Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskmannen Ivar Medaas

 (12.01.2005)

Melding 12.01.05. Ivar Medaas døydde fredag 7. januar, 66 år gamal. Med det har ein visekunstnar, revyartist og underhaldar av stort format gått bort. Likeins har me mist ein føregangsmann for nynorsken, striledialekten og vestnorsk kystkultur.
Det var i Oslo og revyscena på Chat Noir at Ivar Medaas storma inn i norsk underhaldningsliv. Dette var i 1963, på ei tid då ein helst skulle leggja frå seg dialekten og bygdekulturen ved bygrensa. Men Ivar Medaas nytta både striledialekt og nynorsk (i tillegg til at han kom med hardingfele). I byrjinga var det ikkje fritt for at folk i Oslo lo av Ivar Medaas og av målet hans. Men etter kvart lo dei med han. Ivar Medaas vann seg ein plass i hjarto hjå folk. For der var kvalitet og ein dobbel botn i det Ivar Medaas gjorde.

Ivar Medaas vert hugsa mellom anna for songperler som ”Gamle dampen” og for revyar og kabaretar som ”Hestevrinsk og fløytelåt” og ”Bymann og stril”. Han har dessutan gjort levande mange fine nynorske tekstar av forfattarar som Jakob Sande, Arnljot Eggen, Aslaug Låstad Lygre og Herbjørn Sørebø. Saman med kona Kari i ”Vestlandsduoen” turnerte han land og strand rundt i 35 år, og han har bak seg ei 13 LP-plater, 34 singelplater og ei rad NRK-opptak.

Ivar Medaas var frå Alversund i Nordhordland, og den lokale kulturarven var han stolt av. Gjennom innsatsen sin har han vore med på å gjera strilekulturen til ein del av norsk allmennkultur. Men innsatsen gjeld ikkje berre strilane. Ivar Medaas har vore viktig for vestnorsk kulturell identitet, for kystkulturen allment, og for at det vart mogleg å stå fram med dialekt. Vidare har Ivar Medaas vore viktig for nynorsken. Han gjorde nynorsken til revyspråk, og har laga songar som går inn i den nynorske songskatten. Medaas var sjølv medlem i det lokale mållaget.

Som takk for den store innsatsen fekk Ivar Medaas saman med kona si, Kari, i 2002 Målprisen frå Noregs Mållag. Under prisutdelinga sa dåverande leiar Oddmund L. Hoel mellom anna: ” Ein betre ambassadør [enn Ivar Medaas] har nynorsken og folkekulturen sjeldan hatt i nyare tid, vil mange meine. Ja, ei hovudstadsavis meinte jamvel at Ivar var "Vestlandets betydeligte eksportprodukt siden Aasen-normalen". Noregs Mållag og nynorsken treng gode språkbrukarar og kunstnarar, skal målet vårt nå fram, og Ivar og Kari har vore nettopp det. Og dei fekk attpåtil løyst litt opp på det noko alvorstunge og litt trauste norskdomsuttrykket med gapskratt, sjølvironi og gjøglarfakter.”

Dei siste åra var Ivar Medaas sjuk, og han sat i rullestol. Den fyrste ”stå-opp”-komikaren i Noreg vart såleis den fyrste ”sit-ned”-komikaren. Han fortalde vitsar frå rullestolen.

Me i målrørsla er takksame for den innsatsen Ivar Medaas har gjort for norsk språk og kultur. Hans arbeid kjem til å leva vidare i lang tid framover.

Endre Brunstad
leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no