Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Noreg på Valentinfrimerket

 (02.02.2005)

Melding 02.02.2005. I 2005 kjem heile 10 frimerke på nynorsk. Valentinfrimerket er det tredje nynorske frimerket i 2005 og kjem 4.februar. På frimerket (biletet) står diktet «Nærast er du når du er borte» av Tor Jonsson. Det har kome ein del klager til Noregs Mållag om at nynorske frimerke ikkje er å få på posthusa rundt om i landet. Dei ti frimerka i år er ein kraftig vekst frå i fjor då berre eit vart utgjeve, dette er det 30 000 att av frå 2004. Med andre ord skal postkontora rundt i Noreg kunna tinga desse frimerka til alle dykk som spør etter dei. Marknadssjefen for frimerketenesta lovar å sende ut ei påminning til alle postkontor om at desse kan tingast.

Dinest kunne han gleda i allefall meg med følgjande informasjon:
7. januar - 2 nynorske frimerke (kr 7,50 og 9,50)
4. februar - 1 nynorsk frimerke (kr 6,- valentinfrimerke med Tor Jonsson-diktet "nærast er du når du er borte")
7. juni - 3 nynorske frimerke (kr 6,-, 9,50 og 10,50)
september - 4 nynorske frimerke (kr 5,50, 6,-, 9,50 og 10,50)
Med andre ord får «vi» 10 frimerke av totalt 38 planlagde utgjevingar neste år, altså godt og vel 25 %. Det viktigaste er likevel at alle de som etterspør dei, faktisk finn dei på postkontora rundt om i landet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no