Svensk avslag på sidemålsfritak i Oslo
(03.03.2005)
Pressemelding. 03.02.05. No har òg Gøteborgs universitet sagt nei til å evaluere forsøket ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. –Utdanningsdirektoratet og Oslo kommune må innrømme at sidemålsfritaket i Oslo er ein fiasko, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.
– Avslaget frå Gøteborgs universitet viser at den faglege godkjenninga av forsøket med sidemålsfritak var undermåls, seier mållagsleiaren. Dei svenske forskarane har ganske enkelt sagt det same som norske forskarar sa i haust, nemleg at sidemålsforsøket er politisk, og at det fagleg ikkje held mål. Utdanningsdirektoratet og Oslo kommune har på si side ironisert over at norske forskarar ikkje vil gripe fatt i forsøket. - Det svenske avslaget viser det Noregs Mållag heile tida har hevda, nemleg at den faglege godkjenninga av forsøket var politisk, og ikkje fagleg. - Dette må få konsekvensar for leiinga i Utdanningsdirektoratet, meiner Endre Brunstad.
I mellomtida har mange skuleelevar fått øydelagt skulegangen sin – dei har vore brikker i eit kynisk målpolitisk spel sett i gang av politikarar i Oslo. Dette har så vore velsigna av Kristin Clemets mann i Utdanningsdirektoratet, Petter Skarheim. Han sa at han gjekk fagleg god for forsøket. Ingen fagfolk har gjort det.
Det har heile tida vore føresetnad bak godkjenninga av sidemålsfritaket at det skulle skje ei fagleg evaluering undervegs. - Ingen seriøse faginstansar vil evaluere fritaket. Difor er det ikkje anna råd enn å avslutte det.
Leiaren i Noregs Mållag meiner at Oslo kommune heller bør satse på positive forsøk som kan vere med på å styrkje sidemålsopplæringa. Noregs Mållag har sjølv teke initiativ til slike forsøk, t.d. ved Holmlia skole, og desse har hatt positive resultat.
For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.
Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg
|
|