Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fornyar ektepakta etter 95 år

 (02.03.2005)

Melding 02.03.05 Onsdag 2. mars blir BUL Ervingen og BUL i Bergen på ny eitt lag, over 95 år etter skilsmissa.
- Bergen ungdomslag Ervingen skal vere ein synleg fargeklatt i den mangfaldige kulturbyen Bergen, seier Vegard Opheim, som er innstilt som leiar i det nye laget i ei pressemelding.

For to veker sidan vedtok dei to tidlegare konkurrentane å samle kreftene i eitt lag. Bergen ungdomslag Ervingen er båe mållag, og vil jobbe for den norske folkelege kulturen. Vegard Opheim er ein av dei som har jobba lenge for å samle dei to bondeungdomslaga.

- Eg håpar vi blir eit lag der mange medlemmer på tvers av generasjonar møtest til mangfaldige aktivitetar med rot i dei folkelege tradisjonane. I samarbeid med utøvarar og andre organisasjonar skal vi gjere Bergen til eit kraftsentrum for vestnorsk folkemusikk og folkedans, fortel Opheim, og legg til:

- Vi skal gi publikum kulturopplevingar gjennom kurs, konsertar og oppvisningar i dans, musikk, song og teater.

Bondeungdomslaget Ervingen vart skipa i 1900. Men etter ein kraftig strid i laget, braut ein del av medlemene ut av laget, og stifta Bondeungdomslaget i Bergen i 1909. Dei siste tiåra har samarbeidet mellom laga vore svært godt, og eit stort fleirtal i begge laga ynskte å bli meir enn berre gode naboar.

Det nye laget får med seg rundt 330 medlemer i alderen 5-90 år. Bergen ungdomslag Ervingen skal vere eit lag for alle generasjonar, og arbeidet i det nye laget vil føregå både i Fensal og Gimle i Kong Oscars gate, slik som før.

Skipingsmøtet blir i Gimle, Kong Oscars gate 18 onsdag 2. mars kl 19.00.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no