Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 7. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Stadnamn er felles kulturarv

 (08.02.2005)

Pressemelding 08.02.05. - Stadnamna som felles kulturarv er truga, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad. Han går sterkt imot framlegget frå regjeringa om å endre prinsippa for skrivemåten av stadnamn. Regjeringa vil leggje meir vekt på synsmåtane til grunneigarar og mindre vekt på omsynet til fellesskapen og kulturvernet. Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen skal innstille i saka 17. februar.

- Vi meiner at stadnamn er ein kulturarv som heile samfunnet har plikt og rett til å ta vare på, seier Brunstad. Difor ber han Stortinget gripe inn.

Endre Brunstad reagerer sterkt på at regjeringa i Odelstingsproposisjon nr. 42 (2004-2005) ikkje lenger vil bruke "nedervd lokal uttale" som normeringsgrunnlag. I staden føreslår ein å bruke "den lokale talemålsforma" som grunnlag: - Det er ulike syn på kva som er den lokale talemålsforma. Dermed vil påstand stå mot påstand, og det vil opne for konflikter og rettssaker slik ein hadde kring 1960 då der låg føre føresegner som liknar dei regjeringa no føreslår. - Bakgrunnen for at ein i 1991 fekk ei stadnamnlov var nettopp å få klarare retningsliner. Brunstad viser til at "nedervd lokal uttale" er ei eintydig fagleg nemning som òg tek vare på stadnamn som historisk identitetsfaktor og som verneverdige kulturminne.

- Endringsframlegga for stadnamnlova representerer eit uheldig kulturpolitisk signal i jubileumsåret for unionsoppløysinga i 1905, meiner Endre Brunstad. - Det vert no opna opp for skriftpåverka uttaleformer med rotfeste i feilskrivingar frå den førre unionstida, t.d. Ruud for Rud.

Leiaren i Noregs Mållag meiner at regjeringa legg opp til ein vedtaksprosess der det faglege og demokratiske aspektet får dårlegare vilkåra: - Kommunane og andre vedtaksorgan bør framleis få ei førebels, fagleg grunngjeving frå namnekonsulentane før dei sjølve kjem med høyringsfråsegn. På den måten kan ein få ei både forenkla og meir kvalitetssikra sakshandsaming. - Dei som har rett til å uttale seg, bør òg få varsel om at saka vert teken opp og varsel om vedtak. Uttalerett er ein viktig del av demokratiet, og må takast på alvor, seier Endre Brunstad.

Endre Brunstad seier at Noregs Mållag har kome med grundig høyringsfråsegn der synspunkta samanfallar med fleirtalet i det namnefaglege miljøet og med Norsk språkråd. - Det er symptomatisk at ein no har gjeve medhald til Riksmålsforbundet, Bokmålsforbundet og Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, seier Endre Brunstad som likevel har god tru på at Stortinget vil setje ein stopp for regjeringsframlegga.


For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bilete av Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no