Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ås Mållag 25 år

 (10.03.2005)

Melding 10.02.05 Ås Mållag vert 25 år i år. Like lenge har laget samarbeidd med Ås bibliotek om kulturkveldar. 17. mars vert det nok ein stor kulturkveld i Ås. Tema denne kvelden er norsk språkutvikling og lokal Follo-kultur.


Ås mållag ønskjer å samla folk kring litteratur, dikting, språk og song. Og litt kaffidrøs innimellom.

17. mars er tema Norsk språkutvikling og lokal Follo-kultur. Sylfest Lomheim held foredrag om Norsk språkutvikling i nyare tid.

Tone Holte: Ord og tonar frå Follo. Utgangspunktet er den eldre songtradisjonen i Follo. Tone Holte er oppvaksen i Oppegård og har mellom fleire andre bokproduksjonar gjeve ut Olafs sangskatt (2003), bygt på nedteikningar etter husmannsguten Olaf Kristiansen frå Østli (1896-1985).
Som faglitterær forfattar har ho skrive artiklar, og utarbeidd eit program kring folketradisjonar i Follo. Ho har også medverka ved musikkutgjevingar.

Karl Garder framfører småsoger på folkemål frå tidleg 1900-tal. Han er fødd på Garder i Frogn i 1919. Tidleg på 1950-talet skreiv han ned soger og stubbar i distriktet slik eldre folk uttala seg den gongen. Seinare har han, i samarbeid med Institutt for stadnamngransking, notert ned lokalgeografiske namn på teigar og andre stelle for alle gardsbruk i Frogn.
Namna har han plotta inn på kartet og lese inn på dialekt, og alt er nedteikna med lydskrift ved Universitetet i Oslo.

Tid og stad: kl. 19.30, Store sal, Ås Rådhus

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no