Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Norsk-læreplan med åtak mot nynorsken

 (28.02.2005)

Pressemelding 28.02.2005 – Utdanningsdirektoratet set seg over stortingsvedtak i framlegget til ny læreplan i norsk. Framlegget representerer eit alvorleg åtak på den skriftlege opplæringa i båe målformer, seier leiaren i Noregs Mållag, Endre Brunstad.

- Utdanningsdirektoratet kjem med gjennom framlegg om berre ein standpunktkarakter i norsk skriftleg etter grunnskulen. Den karakteren skal omfatte både hovudmål og sidemål, men ha ei mindre vekting av sidemålet. - Her prøver Utdanningsdirektoratet seg med omkamp, seier Endre Brunstad. Under handsaminga av stortingsmeldinga «Kultur for læring» i juni 2004 slo stortingsfleirtalet fast at opplæring i sidemål skal verte vurdert på lik line med andre skulefag. - No må Stortinget gripe inn, og ikkje la Utdanningsdirektoratet undergrave jamstellinga mellom nynorsk og bokmål, seier Endre Brunstad.

Endre Brunstad vil dessutan ha presisert tydelegare at der skal vere krav om skriftlege dugleikar i båe målformer for å oppnå allmenn studiekompetanse. - Det må òg gjelde for dei som oppnår studiekompetanse gjennom yrkesfagleg utdanningsprogram, seier Brunstad.

- Utdanningsdirektoratet må vidare talfeste kva sidemålet skal telje ved karaktersetjinga på fyrste året i vidaregåande skule.
Leiaren i Noregs Mållag er uroa over at det vert lagt opp til ei nedprioritering av sidemålsskrivinga. - Sidemålet skal etter framlegget nyttast til kåseri, hovudmålet til resonnerande tekstar. Denne ulikskapen skaper ikkje betre språkopplæring, seier Brunstad. - Dette vil undergrave statusen til nynorsken som jamstelt skriftspråk som nyttast på alle samfunnsområde.

Noregs Mållag vil i tida framover arbeide for at den nye fagplanen i norsk fylgjer dei retningsliner som er fastsette av Stortinget.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no