Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Svensk avslag på sidemålsfritak i Oslo

 (03.03.2005)

Melding. 03.02.05. No har òg Gøteborgs universitet sagt nei til å evaluere forsøket ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo. –Utdanningsdirektoratet og Oslo kommune må innrømme at sidemålsfritaket i Oslo er ein fiasko, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad.
- Avslaget frå Gøteborgs universitet viser at den faglege godkjenninga av forsøket med sidemålsfritak var undermåls, seier mållagsleiaren. Tidlegare har alle norske faginstansar uttala at forsøket ikkje held fagleg mål. Utdanningsdirektoratet og Oslo kommune har på si side ironisert over at norske forskarar ikkje vil gripe fatt i forsøket. - Det svenske avslaget viser det Noregs Mållag heile tida har hevda, nemleg at den faglege godkjenninga av forsøket var politisk, og ikkje fagleg. - Dette må få konsekvensar for leiinga i Utdanningsdirektoratet, meiner Endre Brunstad.

Det har heile tida vore føresetnad bak godkjenninga av sidemålsfritaket at det skulle skje ei fagleg evaluering undervegs. - Ingen seriøse faginstansar vil evaluere fritaket. Difor er det ikkje anna råd enn å avslutte det.

Leiaren i Noregs Mållag meiner at Oslo kommune heller bør satse på positive forsøk som kan vere med på å styrkje sidemålsopplæringa. Noregs Mållag har sjølv teke initiativ til slike forsøk, t.d. ved Holmlia skole, og desse har hatt positive resultat.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no