Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Innspel i programarbeidet til dei politiske partia

 (01.03.2005)

Melding 01.03.05 Noregs Mållag har i samband med det pågåande programarbeidet til til komande stortingsvalkamp kome med nokre konkrete innspel i høve til programarbeidet. Innspela gjev uttrykk for dei sakene Noregs Mållag ser på som mest viktige i høve til nynorsk skriftkultur og språkpolitikk.
NYNORSK I SKULEN
Styrkje sidemålet
• Allmenn kunnskap i både nynorsk og bokmål er grunnlaget for språkleg jamstelling. Difor må sidemålet halde fram med å vere skriftleg og obligatorisk både i grunnskulen og i studieførebuande liner i vidaregåande skule. Sidemålsopplæringa må gjerast betre og meir spennande.

Styrkje nynorsk som hovudmål
• Nynorskelevane er utsette for språkleg press. Det er difor viktig med systematisk arbeid for styrkje nynorskopplæringa i skulen og gje nynorskelevane auka sjølvtillit. I lærarutddaninga må òg nynorskopplæringa betrast, og det må setjast av etterutdanningsmidlar til nynorsktiltak. Den kulturelle skulesekken må setje av midlar for å styrkje språkleg og kulturell sjølvtillit blant nynorskelevar.

• For å tryggje allmenne språkrettar må alle læremiddel i skulen liggje føre både på nynorsk og bokmål til same tid og pris.

• Som del av den språklege jamstellinga har elevar rett til å tilhøyre eigne parallellgrupper med nynorsk eller bokmål. I dag får kommunane ikkje tilført ressursar til slike parallellgrupper. Av omsyn til språkjamstellinga skal staten sikre finaniseringa av gruppene.

Nynorsk for innvandrarar
• For å sikre sosial og kulturell integrering må innvandrarar og flyktningar i nynorskområde få tilbod om nynorskopplæring. Det må utviklast gode læremiddel i nynorsk for innvandrarar.

NYNORSK OG IKT
Nynorsk leksikon på Internett
• For å få fleire oppdaterte kunnskapskjelder for nynorsk er det naudsynt med eit allment leksikon på nynorsk på Internett. Eit slikt leksikon vil vere til nytte for ei rad tiltak og mange brukargrupper, t.d. skuleelevar, studentar, medarbeidarar ved arbeidsplassar som bruker nynorsk og det allmenne publikumet. Det er ei statleg oppgåve å gå aktivt inn i finansieringa av eit nynorsk leksikon på Internett.

Praktisering av mållova på IKT-området
• Mållova må verte reell på IKT-området. Det føreset krav om minst 25% nynorsk innhald på offentlege Internett-sider. I tillegg må der vere tilbod om nynorsk brukargrensesnitt på offentlege Internett-sider. I den samanhengen er det føresmålsetenleg av staten å setje språkkrav ved innkjøp av offentlege IKT-tenester.

Norsk språkbank
• For at norsk skal fungere som fullverdig samfunnsberande språk, trengst det språkteknologiske ressursar. Det må no byggjast opp ein norsk språkbank der store mengder tekst og tale er elektronisk lagra og tilrettelagde for ulike typar bruk og gjenbruk. Språkbanken må ha materiale både frå dialektar, bokmål og nynorsk.


ALLMENN SPRÅKPOLITIKK
Styrking av norsk språkpolitikk
• Undervisningsspråket ved universitet og høgskular skal til vanleg vere norsk.

• I styrkinga av norsk språk må Språkrådet spele ei viktig rolle. Språkrådet må få tilført ressursar og ansvar for å styrkje alle sider ved norsk språk, mellom anna jamstellinga mellom nynorsk og bokmål.

• For å tryggje bruken av nynorsk må dei nynorske institusjonane og organisasjonane få rammevilkår som kan styrkje grunnlaget for drifta.

MEDIA
• 25 prosent av alle lokalaviser vert redigerte på nynorsk. For nynorskbrukarar i nynorskområda er det avgjerande at lokalavisene gjennom pressestøtta har rammevilkår som gjer det mogleg å utvikle avisene vidare.

• Nynorsk treng avisstoff med riksperspektiv. Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor må få levelege vilkår for drifta si.

• Målet om minst 25 prosent nynorsk i NRK har vore viktig for synleggjeringa av nynorsken. Denne målsetnaden må stå ved lag, og gjelde i alle kanalar og programfelt.

• Den viktigaste forma for pressestøtte kjem gjennom momsfritak. Det er særleg dei store og rike avisene som får glede av denne støtte. Diverre har fleire av desse avisene redaksjonelt forbod mot nynorsk, og det er i strid med målet for pressestøtta, nemleg å fremje ytringsfridom. Riks- og regionaviser med eit opplag på over tjue tusen bør ha minst fem prosent eigenprodusert stoff på nynorsk for å få fullt momsfritak. For lokalaviser og særlege meiningsaviser må der gjelde andre reglar.

• I utviklinga av gode nynorskjournalistar kan Nynorsk mediesenter vere nyttig. Mediesenteret bør verte ei sjølvstendig stifting med finansiering frå statsbudsjettet.




Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no