Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Siger for Mållaget

 (17.12.2004)

17.12.2004. I striden om Sandnes kommune har rett til å slå saman nynorskklasser med bokmålsklasser har Sandnes mållag no vunne ein førebels siger. Sandnes mållag har fått fullt medhald i Høgsteretts kjæremålsutval i spørsmålet om mållaget har rettsleg interesse i å gå til søksmål om spørsmålet om rett til eiga gruppe. Det er ei avgjerd som er prinsipiell og viktig for Mållaget, andre interesseorganisasjonar og politiske rørsler.

Sandnes Mållag reiste tidlegare i år sak mot Sandnes Kommune for brot på opplæringslova. Bakgrunnen var at fleire skular i Sandnes ynskte å blanda nynorsk- og bokmålsklassar («grupper») i lese- og skrivefag. Nynorskelevar på Ganddal, Bogafjell, Hommersåk og Lura skular må ha sams undervisning med bokmålselevar i fag der elevane lærer å lesa og skriva – så vel foreldra til elevane som Sandnes Mållag arbeider mot kommunen.
Sandnes Tingrett vedtok i ein dom i sumar at «klasseblandingssaka» laut avvisast av di Sandnes Mållag ikkje hadde rettsleg interesse i å reisa saka. Retten hevda at mållaget ikkje har beinveges interesse av di saka gjeld dei som vert beinveges råka (elevane og foreldra). Sandnes Mållag anka saka til lagsmannsretten – og vann! Deretter anka Sandnes kommune saka til høgsterett – og tapte. Kjæremålet frå Sandnes kommune er forkasta, og Høgstretts kjæremålsutval har funne det «enstemmig klart» at det kommunen førte som argumentasjon mot lovtolkinga til Gulating lagmannsrett ikkje kan føra fram. Med dette er det slått fast at kjæremålsutvalet meiner lovtolkinga til lagmannsretten er rett: Mållaget har rett til å reisa sak.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no