Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Inga klårgjering om nynorskrettskrivinga

 (23.02.2005)

Kommentar. 23.02.05. To år etter at nynorskseksjonen i Norsk språkråd gjorde vedtak om nynorskrettskrivinga har Kultur- og kyrkjedepartementet (KKD) gjeve svar: KKD er misnøgd med at nynorskseksjonen ikkje vil oppheve skiljet mellom hovudformer og sideformer. Det skal ikkje skje endringar i nynorsknorma før ein har fått eit nytt normeringsregime. Svaret var ikkje overraskande. Merkeleg er derimot påstanden om at fråsegnene i høyringsrunden ikkje skulle vere representative nok.

Utgangspunktet for det omfattande arbeidet med nynorskrettskriving var at KKD i brev av 5.12.2000 ikkje ville godkjenne einskildendringar i nynorskrettskrivinga. I staden bad ein Norsk språkråd "lage ei utgreiing som nærmare drøftar korleis skiljet mellom hovudformer og sideformer eventuelt kan takast bort også i nynorsk".

Språkrådet laga så det omfattande høyringsdokumentet "Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til ein revisjon av rettskrivinga i nynorsk. Norsk språkråd 13.11.02".

Etter ein omfattande høyringsrunde viste det seg at fleirtalet av høyringsfråsegnene gjekk inn for å halde på skiljet mellom hovudformer og sideformer. Det var òg synet til Noregs Mållag.

Noregs Mållag hadde ein særs omfattande høyringsrunde. Det byrja tidleg. Som resultat av ein studie- og ordskifteprosess vedtok landsmøtet i 1999 eit prinsippvedtak om normering. På landsmøtet 26.–28. april 2002 vart hovudlinene i det prinsippvedtaket vidareførde gjennom vedtaket om rettskriving i nynorsk. Vedtaka i 1999 og 2002 fekk tilslutning frå eit overveldande landsmøte-fleirtal. Hausten 2002 var der ei intern høyring hjå lokallaga om normeringsspørsmålet. I det heile teke har det vore lagt mykje arbeid inn på normspørsmålet.


I den samanhengen vert det direkte provoserande når KKD i sitt brev datert 16.02.05 skriv:

"På rådsmøtet [dvs. møte i Norsk språkråd] vart det også reist tvil om kor representative dei innkomne høyringsfråsegnene eigentleg var. Det kom fram at dei i alle fall ikkje kunne seiast å representera noko breitt spekter av relevante interesser, og at ingen aktørar innanfor skuleverket hadde uttalt seg. Det var heller ikkje kome fråsegner frå pressehald eller frå store, landsomfattande organisasjonar."

Noregs Mållag er med sine over 10 000 medlemer og 200 lokallag den største landsfemnande organisasjonen for nynorsk. Organisasjonen samlar òg ganske mange lærarar og pressefolk. Den grundige handsaminga i organisasjonen skulle borge for ein viss representativitet. Der kom òg fråsegner frå andre nynorskorganisasjonar, institusjonar, universitet, høgskular, omsetjarforeiningar og forlag. Alle hadde like stor sjanse til å kome med fråsegner.

Meir ærleg ville det vere at KKD sa at ein ikkje fekk det svaret ein ville ha.

I og for seg er ikkje vedtaket frå KKD eigna til å provosere. Det er samstundes problematisk at ein ikkje vil vurdere dei einskilde endringsvedtaka som Språkrådet faktisk gjorde, t.d. i retning innskjerping av normalen. I realiteten overlet no KKD nynorsken til sin eigen lagnad – heilt til ein har fått eit eigna normeringsregime. Her er det grunn for Noregs Mållag å vere uroa.

Det er framleis uklårt kva slags normeringsregime ein skal ha etter at Norsk språkråd er lagt ned. Det er òg uklårt om Språkrådet skal ha normeringsansvar. Noregs Mållag er ikkje representert i prosessen med å omdanne Norsk språkråd. Det er med på å gjere oss uroa over kva slags representativitet som skal vere rådande i norsk språknormering og språkpolitikk i tida framover.

EB
----------
Vedtaket frå KKD:

Norsk språkråd
Postboks 8107 Dep
0032 OSLO


Dykkar ref Vår ref Dato
2000/768 KU/KU3 IE:pbp 16.02.2005

Spørsmålet om godkjenning av endringar i bokmåls- og nynorskrettskrivinga
1 Innleiing

Vi gjer i dette brevet greie for behandlinga av dei rettskrivingsvedtaka som er sende departementet til godkjenning i samsvar med § 5 i dei vedtektene som gjaldt for Norsk språkråd før omdanninga 1. januar 2005, jf. brev av 16. juni 2003 og 23. mars 2004. Som dokument i saka inngår m.a. også eit eige framlegg frå Voss mållag til ny rettskriving i nynorsk motteke i brev av 14. november 2003, og ein lett revidert versjon av det same motteken i brev av 1. juni 2004.

Dette brevet behandlar også dei normeringane som fagnemnda har gjort vedtak om etter det siste rådsmøtet i februar 2004, og som er oversende departementet til godkjenning etter behandling i interimsstyret, jf. brev av 31. januar 2005.

I all hovudsak godkjenner departementet dei vedtekne endringane i bokmål. Det som ikkje blir godkjent, er først og fremst endringar i bøyingsformene av visse substantiv, dessutan vedtaket om å ta talformene tyve og tredve inn i den offisielle bokmålsnorma.

For nynorsk konkluderer departementet med at det framlegget som ligg føre, ikkje er avklarande nok til at det i denne omgangen er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer. Dei fleste vedtaka som er felles for bokmål og nynorsk, blir likevel godkjende.

Av praktiske grunnar fastset departementet at dei godkjende endringane skal gjelda frå og med 1. juli 2005.

Det som med dette er godkjent, inneber at det i bokmål ikkje lenger vil vera noko skilje mellom hovudformer og sideformer, men at alle valfrie former er normrette i alle språkbrukssituasjonar.

Departementet konstaterer at ein ikkje har lykkast i å koma fram til ei tilsvarande løysing i nynorsk. Både prosessen som har vore, og dei fråsegnene som vart vedtekne på rådsmøtet i 2003, viser likevel at dette spørsmålet ikkje har tapt sin aktualitet.

Spørsmålet om ein skal gå i gang med enda ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga, kan ein tidlegast koma tilbake til etter at omdanningsprosessen i Norsk språkråd er endeleg avslutta.

Vi ber om at Norsk språkråd går ut med nødvendig informasjon om rettskrivingsendringane. Det må i denne samanhengen også koma klart fram kva det er som ikkje er godkjent, slik at det ikkje oppstår mistydingar om dette.

2 Bakgrunn
I brev av 28. januar 2004 gjorde vi greie for korleis departementet såg føre seg den vidare behandling av rettskrivingsvedtaka frå rådsmøtet i 2003, basert på omtalen av saka i St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 (kulturmeldinga).
Utgangspunktet i kulturmeldinga er at norsk rettskriving skal stabiliserast, dvs. at ein så langt råd er skal unngå nye og hyppige endringar i gjeldande rettskriving, både meir omfattande reformer og årvisse justeringar i enkeltspørsmål. Det vart derfor presisert at dei innsende rettskrivingsframlegga måtte vurderast som ledd i ein samla gjennomgang av heile rettskrivingssituasjonen. Den konkrete problemstillinga vart formulert slik: ”Spørsmålet er mellom anna om dei innsende endringane kan seiast å innebera ei forenkling som vil leggja til rette for framtidig stabilitet, eller om stabiliteten er best tent med at ein heilt eller delvis held fast ved gjeldande rettskriving.”

I Innst. S. nr. 155 (2003–2004) gav familie-, kultur- og administrasjonskomiteen samrøystes støtte til ”intensjonene bak å søke [å] stabilisere norsk rettskrivning”. Komiteen tok i denne samanhengen departementet sine vurderingar til etterretning. Komiteen var samd i at dette tilsa at ein i framtida burde unngå hyppige endringar i rettskrivingsnormalane.

I kulturmeldinga vart det vidare vist til den planlagde omdanninga av Norsk språkråd, og at det eksisterande normeringsregimet dermed ville falla bort. Det vart derfor streka under at den samla gjennomgangen av rettskrivingsstituasjonen også ville omfatta ei vurdering av korleis det i framtida skal arbeidast vidare med slike normeringsspørsmål som framleis kan koma opp, og kva funksjon den nye institusjonen som skal avløysa Norsk språkråd, eventuelt skal ha i så måte. Meldinga konkluderte med at departementet ville koma tilbake til Stortinget med dette i løpet av 2004, mest truleg i samband med framlegget om å etablera det nye kompetansesenteret for norsk språk.

Denne planen er seinare noko endra ved at departementet i samband med framlegget til statsbudsjett for 2005 foreslo å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005, men slik at det skal arbeidast vidare med spørsmålet om korleis institusjonen skal organiserast og styrast på permanent basis. Det vart her vist til Ot.prp. nr. 83 (2004–2005) om oppheving av lov om Norsk språkråd, der det er gjort nærmare greie for kvifor det ikkje bør takast endeleg avgjerd i desse spørsmåla før det oppnemnde interimsstyret er kome eit godt stykke på veg i arbeidet sitt. I Innst. O. nr. 6 (2004–2005) har familie-, kultur- og administrasjonskomiteen teke dette til etterretning.
Det følgjer av dette at det enno ikkje er aktuelt å avklara innhald og innretning av eit framtidig normeringsregime. Departementet har likevel ikkje funne det nødvendig å venta lenger med å ta standpunkt til dei rettskrivingsframlegga som ligg føre. Tvert imot har departementet kome til at ei avgjerd i rettskrivingssaka vil vera ein fordel for den vidare saksgangen.

Dette inneber at avgjerda ligg føre ikkje mykje seinare enn det som vart skissert alt i kulturmeldinga kort tid etter at rettskrivingsvedtaka frå rådsmøtet i 2003 var mottekne i departementet, jf. brev av 16. juni 2003, og at dei godkjende endringane kan ta til å gjelda frå det tidspunktet som vart nemnt i brevet vårt av 28. januar 2004. Vi har no også fått med dei normeringane som fagnemnda har gjort vedtak om i 2004, og som vi nyleg har fått oversendt.

3 Tidlegare behandling av saka
Departementet viser til at bakgrunnen for dei endringsframlegga som ligg føre, er det arbeidet med å førebu ei opprydding i rettskrivinga som Norsk språkråd tok til med i 1997. Ambisjonen var å fjerna såkalla mindre brukte former i bokmål og å redusera talet på alternative hovudformer i nynorsk. For bokmål sitt vedkomande gjorde dessutan seksjonen i 1999 eit samrøystes vedtak der dei gjekk inn for å fjerna systemet med sideformer. Dette vedtaket vart følgt opp i praksis gjennom det framlegget til rettskrivingsendringar som vart sendt departementet til godkjenning etter rådsmøtet i februar 2000.

I brev av 5. desember 2000 slutta departementet seg til dei retningslinjene som hadde lege til grunn for arbeidet med bokmålsrettskrivinga, dvs. at systemet med sideformer i praksis var fjerna, og at lite brukte former i stor grad vart tekne ut av rettskrivinga. I forlenginga av dette gav departementet uttrykk for at gode grunnar kunne tilseia ei fjerning av skiljet mellom hovudformer og sideformer også i nynorsk. Departementet bad om at Norsk språkråd fekk laga ei utgreiing som drøfta korleis dette eventuelt kunne gjerast, og korleis ein i så fall kunne tenkja seg å løysa dei problema som ville melda seg i kjølvatnet av dette.

Departementet reiste også enkelte andre spørsmål, som dels gjaldt berre nynorsk eller berre bokmål, dels begge målformene og dels tilhøvet mellom bokmål og nynorsk. Eit hovudsynspunkt var at dei innsende rettskrivingsframlegga totalt sett hadde eit større omfang og vedkom meir sentrale delar av rettskrivinga enn det som hadde vore vanleg, og at saka reiste prinsipielle spørsmål med ein tydeleg normeringspolitisk og til dels ein vidare språkpolitisk karakter.
Departementet ønskte at Norsk språkråd skulle få høve til å arbeida vidare med saka, mellom anna for å sikra ein mest mogleg fullstendig gjennomgang av både delane og heilskapen i det som skulle gjennomførast. Saka vart derfor send tilbake til Norsk språkråd utan godkjenning. Departementet bad Norsk språkråd leggja til grunn som eit siktemål for reformarbeidet at det resultatet ein kom fram til, i all hovudsak kunne bli ståande uendra i lang tid framover.

Utgangspunktet for dette var tidlegare uttalte føresetnader både frå Norsk språkråd sjølv og frå departementet om ei omlegging av normeringspolitikken i retning av mindre frekvente og meir heilskaplege endringar for å leggja til rette for større stabilitet i rettskrivinga. Det er denne føresetnaden som seinare vart nedfelt i den siste kulturmeldinga som nemnt ovanfor.

Etter dei vedtektene som gjaldt før omdanninga 1. januar 2005, har Norsk språkråd hatt fullmakt til å gjera endeleg vedtak i visse normeringsspørsmål, mellom anna når det gjeld skrivemåte og bøying av nye ord og andre enkeltord som ikkje tidlegare er normerte i norsk. Tilsvarande vedtak om endringar av tidlegare normerte enkeltord har derimot kravd godkjenning frå departementet. Det same har vore tilfelle med vedtak om gjennomgripande systemendringar.
Denne funksjonsfordelinga mellom det tidlegare Språkrådet og departementet byggjer på St.meld. nr. 100 (1980–81). I meldinga vart det streka under at departementet til vanleg burde vera ”meget tilbakeholdende” med å overprøva Språkrådet i faglege spørsmål. Det heitte at det i enkelte tilfelle kunne vera aktuelt å senda forslag tilbake til Språkrådet til ny behandling, men at departementet normalt ikkje ville ha god nok fagleg kompetanse til å endra språklege vedtak som Språkrådet har oversendt til godkjenning.
Dette må leggjast til grunn som eit prinsipielt utgangspunkt også i dag. Vi vil derfor slutta oss til det departementet presiserte i samband med at saka vart send tilbake til Språkrådet i 2000, om at det ikkje er aktuelt å fastsetja andre skrivemåtar eller bøyingsformer enn dei som først er vedtekne i Norsk språkråd. Det følgjer av dette at departementet heller ikkje har kunna imøtekoma ønsket frå Voss mållag om å leggja deira alternative framlegg til grunn for ein ny rettskrivingsnormal i nynorsk. Det same gjeld diverse andre forslag til rettskrivingsendringar som departementet har motteke.

Vurderingstemaet for departementet har vore om framlegga frå Norsk språkråd skal godkjennast, heilt eller delvis, eller om gjeldande rettskriving skal stå ved lag. I siste tilfelle er det ikkje lenger aktuelt å senda saka tilbake for ny behandling, i og med at det etablerte normeringsregimet er avvikla frå 1. januar 2005.

4 Departementet sine vurderingar
Departementet tek som utgangspunkt at det i Norsk språkråd har vore brei semje om behovet for ei opprydding i gjeldande rettskriving, og vi har oppfatta ei slik opprydding som ein føresetnad for framtidig stabilitet. Vi har likevel måtta vurdera om det som ligg føre, vil kunna ha ein slik stabiliserande verknad samanlikna med det å la rettskrivinga stå uendra inntil vidare.

4.1 Fellesvedtak og andre koordinerte vedtak for bokmål og nynorsk
Omsynet til stabilitet var m.a. bakgrunnen for at Norsk språkråd i departementets brev av 5. desember 2000 vart bedt om å vurdera på nytt om det var tenleg å fjerna eller skifta ut veletablerte former jamvel om formålet var å skapa eit meir regelrett mønster. Dette hadde først og fremst referanse til dei vedtekne endringane i systemet av samandregne og fullskrivne bøyingsformer i substantiv med utgang på trykklett -el, -en og -er. Det vart også peikt på at ein her burde unngå unødige skilnader mellom bokmål og nynorsk, og departementet bad om ei oppstilling som viser det gjennomgåande bøyingsmønsteret for flest mogleg av dei aktuelle orda både på bokmål og nynorsk.

Dette spørsmålet er behandla under pkt. 1.3 i vedtaksoversynet som følgjer brevet av 16. juni 2003.

Vi har merkt oss at ein her held fast på vedtaket frå 2000 om å endra gjeldande rettskriving slik at det til dømes ville bli obligatorisk fullform i bunden form eintal av ord som kapittel og teater. Det kan reisast tvil om det er tenleg å forby frekvente former som til dømes kapitlet og teatret. Vedtekne endringane i bøyingssystemet for substantiv med trykklett utgang på -el, -en og -er vedkjem dessutan både bokmål og nynorsk. Det at vi elles ikkje finn grunnlag for å gjera systemendringar i nynorskrettskrivinga i denne omgangen, tilseier også at ein her held fast ved nogjeldande system både i nynorsk og bokmål. Vedtaka under pkt. 1.3.2.1 – 1.3.2.5 i det vedlagde vedtaksoversynet blir dermed ikkje godkjende.

Departementet godkjenner derimot endringane for hankjønns- og hokjønnsord på -er, jf. pkt. 1.3.2.6 i det nemnde vedlegget. Desse endringane vedkjem i praksis berre bokmål og inneber dessutan at mykje brukte fleirtalsformer kjem inn som valfrie former. Dette gjeld former som til dømes bevre, som blir tillaten ved sida av noverande bevere og bevrer, mens sideforma beverer går ut. Likeins blir det valfritt å skriva til dømes fingre i tillegg til den noverande obligatoriske forma fingrer.

Under pkt. 1.4 i vedtaksoversynet er det gjort greie for vedtak om bøyinga av framandord på -a, -on, -om og -us, og det er foreslått diverse endringar. Dei fleste av desse synest å gjelda for nynorsk, og departementet har også her kome til at ingen av endringane under dette punktet bør gjennomførast i denne omgangen, heller ikkje dei som også gjeld bokmål. Vedtaka under pkt. 1.4 i oversynet blir altså ikkje godkjende.

Departementet godkjenner elles alle fellesvedtak for bokmål og nynorsk som er førte opp under pkt. 1.1 og 1.2 i vedtaksoversynet som følgjer brevet av 16. juni 2003.

Departementet godkjenner også i all hovudsak vedtaka frå rådsmøtet i 2004, jf. brev av 23. mars 2004 pkt. 1–3, altså også få endringane under pkt. 2 og 3 som gjeld bokmål respektive nynorsk separat.

Unntak frå dette gjeld likevel for bokstav b under pkt. 1.2. Dette synest å ha ein annan karakter enn dei andre endringane, og vi kan ikkje sjå at det er grunn til å endra det innlærte mønsteret for fordeling mellom lenger og lengre. Her må omsynet til stabilitet bli avgjerande. Vedtaket under pkt. 1.2 bokstav b i brev av 23. april 2004 blir altså ikkje godkjent.
Departementet godkjenner også alle vedtak frå fagnemnda i 2004, slik dei ser ut etter behandling først av daverande seksjonsleiarar 22. desember 2004, jf. protokoll tilsend ved brev av 18. januar 2005, og deretter av interimsstyret på møte 25. januar, jf. brev av 31. januar 2005. Vi viser her til brevet vårt av 22. desember 2004 om visse saksbehandlings- og fullmaktsforhold i samband med omdanninga pr. 1. januar 2005. Ettersom departementet der bad om at vedtaka frå fagnemnda i 2004 måtte behandlast av interimsstyret, noko som først skjedde etter at vedtektene vart oppheva pr. 1. januar 2005, legg vi til grunn at departementet også må godkjenna alle dei normeringane som Språkrådet etter vedtektene har hatt fullmakt til å gjera endeleg vedtak om. Vi presiserer derfor at godkjenninga omtalt i dette avsnittet også omfattar slike vedtak.

Størstedelen av fellesvedtaka frå rådsmøta i 2004 og 2003 er norvagiseringsvedtak. Det prinsipielle grunnlaget for å godkjenna desse er det gjort greie for under del III i departementets brev av 5. desember 2000, og vi viser til dette.

I det nemnde brevet peikte departementet også på behovet for ein generell gjennomgang for å hindra tilfeldige skilnader mellom bokmål og nynorsk, og det vart som døme spurt om det var avgjerande språklege grunnar til å behandla formene ba, dro, ga og sto ulikt i dei to målformene. Brevet presiserte at det ikkje var tradisjonelle tilnærmingsomsyn departementet hadde i tankane. Vi registrerer at dette omgrepet likevel er trekt inn i grunngjevinga under pkt. d i dei innleiande kommentarane i brev av 16. juni 2003.
Indirekte går det likevel fram at språkfaglege grunnar tilseier at dei nemnde formene utan endekonsonant må vurderast ulikt i bokmål og nynorsk. Departementet tek dette til etterretning. For ordens skyld presiserer vi derfor at formene ba, dro, ga og sto, som i dag har status som sideformer i bokmål, inngår blant dei formene som no blir godkjende som valfrie former innanfor ei ny bokmålsrettskriving utan normhierarki, jf. nedanfor.

4.2 Bokmål
Da departementet sende saka tilbake til ny behandling i 2000 for å sikra ein så fullstendig gjennomgang som råd er, var det for bokmåls vedkomande særleg spørsmålet om bruksfrekvente og tradisjonelle former som i dag ikkje er tillatne innanfor norma som Norsk språkråd vart bedt om å sjå nærmare på. Departementet peikte på behovet for ei nærmare fagleg grunngjeving for den offisielle normeringsstatusen deira.
Vi noterer oss at ein no med dette som utgangspunktet har supplert dei endringane i bokmålsnorma som vart vedtekne i 2000, og framlegget frå 2003 er dermed noko meir omfattande enn det som låg føre den gongen. Konsekvensen av dette er at det på nokre punkt uunngåeleg er kome inn fleire valfrie former enn i gjeldande rettskriving.
Vi har registrert at det er gjort gjeldande i det etterfølgjande offentlege ordskiftet at den føreslåtte revisjonen av bokmål likevel ikkje er tilstrekkeleg og derfor ikkje bør godkjennast. Mellom anna er det kasta fram ein tanke om å nedsetja ein rettskrivingskommisjon for å sjå nærmare på saka tufta på meir inngåande granskingar av faktisk språkbruk.
Vi har også merkt oss at det er reist spesifikk kritikk mot konsekvensane av vedtekne endringar i bokmålsnorma på enkelte konkrete punkt.
Dette gjeld først og fremst vedtaket om formene syv, tyve og tredve, m.a. den tvil som eventuelt kan oppstå om kva for samansetjingar og avleiingar desse kan brukast i. Det heiter i vedtaket frå rådsmøtet i 2003 at dette ikkje er normert og må avgjerast etter språkkjensla.
Departementet legg her størst vekt på at formene tyve og tredve ikkje utan vidare lèt seg kombinera med den offisielle teljemåten, der tiarane kjem framfor einarane. Særleg i visse samanhengar kan denne teljemåten ha mykje å seia for å hindra at det blir kommunisert feilaktige tal. Vi finn det ikkje tilrådeleg å gjera noko som indirekte kan riva bort noko av grunnlaget for opplæringa i denne teljemåten.

Etter ei samla vurdering er departementet derfor kome til at formene tyve og tredve ikkje bør godkjennast som valfrie former innanfor den offisielle rettskrivinga. Forma syv er ikkje på same måten problematisk i høve til teljemåten, og departementet godkjenner derfor denne forma som jamstilt ved sida av den noverande eineforma sju.

Ein viss etterfølgjande kritikk er også reist mot konsekvensane av vedtaket om at svake verb som har -et-bøying, normalt også vil ha bøying med -a. Som presiserande tillegg heiter det i vedtaket at a-former som ”åpenbart ikkje har støtte i skriftspråket,” ikkje skal førast opp i ordlistene. Departementet er i tvil om at det i praksis er rett å overlata dette normeringsspørsmålet til dei ulike ordlisteredaktørane, og vil be om at dette bli gjennomgått på nytt med sikte på å fjerna tvilen om kva normstatus slike potensielle a-former skal ha.
I prosjektskissa for omdanning Språkrådet er det slått fast at det blir ei deloppgåve for den nye institusjonen å forvalta norsk rettskriving. Dette vil altså gjelda uavhengig av det uavklarte spørsmålet om kva for rolle institusjonen skal spela når det gjeld meir tradisjonell normering av rettskrivinga. Vi ber med dette Norsk språkråd gjennomgå det nemnde spørsmålet. Språkrådet får fullmakt til å avgjera den tvil som her reiser seg. Dette må gjerast så snart råd er, slik at det kan avklarast før nye ordbøker og ordlister skal trykkjast.
Utover det som er nemnt ovanfor, godkjenner departementet alle vedtak om endringar i bokmålsrettskrivinga frå rådsmøtet i 2003.
Dette inneber at departementet ikkje ser det som aktuelt å nedsetja ein rettskrivingskommisjon for å arbeida vidare med sikte på ein større revisjon av bokmålsrettskrivinga. Det som no er godkjent, bør etter departementet si vurdering kunna gje grunnlag for relativ stabilitet i åra framover. Vi legg til grunn at det i hovudsak er uttrykk for ei balansert avveging av ulike omsyn. Det representerer ei viss opprydding i tråd med den opphavlege føresetnaden frå 1997. Det inneber også ei prinsipielt viktig forenkling av rettskrivingssystemet i bokmål at skiljet mellom hovudformer og sideformer blir oppheva.

4.3 Nynorsk
Behovet for å få vurdert ei fjerning av skiljet mellom hovudformer og sideformer også i nynorsk var ein sentral del av grunngjevinga for at departementet i 2000 sende rettskrivingssaka tilbake til Norsk språkråd for ny behandling. Departementet viste til at ei rettskriving som etter føresetnaden skal stå ved lag i lang tid framover, ikkje bør gjennomførast utan at dette spørsmålet var grundig utgreidd.
I ettertid har Norsk språkråd gjennomført eit stort utgreiingsarbeid og ført omfattande drøftingar for å leggja til rette for ei tilsvarande forenkling av rettskrivingssystemet i nynorsk som i bokmål. Departementet har følgt dette arbeidet tett. Vi har notert oss at det i utgangspunktet var fleirtal i nynorskseksjonen for å fjerna normhierarkiet, men at det var usemje om kor vid valfridomen i så fall skulle vera. Den endelege behandlinga av saka på rådsmøtet i 2003 skjedde etter at ei utgreiing var send på høyring hausten 2002.

På rådsmøtet i 2003 vart det konstatert at dei innkomne høyringsfråsegnene samla sett ikkje gav tilslutning til høyringsframlegget. Drøftingane og prøveavrøystingane på rådsmøtet enda med at nynorskseksjonen gjorde eit samrøystes vedtak med følgjande ordlyd:
”Nynorskseksjonen i Norsk språkråd viser til dei innkomne høyringsfråsegene og rår ut frå dei til at den nynorske rettskrivinga framleis skal vera samansett av ei hovudnorm, kalla hovudnormalen, og tillatne sideformer.”

Seksjonen gjorde seinare på møtet vedtak om rettskrivingsendringar på dette grunnlaget, i utgangspunktet gjennom ei generell stadfesting av vedtaka frå rådsmøtet i 2000, men i tillegg med ein revisjon eller utfylling av 2000-vedtaka på enkelte punkt.

Departementet må etter dette konstatera at det på nynorsksida ikkje ligg føre noko rettskrivingsframlegg utan normhierarki. I dag er det dermed ikkje grunnlag for å gjennomføra den same forenklinga av rettskrivingssystemet i nynorsk som i bokmål.

Alt i alt må likevel prosessen og resultatet på nynorsksida oppfattast som lite avklarande. Det har undervegs kome fram svært motstridande synspunkt, og det har vore gjennomført fleire voteringar og prøveavrøystingar med til dels svært knapt fleirtal den eine eller andre vegen.

Departementet si vurdering er at nynorskrettskrivinga truleg ikkje har funne ei stabil form med det som no er vedteke, og at spørsmålet om å fjerna normhierarkiet også i nynorsk neppe har tapt sin aktualitet. Det viser også dei to tilleggsfråsegnene som var vedtekne på rådsmøtet i 2003.

Den eine var ei oppmoding til styret om å få vurdert om den noverande funksjonsfordelinga mellom hovudnormalen og sideformene er tenleg i ein situasjon der nynorsken er åleine om dette systemet.

Den andre fråsegna uttrykte ønske om at det vart sett i gang prosjekt med ulike undervisningsopplegg der ein prøver ut og jamfører opplæring avgrensa til hovudnormalen og ei opplæring som tek omsyn til den vidare valfridommen i rettskriving.

På rådsmøtet vart det også reist tvil om kor representative dei innkomne høyringsfråsegnene eigentleg var. Det kom fram at dei i alle fall ikkje kunne seiast å representera noko breitt spekter av relevante interesser, og at ingen aktørar innanfor skuleverket hadde uttalt seg. Det var heller ikkje kome fråsegner frå pressehald eller frå store, landsomfattande organisasjonar.

I denne situasjonen har departementet kome til at det ikkje er tilrådeleg å skipla den stabiliteten som gjeldande rettskriving trass alt representerer. Før ein eventuelt gjennomfører større endringar i nynorsk, må ein også her vera nokolunde viss på at resultatet blir ein rettskrivingsnormal som kan stå uendra i lang tid framover. Departementet godkjenner derfor ikkje nynorskvedtaka frå rådsmøtet i 2003, jf. pkt. 2 i vedtaksoversynet som følgjer brevet av 16. juni 2003.

Spørsmålet om ein skal gå i gang med enda ein gjennomgang av nynorskrettskrivinga, vil departementet for sin del tidlegast vurdera etter at omdanningsprosessen i Norsk språkråd er endeleg avslutta.

5 Avslutning
Vi ber Norsk språkråd gjennomgå og avklara det nemnde spørsmålet om bøying av vise svake verb i bokmål og elles rydda opp i det som eventuelt måtte vera av uklare detaljspørsmål.

Vidare ber vi Norsk språkråd gå ut med nødvendig informasjon om rettskrivingsendringane. Det må i denne samanhengen også koma klart fram kva det er som ikkje er godkjent, slik at det ikkje oppstår mistydingar om dette.

Av praktiske grunnar har departementet fastsett at dei godkjende endringane skal gjelda frå og med 1. juli 2005.


Med helsing


Stein Sægrov e.f.
avdelingsdirektør
Ingvar Engen
seniorrådgjevar





Endre Brunstad
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no