Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv 2016 2015 2014 2013 2012 2011 2010 2009 2008 2007 2006 2005 2004 2003 2002 2001 2000 1999 Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Flott med dialektar i TV2

 (16.12.2004)

Pressemelding frå Noregs Mållag. 16.12.04. – Riksmålsforbundet viser forakt for dialektar, seier leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, etter at viseformann i Riksmålsforbundet, Tor Guttu, har gått ut mot dialektbruken i TV2.

Til VG (16.12.) seier Guttu at TV2 "skjemmes av for mange reportere og programledere som snakker dialekt”.

– Eit gufs frå fortida, meiner Endre Brunstad. På 1950- og 1960-talet kalla riksmålsfolket dialektar for ”sinkenes babbel” og nynorsk for ”fjøslatin”. Frå underbruket Norsk lytterforening kom der ”sinne” og ”frustrasjon” over nynorsk i NRK.

– Gamlekarane i Riksmålsforbundet har tydelegvis ikkje fått med seg at det i løpet av dei siste tiåra har kome større toleranse for ulikskapar i samfunnet. Det er i dag fåe menneske som viser forakt for dialektar. Til all lukke viser TV2 ei framtidsretta og moderne haldning når kanalen avviser Guttus påstandar, og vil la folk få snakke dialekt.

- Det er på sin plass å gratulere TV2 for å sleppe dialektane fram. Det viser at dei tek sjåarane og medarbeidarane sine på alvor, seier Endre Brunstad.

For meir informasjon, kontakt leiar i Noregs Mållag, Endre Brunstad, telefon 926 60 175.

Bilete: http://www.nm.no//filer/ACFA0D%2Ejpg


EB
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no