Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rettsak i Sandnes

 (01.02.2005)

Melding 01.02.05. Forhandlingane i tingretten i Sandnes vart i går avslutta i saka mellom Sandnes kommune og Sandnes Mållag. Avgjera fell innan tre veker.
- Dette er ei avgjerande sak for framtida til nynorsk i skulen, seier leiar i Noregs Mållag Endre Brunstad. Saka gjeld retten til å velje opplæringsspråk for borna – utan ein slik rett er ikkje jamstellinga mellom bokmål og nynorsk reell i skulen.
Sumaren 2004 møttest Noregs Mållag, Sandnes Mållag og Sandnes kommune i rettsmøte. Sandnes kommune braut opplæringslova ved å blande elevar med ulikt opplæringsmål på barnesteget. På vegner av foreldra til nynorskelevar reiste mållaget sak mot kommunen. Tingretten vedtok dinest at Sandnes Mållag ikkje hadde klagerett i saka. Mållaget anka saka til Lagmannsretten – og vann! Dermed er saka attende i Sandnes tingrett.
Vi vil be retten om mellombels åtgjerd i saka, sa Inge Kr. Sunde, leiar i Sandnes Mållag før rettsaka. Det vil seie at retten opphevar vedtak i skulane om blanding av elevar med ulikt opplæringsmål i alle fag der elevane lærer å lese og skrive. Mellombels åtgjerd (bokmål: «midlertidig forføyning») vil seie at dersom vi får medhald i saka, får kommunen eit ståande pålegg om ikkje å blande grupper før det er slege fast at dei har rett til å gjere det.

Sivilt søksmål?

Ei mellombels åtgjerd er som namnet seier, mellombels. Vil Noregs Mållag reise søksmål på prinsipielt grunnlag dersom de vinn fram med fyrste kravet om mellombels åtgjerd?
- Det er for tidleg å seie ja eller nei enno, seier Brunstad. Det vil truleg kome ein frist for dette dersom vi vinn krav om mellombels åtgjerd, og det vil kan hende vere naturleg av mållaget å reise søksmål. Denne saka er eigenleg ei politisk sak som bør verte avgjord av styresmaktene, ikkje rettsapparatet, men det er viktig å få slege fast ei korrekt tolking av lova, seier Brunstad.
- Det kan ikkje vere slik at korkje foreldre eller skulane sjølve veit korleis lova skal tolkast, seier han.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no