Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Endringar i stadnamnlova

 (31.01.2005)

Melding 31.01.05. Framlegget til ny stadnamnlov ligg no til handsaming i Stortinget. I framlegget frå departementet er Nedervd lokal uttale som grunnlag for fastsetjing av skrivemåten bytt ut med den lokale talemålsforma av namnet.
– I mange høve kan dette bli påstand mot påstand, seier leiar i Noregs Mållag Endre Brunstad, og er det først gått politikk i ei namnesak, kan det vera vanskeleg å få sætande opplysningar om kva som er den faktiske uttalen av namnet i dagleg bruk.
Nedervd lokal uttale som grunnlag for fastsetjing av skrivemåten er svekt i og med at denne ordlyden er bytt ut med den lokale talemålsforma av namnet. I forslaget er «lokal talemålsform» definert som den uttaleforma som er i allmenn bruk av folk som er busett på staden.
Det burde vore skilt klårare mellom den nedervde lokale uttalen og nyare, skriftpåverka uttaleformer. Den første må ha klår forrang av kulturvernomsyn. Noko av dette kan rettast opp dersom det kjem inn i merknadene ei formulering om at dersom fleire uttaleformer er i allmenn bruk, skal ein ta utgangspunkt i den uttaleforma som har lengst tradisjon på staden. Men det kan samstundes føre til påstandar om at skriftformer frå 17- og 1800-talet også har funnest som lokale uttaleformer heilt sidan den tida. Vi rår til at ein går tilbake til den opphavlege formuleringa og definerer ”nedervd lokal uttale” i klår motsetnad til andre uttaleformer.
I framlegget til ny lov skal det leggjast større vekt på ynskjet til eigaren ved fastsetjing av skrivemåte.
–Vi er redd det vil føre til ei svekking for kulturvernomsynet, seier Endre Brunstad. Også desse namna er felleseige og felles kulturminne. Nær samanheng med dette har spørsmålet om bunden/ubunden form. Dersom framlegget går gjennom i Stortinget, vil eigaren i mange tilfelle få det avgjerande ordet her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no