Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Utdanningsdirektoratet utan tillit i sidemålssaka

 (04.01.2005)

Pressemelding frå Noregs Mållag 04.01.05– Kvalitetssikringa i Utdanningsdirektoratet har i sidemålssaka vore så dårleg at det må få konsekvensar for leiinga i direktoratet, seier Endre Brunstad, leiar i Noregs Mållag.

Det er tydeleg at då Utdanningsdirektoratet i haust innvilga eit forsøk på fritak for sidemål ved halvparten av dei vidaregåande skulane i Oslo, skjedde det utan fagleg grunnlag. - Alle relevante forskingsmiljø i Noreg har slakta forsøksopplegget for sidemålsfritak i Oslo, og ingen har sagt seg viljuge til å gjennomføre den faglege oppfølginga. Dermed står Oslo kommune utan ein fagleg ansvarleg for sidemålsforsøket, seier Endre Brunstad.

I Forskerforum 8/2004 hevda Petter Skarheim, direktør i utdanningsdirektoratet, at søknaden om fritak frå sidemålsundervisning frå Oslo kommune var svært balansert og at dette er «eit stort og seriøst forsøk». Senter for leseforsking gir derimot i brev datert 18.11.04 ein heilt annan dom: «Det er vanskelig å se at dette tiltaket skal kunne gi noen målbar effekt på så omfattende parametre som elevenes skriveferdighet, leseferdighet, muntlige framstillingsevne og holdninger til norskfaget generelt og sidemålet spesielt.» Liknande utsegner har kome frå Høgskolen i Oslo og Universitetet i Oslo. Alle seriøse forskingsinstitusjonar i Noreg har avvist invitasjonen om å evaluere forsøket.

Det viser seg at då Utdanningsdirektoratet vurderte søknaden frå Oslo kommune, var ein ikkje i kontakt med eitt einaste fagmiljø. Ein hadde heller ikkje kontakt med Norsk språkråd. - Det er merkeleg at direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim i pressemelding frå 6. september 2004 seier at ein gjorde ei «grundig vurdering» før ein godkjente forsøksprosjektet, seier Endre Brunstad.

- Tilbakemeldingane frå fagmiljøa viser at avgjerdsla til Utdanningsdirektoratet var politisk, ikkje fagleg, seier Endre Brunstad. - Utdanningsdirektoratet har no ei stor utfordring i å vinne tillit.

For meir informasjon:
Leiar i Noregs Mållag Endre Brunstad tlf. 926 60 175 / 55 58 83 99
Dagleg leiar i Noregs Mållag Gro Morken tlf 957 85 560

Bilete:
Endre Brunstad: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg
Gro Morken: http://www.nm.no//filer/gro%2Ejpg

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no