Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk-normeringa i det blå

 (23.02.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 23.02.05. – Nynorskbrukarane hadde fortent ei klårgjering av nynorskrettskrivinga, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. – I staden gjev Kulturdepartementet signal om uvisse og omkamp når det no seier at nynorskrettskrivinga ikkje skal vurderast før eit nytt «normeringsregime» er på plass.

– Vi hadde sett føre oss ei viss innstramming i læreboknormalen, men elles ro kring rettskrivinga, seier Endre Brunstad. Kulturdepartementet er på si side misnøgd med at Norsk språkråd ikkje gjekk inn for å oppheve skiljet mellom læreboknormalen og sideformer. – Det store fleirtalet av nynorskbrukarar ville halde på denne todelinga, påpeikar mållagsleiaren.

Endre Brunstad stiller seg vidare undrande til kva slags samfunnsforankring det nye «normeringsregimet» skal ha. I den samanhengen har han merka seg synspunkta om at høyringsfråsegnene i samband med nynorskrettskrivinga ikkje var representative nok. Brunstad reagerer på desse synspunkta: – Det var mange språkorganisasjonar, institusjonar, forlag og omsetjarorganisasjonar som uttala seg. Noregs Mållag hadde ein særs grundig prosess før ein formulerte sitt syn. Elles hadde alle sjansen til å uttale seg, og saka var så mykje opp i ålmenta at ingen språkinteresserte kunne unngå å få henne med seg.

– Spørsmålet vert så korleis eit nytt normeringsregime eventuelt skal skape betre representativitet, spør Endre Brunstad. – Og er ein interessert i det? Til no har den største brukarorganisasjonen for nynorsk, Noregs Mållag, vore halden ute av prosessen med omdanninga av Språkrådet. – Kulturmeldinga legg vekt på at språkpolitikken skal ha ei samfunnsmessig forankring, og då må ein vise det att i praksis, fastslår Endre Brunstad.

For spørsmål, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no