet det her gjeld, er NIFU STEP som er kontakta av Oslo kommune. NIFU STEP skal ha møte med kommunen om saka måndag eller tysdag neste veke. I fjor sa NIFU Step at "NIFU STEP alene ikke besitter nødvendig kompetanse for å gjennomføre denne evalueringa».

NIFU STEP driv med oppdragsforsking på skulespørsmål, og sa seg i fjor haust interessert i å evaluere forsøket med sidemålsfritak ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. NIFU STEP har derimot ikkje kompetanse på språkspørsmål, lesing og skriving som jo står i fokus i sidemålsforsøket i Oslo. Difor kontakta NIFU STEP fleire forskingsmiljø for å be om hjelp. Eitt av desse miljøa var den fremste autoriteten i Noreg på leseforsking, Lesesenteret ved dåverande Høgskolen i Stavanger (no Universitetet i Stavangert). Senterleiar ved Lesesenteret, Ingolv Austad skreiv brev til NIFU STEP 18. november 2004 der han avviste eit samarbeid av di han vurderte sidemålsforsøket i Oslo som umogleg å gjere ei truverdig vitskapleg forsking på. Svaret kan lesast her: http://www.nm.no/side.cfm/1660/41643

På denne bakgrunnen var NIFU STEP ikkje i stand til å formulere nokon søknad om evaluering av sidemålsfritaket.

Det er verd å merke seg at det berre er nokre månader sidan NIFU STEP sa ein "ikke besitter nødvendig kompetanse". Har ein så fått denne kompetansen på så kort tid? Og korleis kan ein eventuelt kome med motsett konklusjon av Lesesenteret?

Vi går ut frå at NIFU STEP vil vurdere denne saka på ein seriøs måte, og at ein då vil kunne forklare kva som gjer at ein sjølv eventuelt vil sjå på dette som eit seriøst forsøk. Fram til det eventuelt skjer, er det verdt å poengtere at det ikkje har kome i stand nokon avtale, og at det NIFU STEP har gjort til no, berre er å seie ja til å vurdere saka på nytt og å ha eit møte med Oslo kommune. I så måte kom sigersdansen Oslo kommune og Utdanningsdirektoratet hadde i går, litt for tidleg.

Noregs Mållag går ut frå at bystyret i Oslo og Utdanningsdirektoratet vil stå på sine tidlegare vedtak om at eit seriøst fagmiljø skal vere med på utforminga av forsøket og evalueringa av det. I så måte er ein framleis ikkje i «boks».

Elles vil Noregs Mållag vise til det positive innspelet frå Nynorsksenteret i Volda om alternativt forskingsprosjekt for å styrkje sidemålet i Oslo, mellom anna gjennom forsøk som er prøvd ut ved Holmlia skole i Oslo.




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no