Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Retten til nynorskklassar står ved lag

 (17.02.2005)

Pressemelding 17.02.05. – Sandnes Mållag har vunne ei avgjerande sak for nynorsken, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. – Etter vedtak i Sandnes tingrett er det klart at praksisen til Sandnes kommune om å blande nynorsk- og bokmålsgrupper/klassar, er ulovleg. - Det er ein siger for retten til eiga språkgruppe/eigen klasse. Dommen vil få konsekvensar for andre kommunar som blandar klassar/grupper med ulikt hovudmål.
Nestleiar i Sandnes Mållag, Egil Astad, er òg godt nøgd. - Vi har fått fullt medhald på alle punkt, seier han. Sandnes Mållag reiste saka på vegner av foreldra til nynorskelevane ved tre skular i Sandnes.

Retten meiner at Sandnes kommune har brote opplæringslova. Sandnes kommune får no pålegg om å stogge den ulovlege blandinga. Fram til noko anna vert rettsleg fastslege, får Sandnes kommune ikkje lov til å blande elevgrupper i anna enn praktisk-estetiske fag og liknande.

Problemet med blanding av nynorsk- og bokmålsgrupper oppstod i ein del kommunar i fjor, på grunn av ei mistyding av Opplæringslova. Den oppklårande avgjersla i Sandnes er difor av prinsipiell interesse.

For meir informasjon, kontakt
Leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad: tlf: 926 60 175
Nestleiar i Sandnes Mållag Egil Astad tlf: 51 66 26 36
Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no