Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Arbeidsprogram for Noregs Mållag 2005-2008

 (03.01.2005)

«Nynorsk som bruksspråk – synleg for alle»

Høyringsdokument til laga

Vedteke av styret 27. november 2004
Endeleg vedtak skal gjerast på landsmøtet 15. – 17. april 2005

1 INNLEIING

1.1 Rammene for arbeidsprogrammet
Dette arbeidsprogrammet gjeld frå landsmøtet i april 2005 til landsmøtet våren 2008 og ligg til grunn for arbeidet i samskipnaden. Styret vedtek i tillegg ein tiltaksplan og har hovudansvaret for at arbeidsmåla vert nådde og prioriteringane fylgde. Fylkes- og lokallag vedtek eigne arbeidsplanar og prioriteringar ut frå lokale tilhøve. Til grunn for arbeidsprogrammet ligg prinsipprogrammet for Noregs Mållag, vedteke 26.07.1997.

1.2 Framtidssyn
Noregs Mållag vil arbeide for at nynorsk og dialekt vert meir brukt på alle område i det norske samfunnet og i alle delar av landet. Me vil ha meir nynorsk i kvardagen – nynorsken må verte synleg for alle!

Noregs Mållag er det fremste organiserte uttrykket for over 600 000 nynorskbrukarar, og skal arbeide for å fremje og verne om interessene til alle som skriv nynorsk. Nynorskbrukarar har ein grunnleggjande rett til å bruke sitt eige språk i alle nasjonale samanhengar, til å få undervisning på og i språket, til å få skriftleg tilfang på språket og til å bruke det i hopehav med styresmakter og andre.

Gjennom arbeidet for nynorsk og dialektar går Noregs Mållag inn som del av ei verdsomfemnande rørsle som arbeider for språkleg og kulturelt mangfald. Det internasjonale perspektivet er ein del av den norske målreisingstanken som Noregs Mållag arbeider for.

1.3 Målpolitiske utfordringar og rammevilkår
Dei målpolitiske prioriteringane må vurderast ut frå konkrete utfordringar og rammevilkår i samfunnet. Såleis vert det viktig å take omsyn til utviklingstrekk som gjeld bruksomfang, brukargrupper, bruksdomene, offentleg støtte til nynorsk, haldningar til nynorsk og offentleg språkpolitikk. Prioriteringane må samstundes ha grunnlag i dei ressursane og det potensialet som ligg i vår eigen organisasjon.

Stoda for nynorsken er fleirtydig:

På den eine sida har nynorsken aldri stått så sterkt som i dag. Nynorsken har fått eit visst feste på Vestlandet, og det har saman med medviten innsats vore med på å få nynorsken inn på ein del nye samfunnsområde. Nynorsken har i tillegg fått institusjonar som sikrar kontinuitet og tyngdekraft. Lovgjeving og støtteordningar sikrar i alle fall formelt nynorsken ein plass som jamstelt skriftmål. Det høyrer dessutan med at haldningane til nynorsken har betra seg monaleg dei siste tiåra, og at nynorsken har vorte meir «normal» og meir synleg jamvel for bokmålsbrukarar. I så måte er der gode føresetnader for framgang.

På den andre sida har nynorsken kanskje aldri vore så pressa som i dag. Åtaka mot sidemålsordninga tyder på ein meir medviten motstand mot nynorsk i visse politiske og kulturelle miljø. Likeins er der strukturelle og ideologiske utviklingstrekk som skaper press, t.d. urbanisering, sentralisering, globalisering og nyliberalisme. Hovudutfordringa er likevel den posisjonen bokmålet har som fleirtalsspråk og den ufullstendige samfunnspyramiden åt nynorsken: I motsetnad til bokmålet manglar nynorsk støtte og bruk i viktige maktgrupper i samfunnet. Det skaper igjen negative haldningar og praksismåtar. Mange reknar avvik frå bokmålet som «forstyrrande» og «upraktiske», og dei motarbeider eller neglisjerer nynorsken. Den instrumentelle haldninga kjem til uttrykk på fleire måtar, mellom anna ved skulemålsrøystingar, ved sidemålsordskifte, ved kommunale ordskifte om tenestemål, ved manglande praktisering av måljamstellinga og ved personlege målbyte frå nynorsk til bokmål.

I slike samanhengar er det avgjerande å få fram at målsak er ei kulturpolitisk sak. Me må vinne forståing for at nynorsken og dialektane er ein del av arven til heile det norske samfunnet, ikkje berre til dei som bruker nynorsk og dialekt, og at nynorsken og dialektane ber på viktige kulturelle verdiar. Me må òg vise at den norske tospråkstoda utgjer ein språkleg ressurs. Det er på den måten Noregs Mållag kan setje målsaka på dagsorden i det offentlege ordskiftet og bryte med språkleg likesæle og avpolitisering. Her har heile organisasjonen eit ansvar for å take målpolitiske initiativ. For at det skal skje, må det gå føre seg ei ålmenn organisasjonsstyrking. I tillegg må nynorsken gjerast endå meir synleg og framstå som kvardagsspråk. Dette er dei store utfordringane for Noregs Mållag i treårsperioden.

Etter ein periode med fokus på skulepolitiske endringar, er det mykje som talar for at fokuset i målarbeidet vert retta meir mot målbruk i offentleg teneste, media og næringslivet.

Ei satsing på målbruk i offentleg teneste må sjåast i samanheng med samfunnsutviklinga meir ålment, med mellom anna nyregionalisering, kommunesamanslåingar, meir interkommunalt samarbeid, statleg deregulering og nye organisasjonsformer. Nye rammevilkår gjer at Noregs Mållag både må forsvare etablerte rettar og ha ei meir offentleg satsing slik at me kan få framgang for nynorsk, t.d. som i Helse Vest. Difor er det rett å prioritere dette arbeidsfeltet sterkare i arbeidsperioden. Satsinga må gjerast på ein måte som kan verke engasjerande for medlemene.

Mediesatsinga må særleg vere retta mot å få nynorsk i Oslo-aviser og regionaviser, og få større utbreiing av nynorsken som skjermspråk. For næringslivssatsinga er det mest rimeleg å take utgangspunkt i dei sterkaste nynorskområda.

Framleis vil nynorsk oppvekst med vekt på skulen vere eit hovudarbeidsområde for Noregs Mållag. Arbeid overfor lærarane må stå sentralt. Skulesatsinga bør vidare verte meir fokusert på elevar med nynorsk som opplæringsmål. Fleire elevar byter på grunn av språkleg press frå nynorsk til bokmål, og det trengst ei rad tiltak, både i og utanfor skulen, for å styrkje stoda til nynorskelevane. Nynorsken må òg gjerast meir synleg for bokmålselevane. Ei betre sidemålsopplæring utgjer eitt av fleire tiltak. Det er like fullt viktig å få forståing for at stoda for nynorsk i skulen heng saman med den posisjonen nynorsken har elles i samfunnet.

Skulemålsstatistikken viser at talet på nynorskelevar held seg ganske stabilt, men at nynorskprosenten går svakt nedover. Denne utviklinga skuldast i stor grad folkeveksten i sentrale bokmålsstrok, særleg kring Oslo og i Rogaland. I så måte er neppe skulemålsprosenten den mest innsiktsfulle måten å måle framgang eller attendegang for nynorsken. Det talar for at ein studerer nærmare utviklinga i offentleg målbruk, media og næringsliv, i tillegg til tal som gjeld nedgang i målbyte.

Bruken av nynorsk har i løpet av dei siste åra vorte geografisk konsentrert. Kring 86 % av alle nynorskbrukarane bur i 2001 på Vestlandet, dei andre bur hovudsakleg i dalstroka på Austlandet og i Agder. Nedgangen har vore størst i Trøndelag, Nord-Noreg og Agder. Den geografiske konsentrasjonen tilseier at Vestlandet må spele ei lykelrolle i arbeidet for å få nynorsken i bruk på nye samfunnsområde og blant nye sosiale grupper. Me skal likevel ikkje gløyme at det på Vestlandet er randsoner med eit sterkt press mot nynorsken, og desse randsonene treng ein særleg innsats.

Noregs Mållag må samstundes halde fast ved prinsippet om at nynorsken er eit nasjonalt skriftmål til bruk for alle i landet. Mållaget vil arbeide for at det vert fleire nynorskbrukarar der nynorsken i dag står veikt, og stø opp om skular, kommunar, institusjonar og einskildpersonar som bruker nynorsk utanfor det etablerte nynorskområdet.

Kulturmeldinga seier at tida fram mot 2013 må brukast til ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur, og at det er trong for «positiv diskriminering» av nynorsk. Noregs Mållag vil bruke Kulturmeldinga som legitimeringsgrunnlag for ein meir offensiv statleg språkpolitikk på alle område av samfunnet.

Viktigast i forsvaret for nynorsk som nasjonalmål er framleis at obligatorisk opplæring i bokmål og nynorsk for alle vert førd vidare og styrkt gjennom sidemålsundervisninga.

Ei viktig språkpolitisk omstrukturering gjeld nedlegginga av Norsk språkråd og opprettinga av eit nytt språkpolitisk organ. Noregs Mållag vil vere med på å påverke innhaldet og forma åt organet.

Arbeidet for dialektar er ein viktig del av målarbeidet. Arbeidet til målrørsla har vore viktig for den posisjonen dialektane har fått i Noreg. Samstundes viser det seg at medvitet om dialektar ikkje automatisk resulterer i at folk får meir positive haldningar til nynorsk, eller går over til nynorsk. Sosiolingvistiske granskingar viser at folk i Nord-Noreg og Trøndelag meiner at dialekten deira ligg nærmare nynorsk enn bokmål. Sjølv om eit slikt medvit dannar eit godt grunnlag for meir nynorsk i desse områda, t.d. i samband med sidemålsopplæringa, er det tydeleg at målarbeidet må ha eit kulturpolitisk perspektiv som går vidare enn spørsmålet om nærleik mellom skrift og tale.

Noregs Mållag må skape rom for politisk ordskifte og aktivitet i målrørsla. 1905-jubileet vil kunne gje Noregs Mållag høve til å markere seg og fornye seg. Då bør Noregs Mållag setje fokus på den nasjonale folkerørsletradisjonen, og fremje ideologisk ordskifte.

Det må òg gjerast eit medvite arbeid for å vise kor interessant og gjevande det er å vere aktivt med i Noregs Mållag. Ei viktig markering av organisasjonen – og målsaka – vil vere 100-årsjubileet for Noregs Mållag i 2006.

Dersom Noregs Mållag skal førast vidare og utviklast som ein brei og friviljug organisasjon, trengst det fleire aktive lag og fleire medlemer. Særleg treng me fleire yngre, aktive og leiande medlemer. Difor må verving, kursing og leiartrening stå høgt i kurs. Der er òg trong for meir differensierte arbeidsformer i høve til regionale, lokale og individuelle interesser og føresetnader.


2 NYNORSK OPPVEKST

Hovudmål 2005-2008:
· Synleggjere og styrkje nynorsk på alle nivå, frå barnehage og opp til universitet, og auke talet på nynorskbrukarar.
· Vinne minst ein bokmålskrins og forsvare alle nynorskkrinsar.
· Take vare på nynorskelevane sine rettar slik at dei held på språket sitt og utviklar nynorsk målkjensle.
· Forsvare sidemålet og verke til å betre sidemålsopplæringa.
· Fornye og betre norskopplæringa på alle nivå frå barnehage og opp til universitet. Særleg aktuelt er å betre utdanninga og etterutdanninga av lærarar.
· Spreie og innføre IKT på nynorsk
· Fremje nynorsk som andrespråk og framandspråk


2.1. Skulepolitikk
Det har den seinare tida skjedd omfattande endringar på det skulepolitiske området i Noreg. Såleis har der kome ny overordna læreplan, nye fagplanar, nye vurderingsmåtar, nye organisasjonsformer og nytt direktorat for skulesaker. Noregs Mållag må heile tida vere oppdatert, slik at organisasjonen på ein offensiv måte kan take del i prosessane kring skulepolitikken. Det er viktig å ha nær kontakt med fagmiljø og politisk miljø, og å kunne bruke ulike påverknadsmåtar. Også i kommunane vil det vere viktig å arbeide med skulepolitikk.

Noregs Mållag meiner at skulepolitikken må hengje saman med den ålmenne kulturpolitikken. Såleis vil det vere tenleg å leggja Utdanningsdepartementet og Kulturdepartementet, og å kople måla i skulepolitikken til måla i Kulturmeldinga.


2.2. Barnekultur
Den språklege einsrettinga innanfor barnekulturen skal motarbeidast.
Dei språkkulturelle ambisjonane i barnehagane må styrkjast, særleg når det gjeld nynorsk ordtilfang og førebuing til skriveopplæring. Alle barn skal i barnehagen oppleve verdien av språkleg mangfald gjennom dialektar, nynorsk og minoritetsspråk i Noreg.
Det er eit mål å utvikle ei trygg nynorsk målkjensle og å styrkje den lokale kulturidentiteten hos barn. Derfor må det bli stilt krav til fagleg bakgrunn der språk er ein viktig del av kompetansen til dei som arbeider i barnehagane. I nynorskkommunane må ein arbeide for å få språkplanar for barnehagane.

I barnekulturarbeid elles skal Noregs Mållag styrkje arbeidet for at barna skal få møte nynorsk språkkultur i kvardagen og arbeide for at nynorske barnebøker når fram til aktuelle lesarar.

Sentralt må det leggjast opp til utdanning av instruktørar til kurs etter «Pirion-modellen» slik at det blir halde kurs.


2.3 Nynorsk som skulemål i grunnskulen
Dersom me skal oppnå ei stabilisering av nynorskprosenten på 2004-nivå, må det skje ein reell auke i talet på nynorskelevar. Noregs Mållag må difor arbeide for fleire nynorskklassar, særleg i dei største byane og i tidlegare nynorskkrinsar. Vidare vert det viktig å hindre at skular med nynorsk går heilt over til bokmål gjennom røysting eller delvis ved at det blir skipa bokmålsklassar. Me må dessutan vinne attende nynorskkrinsar som har gått tapt, arbeide mot skulenedleggingar som trugar nynorsken, og arbeide for nynorskklassar ved eventuelle skulesamanslåingar.

I ei offensiv satsing med haldningspåverknad har dei ulike ledda i organisasjonen kvar sine målgrupper. (Til dømes ein medviten og samkøyrd kampanje mellom sentrallekken og lokallaga retta mot barnehagar, skular, byråkrati og politiske miljø vil vere ei god merkesak for Noregs Mållag.) Det må vere eit mål å påverke lokalpolitikken til nynorsk språkkultur innanfor barnehage og skule. LNK er ein samarbeidspartnar gjennom Pirion og Magasinett.

Noregs Mållag skal ha oppdatert kunnskap om språkfordeling og kullstorleik i utsette område. Alle fylkeslag skal utvikle skulemålsplanar for sine fylke.

2.3.1 Nynorskområda og randsonene
Jamvel i dei sterkaste nynorskområda møter elevane mykje bokmål utanfor skulen og meir og meir bokmål i skulen. Dette bokmålspresset gjer ein del elevar språkleg utrygge og er avgjerande både for at elevar seinare byter til bokmål, at bokmålklassar blir etablerte og at nynorsk blir røysta ut av krinsen. For å førebyggje dette må elevane gjerast meir språkleg sjølvtrygge og sjølvmedvitne ved at dei språklege nettverka rundt elevane blir styrkte, og ved at nynorsken blir gjort til ein positiv del av identiteten deira. Lærarane må gjerast meir medvitne om den viktige rolla dei har.

Der det er eller kan kome bokmålsklassar i nynorskkrinsar bør ein freiste å overtyde foreldra om dei språklege og kulturelle verdiane ved nynorsken.

Dersom det kjem krav om røysting i nynorskkrinsar, skal dette ha høgste prioritet på alle nivå i samskipnaden. Krinsar som har gått over til bokmål dei siste 30 åra, bør kartleggjast systematisk med tanke på å få minst ein krins til å gå attende til nynorsk i perioden og byggje opp ein offensiv for å take attende fleire krinsar i den neste tiårsperioden. Noregs Mållag skal arbeide for å setje val av skulemål inn i ein breiare kulturpolitisk samanheng lokalt og med det styrkje interessa for spørsmålet mellom andre enn foreldregruppa.

Arbeidet med skulemålsrøystingar må knytast til det ålmenne arbeidet for å utvide statusen og bruksområdet for nynorsk, t.d. i media og som offentleg tenestemål.

Noregs Mållag vil forsvare den ålmenne røysteretten i skulemålsval.

2.3.2 Bokmålsområde og byar
Nynorskklassar i dei største byane synleggjer at nynorsk er eit språk for alle.

Noregs Mållag vil arbeide for at kommunane respekterer retten kvar elev har til å høyre til ei språkklasse eller språkgruppe. Kommunane må informere om parallellklasseretten og leggje betre til rette for at foreldre kan velje målform for ungane sine.

Parallellklassearbeidet må samordnast og styrkjast. Det vil vere viktig å knyte nettverk og grupper av foreldre som driv slikt arbeid tettare til mållaget, og å arbeide for at lokallaga i større grad blir drivande i arbeidet utan sentral innsats. Det er eit mål å få nynorskklassar i minst fem av dei største byane. Det må leggjast vekt på å spreie den store sentrale og lokale kompetansen på feltet til fleire lokallag og foreldregrupper.

Det er viktig å få fram at ungdomsskuleelevane skal oppleve at skulen er tospråkleg.

Noregs Mållag ser Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som ein viktig reiskap i arbeidet for å gje praktiske impulsar i nynorskopplæringa, bygd på forsking. Eit middel blir då å syte for god langsiktig finansiering.


2.4 Målbyte
Noregs Mållag vil arbeide for at nynorskelevane held på språket sitt. Opp mot ein tredel av alle nynorskelevar byter til bokmål før dei er ferdige med den vidaregåande skulen, og me veit ikkje kor mange som byter i ungdomsskulen.

Målbytet kjem av at nynorsken er i mindretal og at nynorskelevane møter eit språkpress frå bokmålsveldet. Målbytet har både praktiske årsaker som læremiddelmangel og manglande undervisningstilbod, men òg årsaker som gjeld identitet og kulturell tilhøyrsle. Det viser seg at negative haldningar til nynorsk blant bokmålselevar smittar over til nynorskelevane, og gjev dei negativ sjølvkjensle.

Noregs Mållag vil arbeide for å sikre nynorskelevar eit fullgodt undervisningstilbod på sitt eige språk. Alle læremiddel må liggje føre på nynorsk til same tid og pris som på bokmål. I tillegg vil me arbeide for at det vert gjeve undervisning på nynorsk på ungdoms- og vidaregåande skular der det ikkje er reine nynorskklassar. Noregs Mållag må òg utvikle kunnskap og strategiar for å møte utfordringane knytte til målval som identitetsval.

Noregs Mållag vil samarbeide med Norsk Målungdom om å informere elevane om språklege rettar og verdien av å halde på nynorsk som hovudmål. Dette arbeidet må primært rettast mot 7. klassingar, 10. klassingar og 1. klassingar i den vidaregåande skulen.


2.5 Sidemål
Noregs Mållag skal forsvare sidemålet og verke til å betre sidemålsopplæringa.

Bakgrunnen for den snart hundre år gamle ordninga med obligatorisk skriftleg sidemålsopplæring er at kunnskapen i nynorsk og bokmål skal vere ålmenn. Ein slik ålmennkunnskap dannar grunnlaget for språkleg jamstelling og for statusen til nynorsk som nasjonalmål. Ei svekking av statusen til sidemålet vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken. Noregs Mållag ser såleis på motstand mot sidemålet som einstydande med motstand mot nynorsk. Noregs Mållag vil difor forsvare og styrkje sidemålet i grunnskulen og i den vidaregåande skulen. Det er kulturelt og praktisk naudsynt at alle nordmenn lærer seg både bokmål og nynorsk, og det er ein rett å få god opplæring i båe språka. Noregs Mållag vil leggje vekt på sidemålsopplæringa som grunnlag for språkleg og kulturelt mangfald i landet.

Sidemålsstriden og dei lovstridige forsøka med sidemålsfritak i Oslo viser at den språkpolitiske semja om obligatorisk sidemålsopplæring er under press.

Sidemålsvedtaket i Stortinget i juni i 2004 stadfestar likevel at det skal vere obligatorisk sidemålsopplæring og eigne karakterar i hovudmål og sidemål. Innføringa av nasjonale prøver i skriving og lesing i sidemål bør føre til ei utviding av området for sidemålsopplæringa. Det bør vere leseprøve i både nynorsk og bokmål på 4. og 7. årssteget. I tillegg så bør det vere prøve i både lesing og skriving i både hovudmål og sidemål på 10. og 11. årssteget.

For at sidemålsopplæringa skal verte reell, må ungdomsskulane i praksis framstå som tospråklege, mellom anna med administrative skriv og undervisning på båe målformer.

Dissens / framlegg om tillegg frå 1 person i styret:
Likeins må innføringa av språkkløyvde lærebøker i visse fag sjåast på som ei styrking av sidemålsopplæringa.

Noregs Mållag vil stø arbeidet for spennande sidemålsforsøk og at sidemålsopplæringa tek til tidlegare.

Noregs Mållag vil arbeide for at fritaksforsøket i Oslo vert lagt daudt, og at alle parti programfestar ja til sidemål.


2.6 Læremiddel
Stoda for læremiddel på nynorsk meir uviss enn på lenge. Dei store endringane på læremiddelfeltet gjer det naudsynt for Noregs Mållag å forme ut ein ny læremiddelpolitikk som kan sikre nynorskelevar fullgod tilgang på alle typar læremiddel i framtida. Dette skal byggje på prinsippet om at læremidla skal kome til same tid og pris på nynorsk og bokmål, samstundes som Noregs Mållag skal vurdere om bruken av språkkløyvde utgåver/versjonar bør utvidast på det elektroniske området.

Forhandlingane om ny bokbransjeavtale ser ut til å avvikle fast pris på lærebøker. Ein føresetnad for den nye bransjeavtalen må vere at lærebøker på bokmål og nynorsk framleis skal liggje føre til same pris.

Dissens / framlegg om tillegg frå 1 person i styret:
Mange bokmålselevar har negative haldningar til nynorsk. Desse haldningane smittar over på nynorskelevar, og er med på å gje dei dårleg språkleg sjølvstillit. For å skape betre språkhaldningar, må nynorsken gjerast meir synleg og ”normal”, òg for bokmålselevane. Eitt viktig tiltak for å få det til, er fellesspråklege (språkkløyvde) lærebøker i 1/3 av faga i den vidaregåande skulen. Desse lærebøkene skal ha lik fordeling av nynorsk og bokmål.

Det finst framleis ikkje noko statleg oversyn over kva læremiddel som finst i nynorskutgåve og ikkje. Dette må på plass dersom det skal vere mogleg å sikre at det finst parallellutgåver av alle læremiddel.

Det må verte ein fast post på statsbudsjettet som viser løyvingane til parallellutgåver av læremiddel.

I juni 2004 vart unnataket i opplæringslova for krav om parallellutgåve av administrativ programvare oppheva. Dette var ein viktig siger for nynorsken og målrørsla. No gjeld det at den nynorske programvara vert teken i bruk.


2.7 Lærarutdanning
Ei god lærarutdanning er avgjerande for at nynorskelevar skal få god hovudmålsopplæring og bokmålselevane god sidemålsopplæring.

Lærarutdanninga har ein stor del av ansvaret for at det i dag er for dårleg kunnskap om og motivasjon for nynorsken og den norske språkstoda. Det vert utdanna lærarar med mangelfull kunnskap i nynorsk.

Lese- og skriveopplæringa i lærarutdanninga må såleis utviklast med tanke på nynorsken. Der må stillast sterkare krav til språkkunnskapen, mellom anna når det gjeld grammatikk, språkhistorie, norrønt, talemål og sosiolingvistikk.

Noregs Mållag vil arbeide for at norskfaget på sikt får eit reelt omfang på 60 studiepoeng for lærarutdanninga og 30 studiepoeng for førskulelærarstudentane. I fyrste omgang vil det vere naudsynt med eit omfang på 30 studiepoeng for alle lærarar i grunnskulen.


2.8 Andrespråksopplæring
Noregs Mållag vil arbeide for å fremje bruken av nynorsk i andrespråksopplæringa. Noregs Mållag vil spreie informasjon om dei læremidla som alt finst (Nynorsk+) og arbeide for at det blir utvikla fleire læremiddel. Nynorskkommunane og andrespråksmiljøa vil vera prioriterte målgrupper for utbreiing og utvikling av læremiddel.



3 NYNORSK KVARDAG

I denne arbeidsperioden skal nynorsken inn i kvardagen til folk. Difor skal det leggjast vekt på arbeidet for å fremje nynorsk som bruksmål i offentleg verksemd, media, informasjonsteknologi og næringsliv.


3.1 Offentleg målbruk og regionalisering
Hovudmål 2005-2008:
· Gjere styrkinga av nynorsken spesielt og norsk språk allment til ei meir sentral rikspolitisk oppgåve
· Fremje språkleg jamstelling gjennom å sjå til at mållova vert praktisert
· Utnytte regionaliseringstendensar til å fremje nynorsken
· Få minst ein ny kommune til å gå over til nynorsk styringsmål

Noregs Mållag meiner det trengst ein meir aktiv politikk frå det offentlege og særleg staten for å styrkje nynorsken på alle område av samfunnet. Kulturmeldinga gjev positive føringar, og desse må fylgjast opp i praktisk politikk.

Mållova må handhevast strengare, og det må knytast sanksjonar til lova.

Noregs Mållag må passe på at omorganiseringa av offentleg sektor ikkje får effektar som er i strid med intensjonane i mållova. Noregs Mållag må òg utvikle meir langsiktige strategiar for å takle dei språkpolitiske konsekvensane av den allmenne delprivatiseringa og dereguleringa av offentleg verksemd.

Noregs Mållag må fremje nynorsken i samband med kommunesamanslåingar, interkommunale samarbeidsorgan og nye regionale organisasjonsformer. Noregs Mållag skal ha ein politikk for å takle regionaliseringa av samfunnet.

Noregs Mållag skal setje i verk tiltak for å få synleggjort nynorsken på offentlege stader. Statlege bygg i Oslo må få skilt på nynorsk og bokmål, det same gjeld flyplassar og andre
ferdselsårer. Likeins må det kome skilt med både «Noreg» og «Norge» ved grenseovergangane.

Det nye språkpolitiske organet som skal avløyse Norsk språkråd må utviklast til å bli ein viktig reiskap for å styrkje nynorsken og norsk mål allment. Organet bør ha ein offensiv språkpolitisk profil, og orientere seg breitt mot samfunnet til dømes mot skule, næringsliv, språkteknologi, minoritetsspråk og normering. Noregs Mållag må få ei form for medverknad.

Noregs Mållag skal take initiativ til eit samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar for at minst ein kommune til krev nynorsk i skriv frå staten og/eller byter tenestemål til nynorsk, at ingen kommune skiftar frå nynorsk, at minst fem kommunar og ein fylkeskommune vedtek handlingsplanar for språk og at minst fem kommunar vedtek målbruksplanar.

Noregs Mållag vil òg følgje opp språkstatistikken frå departementa, statlege føretak, Fylkesmannen og Kommunenes Sentralforbund.


3.2 Media
Hovudmål 2005-2008:
· Opning for nynorsk på redaksjonell plass i dei største riksavisene og avskaffa bokmålsmonopolet NTB

Dei største riksavisene har framleis meir og mindre forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Debatten om yrkesforbodet har vore oppe fleire gonger i seinare tid. Noregs Mållag skal difor intensivere arbeidet for at nynorsk skal bli brukt på redaksjonell plass i dei viktigaste riks- og regionsavisene.

Ei rad lokalaviser og nokre få regionaviser i nynorskområda utgjer i dag grunnstammen i den nynorske pressa og i nynorsk skriftkultur i det heile. For nynorskbrukarar i nynorskområda er det avgjerande at lokalavisene har rammevilkår som gjer det mogleg å halde oppe utgjevingsfrekvensen og utvikle avisene vidare. Lokalavisene er eit særleg viktig medium for at nynorskelevar skal sjå att det språket dei lærer i skulen. Noregs Mållag vil difor arbeide for auka pressestøtte til lokalavisene.

Det er viktig for det nynorske pressemiljøet at Dag og Tid og Nynorsk Pressekontor får levelege vilkår.

Det er langt att til NRK når krava om 25 % nynorsk. Noregs Mållag vil arbeide for at NRK oppfyller den språkpolitiske målsetjinga i alle kanalar, at det blir produsert fleire barneprogram med dialekttale og nynorsk tale og at distriktskontora blir styrkte. Det må knytast like strenge språkpolitiske vilkår til konsesjonane til private radio- og fjernsynskanalar som til NRK. Minst 40 % av dei statlege inntektene frå konsesjonsavgifta må gå til programproduksjon på nynorsk eller dialekt.

Staten må take ansvaret for at breibandsteknologien blir bygd ut til alle norske husstandar slik at digitale radio- og fjernsynskanalar når fram til alle. Alle må få tilgang på NRK2.

Noregs Mållag vil halde kontakt med Nynorsk mediesenter. Mediesenteret bør på sikt verte ei sjølvstendig stifting.


3.3 Informasjonsteknologi
Hovudmål 2005-2008:
· Breie ut nynorsk programvare
· Sikre nynorsk innhald på Internett

Noregs Mållag vil arbeide for å gjere kjent og få teke i bruk den programvara som er tilgjengeleg på nynorsk.

Nynorskbrukarar har rett til å sjå vegskilta på den elektroniske landevegen på sitt eige språk. Det er difor viktig at ny programvare kjem på nynorsk, og at det vert utvikla språkteknologi som stave- og grammatikkontrollar for nynorsk. Dette sikrar me ved å halde oppe det politiske presset for nynorsk programvare, og ved at det finst ein nynorskmarknad som stiller krav.

Noregs Mållag skal òg arbeide for å sikre at digitale læremiddel kjem på nynorsk.

For å få meir nynorsk innhald på Internett trengst det eit allment nynorsk nettleksikon. Her arbeider Noregs Mållag i lag med Nynorsk forum

Noregs Mållag skal arbeide for at all offentleg informasjon skal vere elektronisk tilgjengeleg på nynorsk.

Kommersielle aktørar som har nynorskkundar eller har sete i nynorskområde bør oppmodast til å bruke nynorsk på nettet.


3.4 Næringslivet
Hovudmål 2005-2008:
· Med utgangspunkt i nynorskområda få minst éi ny landsfemnande verksemd til å marknadsføre seg på nynorsk
· Få bank- og forsikringskonserna og energiselskap til å tilby nynorsk til kundane sine
· Med utgangspunkt i nynorskområda få minst ein landsfemnande organisasjon til å marknadsføre seg på nynorsk

Sjølv om verksemder i nynorskområde (til dømes Lerum-konsernet, Olden vatn og Super Spar) i aukande grad har teke i bruk nynorsk, dominerer framleis bokmålet i mange lokale verksemder. Særleg gjeld det i dei landsfemnande reklamekampanjane.

Handelsnæringa og bank- og forsikringsnæringa driv ei marknadsføring som når fram til svært mange. Noregs Mållag ynskjer at nynorsken blir ein sjølvsagd del av forretnings- og marknadsstrategien og det indre livet i verksemdene.

Noregs Mållag har som mål at ei landsfemnande verksemd, og helst eit stort konsern innanfor daglegvarehandelen, innfører ein språkpolitikk som slår fast at nasjonale og regionale marknadsføringskampanjar skal gjennomførast på nynorsk i nynorskområda.

I bank- og forsikringsnæringa ynskjer Noregs Mållag at konserna skal etablere ein tospråkleg politikk som gjer det mogleg for kundane å velje individuelt mellom bokmål og nynorsk, og at marknadsføringa skjer på nynorsk i nynorskområda. Det same gjeld for seljarar av energi (kraftlag). Noregs Mållag har som mål at minst eitt større bank- og/eller forsikringskonsern og eitt kraftlag innfører ein tospråkleg politikk.

Reiselivsnæringa formidlar lokalt og regionalt særpreg. Marknadsføringa av reisemål i lokalsamfunn og regionar der nynorsken har tradisjon, bør skje på nynorsk i den norske og skandinaviske marknaden. Me har som mål at nynorsk skal bli det dominerande målet i publikasjonar og annan ekstern språkbruk frå minst eitt regionalt reiselivsråd i løpet av perioden, og at det skal finnast minst ei tung reiselivsverksemd i området til kvart reiselivsråd i nynorskområda som profilerer seg på nynorsk.

Noregs Mållag skal i perioden byggje opp kompetanse, kontaktnett og strukturar som kan sikre at arbeidet for meir nynorsk i næringslivet blir ført vidare som eit permanent arbeidsfelt. Noregs Mållag vil samarbeide med kommersielle og ikkje-kommersielle tiltak som arbeider for meir bruk av nynorsk og dialekt og eit auka språkleg medvit i næringslivet. Direkte språkhjelp, opplæring og motivasjon av tilsette og annan assistanse bør i størst mogleg grad ytast av andre enn Noregs Mållag.



4 NYNORSK HIMMEL

Hovudmål 2005-2008:
· 100-årsjubileet skal vere ei kraftfull markering av nynorsken, markere Noregs Mållag og vitalisere og engasjere organisasjonen
· Gjennom internasjonalt program føre det internasjonale perspektivet inn i målarbeidet
· Sikre stabilitet i nynorsknorma med læreboknormalen
· Påverke danninga av eit nytt normeringsorgan slik at det får språkpolitisk og kulturpolitisk representasjon


4.1 100-årsjubileet i 2006
100-årsjubileet for Noregs Mållag i 2006 er den viktigaste markeringa av nynorsken og målrørsla mellom Garborg-året i 2001 og dobbeltjubileet for Ivar Aasen og Det Norske Teatret i 2013. Eit slikt jubileum er eit godt utgangspunkt for å lage ei omfattande markering av nynorsken og målstriden. Jubileet må innehalde både fagleg seriøse element og fest og feiring. Det viktigaste vil likevel vere å sjå jubileet som lekk i ein vidare organisasjonsstrategi der det vert sett kraft på målpolitiske oppgåver Noregs Mållag ser på som viktige. Mållaget vil òg arbeide for å få til samarbeid med nærskylde tiltak i målrørsla om ymse jubileumstiltak. På lokalt og regionalt plan må det vere eit mål at lokal- og fylkeslag markerer jubileet på ein kraftfull måte. Det er sett ned ei jubileumsnemnd sentralt for å leie og samordne arbeidet med jubileet. Det er viktig at jubileet får ein felles profil.


4.2 Internasjonalt arbeid
I eit internasjonalt perspektiv er den norske tospråksstoda ikkje uvanleg. Noregs Mållag ser såleis på internasjonalt arbeid og internasjonale perspektiv som viktig for å styrkje målarbeidet i Noreg, for få meir kunnskap og auka forståing om språkstoda, både i Noreg og andre land, og for å vise internasjonal solidaritet.

Noregs Mållag legg sitt internasjonale program til grunn for arbeidet med internasjonale spørsmål. Programmet gir analysar og konkretiserer arbeidstiltak.

Noregs Mållag skal ha eit internasjonalt utval.

Noregs Mållag treng meir kunnskap om kva konsekvensar internasjonale rammevilkår i form av frihandelsavtalar, EU og andre internasjonale institusjonar har for stoda for nynorsk spesielt og einskildspråk generelt. Noregs Mållag skal arbeide for å få språk- og kulturperspektiv betre fram i ordskiftet om globalisering og EU-medlemskap.


4.3 Normering
Noregs Mållag har som utgangspunkt at nynorsken skal normerast på sjølvstendig grunnlag og ser ingen grunnar til å gjere vesentlege endringar av nynorsknorma. Såleis blir det viktigaste målet stabilitet og at ordninga med læreboknormal held fram. Noregs Mållag ser positivt på eit oppryddingsarbeid både i læreboknormalen og i sideformene. Rettskrivinga må likevel framleis ha rom for ein viss valfridom mellom former som kjennest viktige for mange.

Noregs Mållag meiner det framleis skal drivast offentleg språkrøkt og språknormering. Normeringsarbeidet i det nye språkorganet som skal overta etter Norsk språkråd, må ha form for språkpolitisk og kulturpolitisk representasjon, i tillegg til dei faglege interessene. Noregs Mållag må vera representert.

Noregs Mållag ser på stadnamn som verneverdige kulturminne. Difor skal Noregs Mållag arbeide for at stadnamnnormeringa skal byggje på den nedervde lokale uttalen, som siste lekken i ein ubroten historisk samanheng.

Dialektane er eitt dei viktigaste uttrykka for lokal, regional og nasjonal identitet. Difor representerer presset mot dialektane og svekkinga av dialektmangfaldet eit trugsmål mot viktige kulturelle og demokratiske verdiar. Særleg utfordrande er svekkinga av dialektane i dalstroka på Austlandet der bokmålsnære talemålsvariantar spreier seg. Det er her tale om eit språkpress som trugar målføra som har utvikla seg i ubroten line frå norrønt.

Noregs Mållag ser på dialektarbeidet som viktig kulturpolitisk forsvar for lokalsamfunn og regionalsamfunn, likeins er dialektarbeidet viktig i strevet for allmenn deltaking i det offentlege ordskiftet. Noregs Mållag vil arbeide for å samordne og vidareutvikle det lokale og regionale dialektarbeidet til lokallag og fylkeslag.

Noregs Mållag ser bruken av nynorsk standardtalemål i radio og fjernsyn som ein styrke for nynorsken. Særleg viktig er det å få styrkt nynorsk standardtale med nordnorsk, austnorsk og trøndsk underlag, for å bryte ned myten om at nynorsken er eit vestlandsspråk.

Noregs Mållag bør arbeide for å få fagfolk til å utvikle nynorske fagomgrep.



5 NYNORSK ORGANISERING

Hovudmål 2005-2008:
· Styrkje rekrutteringa av aktive lagsfolk, særleg i aldersgruppa 25 – 44 år
· Auke talet på aktive lokallag
· Utvikle samhandlinga og arbeidsdelinga mellom alle ledda i organisasjonen.
· Utvikle gode kommunikasjonsstrategiar andsynes ulike målgrupper, saker og føremål
· Avklare og vidareutvikle samskipnadsstrukturen ut frå ordskiftet om innstillinga frå regionaliseringsutvalet.
· Styrkja den ideologiske og praktiske skuleringa.


5.1 Sentralt
Noregs Mållag må føre vidare og utvikle satsinga på organisasjonsbygging. Målet er å styrkje heile organisasjonen både i medlemstal og i aktivitetar. Det må rekrutterast fleire aktive lagsfolk, særleg i aldersgruppa 25 – 44 år.

Noregs Mållag vil arbeide for å samle organisasjonen til fleire kampanjar og fellesaksjonar gjennom arbeidsåret. Gjennom samordna utetterretta aksjonar syner me best att som ein landsfemnande og sterk samskipnad, og me kan drage vekslar på aktiviteten hjå kvarandre for å få fram saker lokalt.

Ut frå røynslene med organisasjonssatsinga vil Noregs Mållag vurdere alternative organisasjonsstrukturar for å styrkje kontakten med fylkeslaga og lokallaga.

Noregs Mållag stiller kvart år inntil 200 000 kroner til rådvelde til styrking av organisasjonen. Midlane skal i hovudsak brukast til lønsmidlar og andre prosjekt i eit samarbeid mellom sentrallekken og dei ulike fylkeslaga.

Funksjonen til landsrådet i Noregs Mållag vert vurdert i samband med at organisasjonen handsamar tilrådinga frå regionaliseringsutvalet.

Noregs Mållag skal kvart år skipe eit nasjonalt seminar som tek opp målpolitiske spørsmål. Seminaret skal primært vere lagt til rette for tillitsvalde og aktivistar i lokallag og fylkeslag.


5.2 Fylkeslag og lokallag
Lokallaga er reisverket i Noregs Mållag og utgjer den viktigaste ressursen i organisasjonen. Noregs Mållag vil styrkje rekrutteringa og lokallagsstyra gjennom betre leiartrening og skulering. Lokallaga er ofte kjenneteikna av eit godt og viktig kulturarbeid. Samstundes må lokallaga setjast i stand til å arbeide meir direkte med målpolitiske utspel.

Styremedlemer og tilsette i Noregs Mållag bør til saman vitje alle fylkeslag og minst 50 lokallag kvart arbeidsår. I tillegg skal lokal- og fylkeslag styrkjast ved å rekruttere fleire tillitsvalde i aldersgruppa 25-44 år. Fylkeslaga blir oppmoda om å lage eigne målsetjingar og kampanjar for å få til dette, og Noregs Mållag sentralt kan skaffe lister over medlemer i den aktuelle aldersgruppa. Arbeidet med å leggje til rette for at aldersgruppa skal finne seg til rette i organisasjonen blir prioritert i alle organisasjonsledd.

Fylkeslaga får ansvaret for ein vervekampanje kvart år.

Mange fylkeslag har store problem med å fylle rolla si som ein fungerande mellomlekk mellom lokallag og sentralleiing, og med å vera drivande i målarbeidet i området sitt. Årsakene ligg både i ytre faktorar, med framvekst av nye regionale einingar, og i indre utviklingstrekk, mellom anna mangelen på obligatoriske oppgåver og for dårlege økonomiske ressursar. Regionaliseringsutvalet kjem med framlegg til alternative måtar å organisere det regionale nivået i organisasjonen på. Noregs Mållag vil i den fyrste delen av arbeidsprogramperioden gjennomføre dei tiltaka som organisasjonen meiner skal til for å styrkje det regionale nivået.

Noregs Mållag sentralt skal samarbeide med fylkeslaga om regionale kurs og seminar, og her skal samlingar som femner om fleire fylkeslag prioriterast. Kursa og seminara skal ha som mål å fremje leiartrening, målpolitisk skulering og organisasjonskunnskap.


5.3 Yrkesmållag
Det er viktig for Noregs Mållag å få auka kompetansen og rekrutteringa på fleire samfunnsområde. Det trengst organisatoriske strategiar for å nå nye medlemer i mellom anna sjukehusføretaka, universiteta og høgskulane. I arbeidsperioden skal Noregs Mållag satse meir systematisk på yrkesmållag og arbeidsplass-mållag, både ved å støtte opp om nyetableringar og ved å støtte dei eksisterande tiltaka. Noregs Mållag må òg markere seg positivt i høve til ulike nynorsknettverk, t.d. nynorsk forskarnettverk. Satsinga på yrkesmållag må sjåast i samanheng med slutthandsaming av innstillinga frå Regionaliseringsutvalet.


5.4 Målpolitisk utviklingsarbeid.
Noregs Mållag skal styrkja den ideologiske og praktiske skuleringa. Noregs Mållag skal i perioden ruste opp studiearbeidet gjennom å utvikle minst eitt nytt studieopplegg for året innan aktuelle målpolitiske arbeidsområde, informere betre om dei studieopplegga som alt er utvikla sentralt, i fylkeslaga og i lokallaga, og arbeide for å auke studieaktiviteten og innrapporteringa mellom anna gjennom å lage betre rettleiingar for studieleiarane. Det er òg viktig at laga ut frå eigne føresetnader arbeider ut kurs- og studiemateriell til lokalt bruk.

Noregs Mållag er med i studieorganisasjonen Folkekulturforbundet.

I nært samarbeid med fylkeslaga blir det lagt til rette for studiearbeid i organisasjonsarbeid og ideologi.

Lagshandboka er eit nyttig hjelpemiddel for lokallaga. Sentrallekken skal jamleg oppdatere lagshandboka slik at ho er brukande i dagsaktuelle aksjonar og anna utoverretta arbeid.

Skrivarstova skal i samarbeid med eit nyoppretta arkivutval lage retningsliner for arkivarbeidet i laga.


5.5 Informasjons- og mediearbeid
Noregs Mållag må vere synleg som ein framtidsretta, meiningsberande stridsorganisasjon. Samskipnaden og politikken må gjerast meir synleg for vanlege folk, styresmakter, skuleverket, andre offentlege institusjonar, næringsliv og organisasjonar.

Det skal liggje føre ein informasjons- og medieplan. Det må takast omsyn til ulike målgrupper, saker og føremål.

Skrivarstova og dei sentrale tillitsvalde må straumlineforme eit opplegg med å overvake media og for å kommentere/reagere på ulike utspel og debattar. I utgangspunktet er dei regionale avisene og distriktskontora til NRK ansvar og utfordring for fylkeslaga. Skrivarstova, styret og fylkeslaga bør likevel arbeide saman med saker for dei regionale aktørane. Dei lokale mållaga har eit heilt nettverk av lokalaviser og lokalradioar som må utnyttast betre.

Norsk Tidend skal førast vidare som medlemsblad og gje medlemene, nynorskfolk, dei politiske miljøa, medspelarar og motspelarar til Noregs Mållag og vanlege tingarar dei viktigaste nyhenda om målsaka. Norsk Tidend skal spegle og samle Noregs Mållag, samstundes som avisa skal utfordre og overraske medlemer og tillitsvalde i samskipnaden. Norsk Tidend skal kome ut fem gonger i året.

Talet på utgjevingar av Nytt om nynorsk bør liggje på seks til åtte i året.

På vevsidene skal ein kunne få oppdatert informasjon om Noregs Mållag. Målgruppene er både interne medlemer og eksterne informasjonssøkjarar. I høve til andre nynorsksider skal vevsidene til Noregs Mållag vere best på målpolitikk, til dømes gjennom informasjon om Noregs Mållag, målsak, målsoge, statistikk, internasjonal målstrid og sidemål. Det er eit mål å få sidene meir dynamiske i høve til oppdateringar, biletbruk og arkivløysingar.

Noregs Mållag sine heimesider skal ha ein struktur som gjev rom for lokallaga til å leggje ut eigne saker og nyhende under paraplyen www.nm.no.

Mållagslista vil fungere som diskusjons- og informasjonsforum for medlemene i Noregs Mållag. Dei tillitsvalde må bli meir engasjerte i lista. Noregs Mållag bør i samarbeid med andre nynorskføretak sjå om det er råd å byggje opp eit digitalt målsaksbibliotek på veven. Noregs Mållag skal halde mediekurs/journalistkurs.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no